Skikkelser frå den kritiske tenkinga idag.
Le monde, 16. mars 2011
Kva vil det seie å «tenkje til venstre», når ein finn at eit konservativt og neoliberalt drag er leiande for det allmenne lynnet? Dette utfordrande spørsmålet har gruppa rundt La Revue des livres et des idées (RiLi) ville svare på, med ei samling av tekstar, prenta av forlaget Amsterdam, eit av dei intellektuelle seta for kritisk tenking. Dei fleste innslaga er omgjorde utgåver av tekstar som fyrst kom ut i RiLi (som no har stansa verksemda si). Arbeidet er, ifølgje innleiinga, meint å gje «eit slags, i det minste delvis, dekkjande augeblinksbilete» av «samansetninga av aktivistar, analytikarar og teoretikarar som forsøker seg på å ruste opp att kritikken frå venstre».
Å streke opp omrissa av ei tenking «til venstre for venstre» synst å vere ei hard utbyding, all den tid denne tenkinga er fleirstemmig, oppbrote, eklektisk og nærast ugripeleg. Ved å gje til lesarens bruk ei «verktøykasse», for å seie det med eit uttrykk som var ynda av filosofen Michel Foucault, byd Penser à gauche («Tenkje til venstre») seg heilt enkelt å skildre denne stjernetåka, utan å fastsetje korkje ytterkantane eller kunstige samhald. Brot og stridar vert ikkje berre venta, men fordra. Til dømes lastar den italienske filosofen Anselm Jappe oss, i ei omlesing av den tradisjonelle marxismen, for at vi har forsømd Marx’ kritikk av arbeid generelt, og ikkje berre arbeid innafor ramma av den kapitalistiske utarminga.
Gjennom dei 43 tekstane, som ofte er teoretiske, men òg merkt av med særs levande innslag, vert der gjeve ein rik palett av emne, som kjenneteiknar ordstridane som heftar ved denne sida av det politiske livet: økologi, omsorgsfilosofi, postkolonialisme, feminisme, osb.
I samklang med samtida
Gjennom bidraga veks der fram eit ynskje om å forkaste dei populistiske strøymingane til venstresida. Mylderet av vegar som vert lagt fram, kan tidvis forvirre den uherda lesaren. Men dette mylderet gjev uttrykk for omhuga og smaken for teoretisk drøfting som elles følgjer med denne sida av det offentlege livet.
Dei namna som dukkar opp gjev eit glimrande inntrykk av kva for samansetning og «kritiske» referansar som gjeld i dag: Christian Laval, Giorgio Agamben, Antonio Negri, Luc Boltanski, Slavoj Žižek. Etter mønster frå New York Review of Books tar kvart essay utgangspunkt i attgjevinga av ei bok (som ofte enno ventar omsetjing).
Dei spørsmåla som vert stilte, er i samklang med samtida og tidvis brennande. Korleis kan ein ikkje spørje seg om tida etter olja, slik filosofen Charlotte Nordmann gjer, og tenkje over måten den noverande prisaukinga atter set spørjeteikn ved livsføringa vår. Korleis kan ein ikkje, med Giorgio Agamben, stille spørsmål ved den vanlege framgangsmåten til den rådande tryggleikspolitikken, når ein veit kva som i dag finn stad i høve rom-folket? Korleis kan ein ikkje merkje seg relevansen av ein diskurs kring frigjeringa, no som vi er vitne til omveltingar i heile den arabiske verda?
Tenkje til venstre lovar inkje «strålande morgondag» og programfestar heller ikkje noko. Ho gjer leseleg ei livskraftig, mangslungen og trassig tenking, som vil å skape ei «verd der liva til ein og alle atter skal verte levandes og attråverdige». Eit intellektuelt våpenlager, altso. Til å setjast på prøve.
Omsett frå fransk av Magnus Bøe Michelsen
Penser à gauche: Figures de la pensée critique aujourd’hui
Editions Amsterdam, 2011