Foto: BjørnN / Wikimedia Commons

Bokbyen i fare Sogndal kommune på ville vegar

Bokbyen i Fjærland viser ein mogleg veg vidare for døyande lokalsamfunn, og det utan at det har kosta kommunen stort meir enn knappar og glansbilete. Om kommunen reduserer støtta slik dei har planar om, må bokbyen legge ned.

I straumen av nedslåande nytt frå norske kulturbudsjett, blir auga mine hengande ved namnet på noko avsides, avleggs og støvete greier som ein kommune meiner seg nøydd til å skjere ned på. Jaja, fortel meg noko nytt. Slikt har vi høyrt før og får høyre endå meir av framover. Dette er berre historia om endå ei innstilling som endå ein kommunal komité skal setje seg ned og ta stilling til. Gjesp. Alle skal under kniven og denne gongen er det Den norske bokbyen i Fjærland sin tur. På tide å barbere seg og få seg ein jobb.

Vent litt. Bokby? Eg kjem til det. Saka først, fordi eg trur ho kan vere representativ for dei stille tumultane uti det norske kommunelandskapet. Sogndal kommune er ein liten kommune på nordsida av Sognefjorden, litt mindre enn Færøyane i areal, men òg fire gonger mindre folketett. Her er det bratte fjellsider, isbre, fjord, vegar. Og skitrekk, sauer, ost, eplehagar, festivalar, klimaendringar, ras, vinmarker. Og ein bokby? Vent litt. Komiteen først.

I det kommunen kallar eit forsøk på å «bidra til meir føreseieleg økonomi» for kulturlivet, samlar dei kulturpengane i éin post for å inngå «faste avtalar om driftstilskot», som skal gjelde for tre år. Dei lyser ut midla og tek imot søknader frå heile breidda av kulturlivet, frå det prisverdige frivillige foreiningslivet, frå grendalag, idrettslag, ungdomslag, songlag, mannskor, velforeningar, men òg frå skisenter, jazzfestival og bokby. Kven skal dei prioritere? Innstillinga skriv det kommunale kulturrådet, sjølv om det formelt sett er kommunedirektøren som står som avsendar. Avgjerda tek eit utval av politikarar, det såkalla Utval for levekår – i dag, få timar etter at denne teksten blir publisert. Er vi heldige, tek politikarane i bruk sitt favorittverktøy, ei utsetjing av saka. Uansett utfall er det dei skapande verksemdene som er utsette.

I dette kulturrådet sit det representantar frå det frivillige kulturlivet i kommunen. Og kva innstiller dei? Alle får litt. Dei gjer jobben sin, den umoglege jobben sin, ingen grunn til å mistenke brot på habilitetsreglar sjølv om det er ein viss overlapp mellom tildelar og tildeling. Men dei har ikkje skilt mellom det frivillige og det profesjonelle kulturlivet. For Den norske bokbyen i Fjærland tyder innstillinga ein reduksjon i driftstilskotet på to tredelar. Det er lite pengar i Sogndal, lite pengar i kommune-Noreg, summane er så små at det knapt er verd å nemne. Men den heilt grunnleggande støtta kommunen til no har gitt bokbyen, har sett den mystiske bokbyen i stand til å hente inn mykje større støttesummar frå regionalt og nasjonalt hald. Dei har lyktest med noko smått absurd. Utan lokal støtte, kjem den andre støtta til å rase som eit korthus. På tide å barbere seg og – vent litt, folka i bokbyen har jo allereie ein jobb! Konsekvensen av politikken blir tap av arbeidsplassar, for å bruke politikarspråket. Men det som interesserer meg minst like mykje, er dei andre måtane vi blir fattigare på når kulturpolitikken blir redusert til almisser som nådig blir delt ut.

Foto: Sigrun & Ragnar / Flickr

Fjøs og naust fulle av gamle bøker

Ein bokby, seier du? Det var min reaksjon ein gong i verda, heilt uvitande om den lange fjorden som ser ut som ein sprekk som trugar med å dele det krakelerande Noregskartet i to.

Bokby? Inst i ein gløymd fjordarm, seier du? Fjøs og naust fulle av gamle bøker, seier du? Ei nedlagd ferjekai, gamle bygg redda frå nedfall, ein lysande grøn fjord, ei buktande handlegate full av skakke sjapper, og alle fulle av bøker, bøker, bøker? Dit måtte eg jo! Eg er sær nok til det, men ikkje så sær som eg trudde. Eg veit ikkje kor mange som i dag bur i Sogn på grunn av bokbyen, men eg kjenner fleire og er sjølv ein av dei. Det var ein sprø idé då han blei lagt fram, det var ein sprø idé då bokbyen opna for 29 år sidan og ikkje mindre sprø i dag. Likevel har det fungert, det har sett Fjærland på kartet, gitt stor lokal oppslutning, stor tilstrøyming, aktivitet og arbeidsplassar i det som i dag er det største antikvariatet i Noreg.

Bokbyen var eit påfunn. Ekteparet Kari og Claus Kvamme fann på ein by, og så lagde dei han. Dei fekk folk til å tru på denne byen av bøker. Og no finst han. Andre stader finn dei på hus, litteraturhus, kulturhus, men i Fjærland fann dei på ein by, og dei hadde plass til han. Dei laga eit nytt Fjærland oppå og inni det gamle, utan å ta noko vekk. Det redda eit lokalsamfunn, gav gamle bygg nytt liv, bygde opp eit kompetansemiljø det ikkje finst maken til – men om ikkje dei lokale politikarane òg hadde vore litt dristige, hadde det aldri blitt noko av.

Bokas alder er over, tenkte kanskje forfattarane av den motlause, snaubarberte innstillinga? På tide å stenge dei støvete dørene? Svaret er tvert om. Kanskje er det færre som les, kanskje har vi ikkje lenger plass til bøkene i stovene våre, men vi treng dei meir enn nokon gong. Vi kjem alltid til å trenge å gripe og halde fysisk fast i det som andre let etter seg.

Besøka mine til bokbyen det siste året har gitt meg eit inntrykk av ein fornya giv, med ei vitamini­nnsprøyting frå den aktive og kreative leiaren Heidi Bøhagen, som dei har vore så heldige å få på plass. I staden for å måtte sende henne på dør, må bokbyen få friske midlar til å auke aktiviteten sin. Ingenting gale med dei frivillige tiltaka som har fått auka støtte i staden, men Bokbyen er ikkje eit «kulturtiltak», det er eit fyrtårn, eit samfunns­eksperiment, ei livline mellom fantasi og framtid. Ei auka satsing på bokbyen nett no, vil gi stor utteljing på alle plan og bli lagt merke til på stader som elles aldri ville ha ofra dette landskapet ein tanke.

*

Addendum 29. januar 2025:

Du veit ikkje kva du har før du mistar det, heiter det. Men det kan òg gi litt innsikt å nesten miste noko. No har Utval for levekår i Sogndal kommune hatt møte og kome fram til at bokbyen er for verdifull til å gå tapt. I staden for å redusere støtta, aukar dei henne frå 140 000 til 150 000. Men applausen kan vi spare til etter siste akt, utvalet gjer det det ved å sprenge budsjettet sitt, og dermed må saka opp til nye vurderingar i formannskap og kommunestyre.


Vagant gjer merksam på at Øystein Vidnes er sambuar med Simone Stibbe, som er styremedlem i Stiftinga Den Norske Bokbyen.

Europa

Vagant er et skandinavisk tidsskrift for kritikk og essayistikk. Tidsskriftet har litteratur som utgangspunkt, tar for seg alle kunstarter og rommer også idédebatt og kulturjournalistikk.

Redaksjonen utgir fire numre i året, i tillegg til ukentlige oppdateringer av nettsiden. Første nummer utkom i 1988. Siden 2017 utgir redaksjonen tidsskriftet på egen hånd. Vi oppfordrer alle lesere til å tegne abonnement på papirutgaven.

Vagant redigeres etter Redaktørplakaten, og er medlem i Eurozine og Norsk tidsskriftforening.