Dei fleste som har vakse opp i Norge i løpet av dei siste par – tre generasjonane, har eit forhold til boka Uten en tråd (1966) av Jens Bjørneboe, eller i alle fall til tittelen og til rettssaka året etter, der boka blei forboden og forfattaren og forlaget dømde. Forbodet mot boka blei aldri formelt oppheva. Boka blei i praksis ikkje lovleg trykt og seld i Norge igjen før Pax Forlag våga seg frampå og gav ut ei ny utgåve i 1988. Romanen står der, taus og smal, gjerne inneklemd mellom dei andre titlane av Jens Bjørneboe, og vi kan slå fast at i staden for å verne norske lesarar mot boka sørgde dommen for å gjere henne til ein sjølvsagt del av inventaret i norske heimar, enten dei no var såkalla møblerte eller ikkje – iallfall så lenge bokhyller var ein sjølvsagt del av inventaret. Slik er det jo ikkje lenger, men enn så lenge må ein rekne Jens Bjørneboes bokstavleg talt stovereine pornografi som ein del av det kollektive medvitet, ein del det ikkje blir snakka mykje om, men han er der.
Om eg skulle ha snakka med nokon om denne boka – men det hender jo så klart aldri, for skal ein først snakke om bøker, er det gjerne heilt andre titlar ein vil skryte av å ha lese – ville eg ha begynt med å nemne at eg las boka i 18-årsalderen fordi eg skulle skrive særoppgåve om henne på vidaregåande, og at eg hadde valt meg temaet «Forbodne bøker» fordi eg ville skrive om Ulysses av James Joyce. Men sidan faget var norsk, var ikkje Joyce eit gangbart tema, så han blei bytt ut med Bjørneboes forteljing om 19 år gamle Lilians ville jakt på orgasmar og seksuell erfaring, lånt frå bokhylla i den meir eller mindre møblerte barndomsheimen til ei av jentene i klassa, sidan boka av uklare årsaker ikkje var å finne i det elles relativt velutstyrte skulebiblioteket ved Volda vidaregåande skule. Dei to andre bøkene eg skulle ta for meg, var Mannfolk (1886) av Arne Garborg og – så klart – Lasso rundt fru Luna (1954) av Agnar Mykle.
Denne 60-talsutopien om den frie seksualiteten verkar i dag temmeleg livsfjern.
I ein samtale eg nyleg hadde om litteratur – men sjølvsagt ikkje om Uten en tråd – blei det med angst i blikket vist til ei spørjeundersøking som fortel at ein av tre tenåringar ikkje las ei einaste bok i fjor. Fortel meg noko nytt, svarte eg, som tenåring kan eg ikkje hugse at eg nokon gong hadde møtt ein annan tenåring som hadde lese ei einaste bok frivillig. Eit videoopptak frå ein gløymd klassetur frå denne tida sveiper over muntre, skrålande tenåringar på ein buss på veg frå Volda til Utlandet, men i brøkdelen av eit sekund, inst i halvmørket på eit halvtomt dobbeltsete, kan eg skimte mitt eige bleike ansikt fortapt bak eit eksemplar av Finnegans Wake (1939). Synet vekkjer ei banal omsut i meg, den same som dei vaksne rundt meg kunne vise eller utstråle: Legg frå deg boka litt, då, ver med på leiken, på allsongen.
Men nei, bøkene var fellesskapen eg søkte trøyst i, og det var eg vel heldigvis ikkje heilt åleine om, det berre kjendest slik på ytre søre Sunnmøre midt på 1990-talet. Og i litteraturen, der fanst jo alt, så kvifor dette temaet, «Forbodne bøker»? Eg innbiller meg at det ikkje var eit påskot for å lese vågale tekstar, eg kunne jo pent ha lese bøkene i smug, slik som andre folk, om det var det som var om å gjere. Nei, eg hadde lyst til å vise at litteraturen var like stor som livet, ja, større. Og litteraturen var farleg, så farleg at rettsstaten måtte slå ned på han. Men bøkene vann likevel, i det lange løpet, dei var, når alt kom til alt, mektigare enn lovene.

Det var ikkje det minste pinleg å få den forbodne boka overlevert frå ei litt knisande klassevenninne, og det var ikkje det minste pinleg å sitje i klasserommet med Uten en tråd tronande på pulten. Nei, eg trur ikkje klassevenninna kniste, eigentleg, og eg kniste iallfall ikkje, eg har aldri knist i mitt liv, eg var bleik, eg var alvorleg, eg var ein sakkyndig utforskar av litteraturens avkrokar. Slik eg framleis er. Men kva skreiv eg om Uten en tråd? Sant å seie anar eg ikkje. Kan eg ha klart å skrive noko som helst? Leseopplevinga hugsar eg. Ja, som ein eksperimentell medisinar som uredd testar effekten av medikament på sin eigen kropp, testa eg litteraturens effekt på meg sjølv. Sjølvsagt i einerom, under kontrollerte forhold. Verknaden uteblei ikkje. Eg var ikkje framand for erotiske og pornografiske tekstar, ingenting var meg framand (det er alltid best å overdrive litt), men monomanien i teksten, ein endelaus straum av seksuelle opplevingar, alt med eit sprøtt skjær av glede og positivitet, saman med den reint kroppslege innlevinga i den kvinnelege hovudpersonen, gjorde eit mektig inntrykk.
At Bjørneboes bok var smal i sitt emne og mangla gjenkjennelege markørar for litterære kvalitetar, psykologisk djupn, breidde og andre typar innleving og innsikt enn den reint kroppslege, var underordna. Sjokket eg var ute etter – i mitt liv som krypande, ålande bokorm i eit vestlandsk landskap av hybelsofaer, skogsstiar, bibliotek, lesesalar, fjelltoppar og ferjesalongar – side for side hos Joyce, eller i dei første setningane i Kafkas tekstar, fekk eg òg av Bjørneboe, men på eit anna, lågare, kroppslegare plan som litteraturen elles lefla lite med. Eit plan som var særleg lærerikt for unge, uferdige menneske som meg, tenkte eg, anten dei gjorde som meg og studerte bruksanvisningane nøye før dei sette i gang med det store byggesettet som eg tenkte meg livet skulle vere, eller om dei kasta seg hovudstups ut i det utan å møte den same hærskaren av gode, velvillige hjelparar som hovudpersonen i denne boka. Noko slikt tenkte eg, muligens, men å seie det, skrive det? Utenkjeleg. Idet eg oppdagar at mi gløymde og for lengst tapte særoppgåve no er like gammal som Uten en tråd var då eg skreiv henne, bortimot 30 år, er det på tide med ei nylesing av Bjørneboes tekst. Den er trass alt ein del av inventaret, i ein møblert heim eg – som representant for ein utdøyande art – har bygd med bokhyller. Leverte eg aldri tilbake det lånte eksemplaret? Jo, eksemplaret eg har ståande, er fullstendig ulese, eg må ein gong ha kjøpt boka og tenkt at når tida er moden, skal eg ein gong lese henne på nytt. Eg må ha tenkt på alderdommen, men no er tida likevel moden.
«… det [er] i siste instans domstolene som skal avgjøre en boks litterære verdi.»
Parallelt med mi eiga gjenlesing stiller eg eit statistisk utval på éin representant for det motsette kjønnet eit knippe kvalitative spørsmål for å finne ut om opplevinga av Uten en tråd liknar mi. På spørsmålet om utvalet har lese boka, er svaret ja. På spørsmålet om utvalet likte boka, er svaret ja, med ein liten latter og ei helsing frå utvalets 17-årige eg. Eg kan kjenne meg igjen i dette, om eg ikkje kniser, så hender det trass alt at eg ler. Eg fortel om prosjektet mitt, og at eg i grunnen tok fatt på nylesinga med ulyst, men noko motvillig måtte vedgå at boka framleis har ein viss pirrande effekt, trass i det litt flate, keitete språket – eller på grunn av det? Eg siterer responsen frå mitt statistiske utval:
Yes, but is it art?
Eg svarer. Eg har på desse nærare 30 åra lært mykje, og såkalla mansplaining er ein kunst eg utfører i søvne. Så eg svarer:
Tja, konseptkunst?
Og eg legg til:
Eller livskunst? Denne 60-talsutopien om den frie seksualiteten verkar i dag temmeleg livsfjern, og heller ikkje ubetinga innbydande eller forlokkande, men vi ber den kanskje med oss på eitt eller anna vis, og det er jo godt at nokon har prøvd å setje ord på det, heilt utan forsøk på å la menneskelege relasjonar kome i vegen. Når ein les norsk samtidslitteratur – eg er framleis ein sakkyndig utforskar av litteraturens ytterkanter og innersider, eg har blitt ein av dei vaksne, eg sit i komitear, eg sit i opptakskomiteen til Den norske Forfatterforening, eg er ansvarleg, eg tener pengar på rynkene i mi digre panne – så kan ein jo kome i skade for å tru at menneskelivet berre består av fastkøyrde relasjonar. Med den papirkvaliteten som no er gjengs, er det ikkje gitt at norske bøker kan lesast om hundre år, for ikkje å snakke om to hundre eller fem hundre. Men om dei kan det, og dersom ein framand sivilisasjon ein gong i framtida skulle prøve å finne ut korleis vi levde, så trur eg det ville bli vanskeleg å skjøne seg på oss ut frå samtidslitteraturen. Men ei bok som Uten en tråd gjer i det minste eit forsøk på å komplettere det sjølvportrettet av sivilisasjonen vår som litteraturen aspirerer til å vere.

Tilfeldige utdrag yter ikkje denne prosaen noka form for rettferd, men det er verdt å merke seg korleis Bjørneboe skriv. Han avstår frå å bruke gjeldande tabuord, og eufemismane han bruker – «stangen», «planten», «blomsten», «sprekken» – kan gi eit nærast pertentleg preg, men han unngår elles utstrekt metaforisering, det er nedpå og direkte:
Mellom tungen min og kjønnet mitt gikk det en stor strøm av noe som jeg ikke vet hva er: både vellyst og lykke og kåthet samtidig. Jeg vendte meg litt mere over på ryggen og åpnet bena helt for ham. Han fulgte etter, og la seg oppå meg, først med den varme og jernharde stangen sin på maven min, som han gned den mot en stund. Jeg vred meg helt over på ryggen og klemte ham nedover, så jeg fikk kjønnet hans mellom bena, helt oppe. Jeg tok rundt spissen på den, og masserte den litt før jeg satte den inntil åpningen i blomsten min.
Og så vidare, og vidare, og vidare, i alle slags opningar og konstellasjonar, stadig meir hemningsfritt, usvikeleg instruktivt og ikkje minst humørfylt. Svoltne går dei heller ikkje lenge: «Etter en stund rullet vi omkring på divanen til vi var ferdige. Så var det kaffe og rundstykker med egg og marmelade. Alle var sultne og muntre.» Det satiriske preget er ikkje til å ta feil av, og eg tok det heile slett ikkje for alvorleg i min støvete ungdoms vår, innbiller eg meg, nei, heller ikkje den heilt klart overskridande framferda til «orgasmespesialisten» dr. Peterson. Nivået på litteraturen den 19 år gamle jenta kjøper og fordøyer på danningsreisa si – Bjørnson, Strindberg, Fröding, Kierkegaard, Heine, Hölderlin, Novalis – kan eg dessverre muligens ha gått glipp av.
Monomanien i teksten, ein endelaus straum av seksuelle opplevingar, alt med eit sprøtt skjær av glede og positivitet, saman med den reint kroppslege innlevinga i den kvinnelege hovudpersonen, gjorde eit mektig inntrykk.
Boka eg ikkje las den gongen, var Saken om «Uten en tråd» (1967), skriven som eit referat av rettssaka i Oslo byrett 1. – 14. juni 1967. Seansen verka absurd for dei som var til stades, men ikkje mindre for dei som les referatet i dag. Bjørneboes opplesing av boka for retten – «myk og melodiøs» – framstår som ei av dei kunstframføringane frå etterkrigstida som eg mest gjerne skulle ha vore vitne til, men hadde eg vore der, hadde eg sikkert ikkje vore mindre beklemt enn dei andre i rommet, «20 – 30 menn med ubevegelige ansikter», får vi fortalt, i tillegg til forfattarens ektefelle Tone Bjørneboe. Eg gir ordet til referentane Bjørn Bjørnsen, Terje Hoel, Johan Ludwig Mowinckel:
Ikke så mye som en rykning i munnvikene avslører den maskuline forsamlingens oppfatninger om de detaljbeskrevne kjønnsdeler ‘stangen’ og ‘blomsten’ som er i flittig bruk gjennom bokens 160 sider. Honningsaften flyter, men retten sitter like tilknappet. Her dør de erotiske basillene i en juridisk dypfryser.
Og noko meir nøkternt beskrivande: «På side 35 løfter også en av domsmennene blikket fra boken og fikserer øynene på vindussprossene.»

Den påfølgjande førestillinga er ikkje mindre forrykt, med sine replikkvekslingar og vitnemål frå ulike sakkyndige, enten dei heiter polititenestemann Arthur Flittig, filosof Arne Næss, litterat Nic Stang eller – den einaste kvinna på podiet – litteraturkonsulent Edith Schuster.
«Politibetjent Arthur Flittig hadde ventet fra dagen før for å fortelle retten om sin pornojakt. Det var en hvithåret og distingvert herre som mildt, men bestemt la frem sine data uten engang å ha et notat å holde seg til,» heiter det ein stad.
Om sin eigen gjennomgang av Uten en tråd seier aktor: «Den foregikk raskt, men ikke så raskt at man kan si at her har man arbeidet så raskt at man ikke har sett grundig på den. Dessverre, dessverre. Jeg tilbrakte mange timer med Uten en tråd natt til søndag den 9. oktober.»
Ein dialog mellom aktor og Bjørneboe kan gå slik for seg:
– Ordet «pervers» er for lengst antikvert. I dag kaller man det med et adskillig mindre verdiladet ord avvikelse, sa Bjørneboe.
– Det er svært vanskelig å diskutere dette med Dem når De bruker ordene på Deres egen måte på siden av den vanlige, mente aktor.
Frå vitnemålet til Arne Næss:
Næss bekjente at det var første gang han hadde vært i nærmere berøring med en bok av denne art. […] Professoren sa at han ikke ville ha orket å lese hele om han ikke var blitt bedt om å vitne. Han var snart blitt likegyldig, dernest nysgjerrig på Bjørneboes og denne kvinnens videre påfunn. Så inntrådte en viss mettelse, hvoretter innholdet nærmest kunne virke barnslig, sa Næss og lot ane at han tross alt ville regne Uten en tråd til de mindre ekle i genren.
Og til slutt eit lausrive sitat frå referatet av aktors sluttprosedyre:
Det er ikke forfatterklanens meninger om dette som er avgjørende. Det er slått fast både i Miller- og Mykledommen at i vårt land er det i siste instans DOMSTOLENE SOM SKAL AVGJØRE EN BOKS LITTERÆRE VERDI.

At Bjørneboe kan vere ein problematisk figur, sett frå dagens perspektiv – no tenkjer eg kanskje først og fremst på historia om ei overgrepssak frå 1938, lesen opp mot ein scene i romanen Jonas (1955), som litteraturvitar Toril Moi gjer i essayet «Et stykke Norge» (Morgenbladet, 14.02.2020) – var naturlegvis utanfor synsfeltet for mitt gymnasiale blikk. Det dreier seg om noko som hende då Bjørneboe var nettopp 18 år, men i sitt ubehageleg gode essay viser Moi korleis den vaksne forfattaren er ute av stand til å handtere det som anna enn «en morsom historie», og han utelet avgjerande detaljar, slik dei kjem fram i Tore Rems biografi. Eg var kanskje dårleg til å sjå heilskapen då eg var 18, men no – som omreisande sakkyndig, like gammal som Bjørneboe var då han blei dømd i ein farse av ei rettssak – er eg heller ikkje i stand til å femne om heile spekteret av livet og litteraturens kompleksitet. Eg kan sakne forfattarar som tek risiko slik Bjørneboe gjorde. Og han skreiv tilsynelatande med ein stor tillit, ein tillit til at fridom forbetrar menneska. Men kva skal Bjørneboe med sin tillit til mennesket, om han ikkje er ein å ha tillit til? Er forfattaren ein hauk som preiker fridom til duene? Eller er vi alle berre duer?
Moralen i Uten en tråd kan ikkje ha gått meg hus forbi, der han stod konsist formulert i eit kort forord i utgåva eg las:
Det finnes ingen spesiell seksualmoral! Uansett hva du gjør med deg selv – om du ligger med piker eller gutter –, eller hva i all verden du kan finne på å gjøre med dem og med deg; så finnes det på det område ingen annen moral enn den som gjelder på alle områder av livet: redelighet, mot og alminnelig menneskelighet og hensynsfullhet. […] Det er den eneste seksualmoral som finnes; du skal ikke bruke kjønnet ditt til å få makt eller innflytelse over andre, du skal ikke skade dem, og du skal ikke gjøre dem unødig ondt.
Med andre ord var Bjørneboe heilt på linje med barnebokforfattaren Thorbjørn Egner, som i sin anarkistiske utopi Kardemomme by (1955) formulerer lova endå meir konsist, men dermed detaljfattig nok til å spare forfattaren for den typar reaksjonar som blei Bjørneboe til del: «Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og for øvrig kan man gjøre hva man vil.»

Dette er barnelærdom, som dei seier, men det inneber eit djupt positivt menneskesyn som eg innbilte meg at Bjørneboe må ha halde på, idet eg sat i kjellarhybelen og gjorde ferdig særoppgåva om «Forbodne bøker», før eg skulle ta fatt på ei ny særoppgåve, denne gongen i faget politisk idéhistorie, og den måtte, måtte naturlegvis handle om anarkismens historie.
Dei tre åra på vidaregåande skule blir uendeleg lange for alle dei som kjem frå yttergrensa for sivilisasjonen, flyttar heimanfrå når dei er 16 for å gå på skule, men er ute av stand til å sjå teikn til intelligent liv utanfor biblioteket og bokhyllene, ja, alle desse får mange timar til overs som dei kan bruke til å lese anarkistiske skrifter, Krapotkin, Bakunin, Proudhon. Og det som gjorde meg nysgjerrig, var: Kvar kom han frå, denne tilliten til mennesket, ein tillit Bjørneboe kanskje delte, men ikkje eg? Denne tilliten var forlokkande på alle nivå, og menneska hadde også ei stadig sterkare tiltrekkingskraft på meg, men dei var falske, uvitande og brukte tida si på rus og fjas. Kvifor ville eg likevel kaste meg inn blant dei, kle av meg og sjå dei kle av seg? Og kva var det eigentleg dei ville? Eg skjønte meg ikkje på dei, eg hadde enno ikkje funne boka som gav svaret, men Bjørneboe let seg i det minste rive med av denne kroppslege impulsen, utan å vere falsk og uvitande.
*
Epilog: Etter at denne teksten var sendt i trykk, tok eg ein påsketur på loftet hos foreldra mine og voila! Der fann eg den gamle særoppgåva mi om Uten en tråd. Her ligg ho, matt, gulna, handskriven, halvhjerta, og eg vil halde fast ved at ho likevel er tapt. Her blir det berre dokumentert at andre klasse på vidaregåande var eit år fylt av låge forventningar og stramme formkrav. Her blir det referert og oppsummert punktvis. I ei samanlikning av hovudpersonane til dei tre forbodne bøkene, kan vi lese at dei er «Sjølvopptekne: Lever på det estetiske planet». Lilian er «stereotyp: hedonist, men elles utan spesielle eigenskapar». Og til slutt, konklusjonen: «Modningsprosessen til personane avspeglar konflikta mellom dei moralske og dei ‘sosiale’ krava i samfunnet. Dei moralske krava taper.» Hovudpersonen Lilian «opplever fullkomen kjærleik og fullkomen sex. Tilbake i Noreg hengjer ho pessaret sitt på veggen og skriv ned opplevingane sine», med eit stadfestande «Bra» frå lektor Bjørdal i nedre marg.








