For mykje eller for lite realisme? Russland, Vesten og Ukraina

Var forholdet mellom Vesten og Russland avgjerande då Russland gjekk til krig mot Ukraina? Tre aktuelle bøker undersøkjer spørsmålet.

Hans-Dietrich Genscher og Mikhail Gorbatsjov, her fotografert i 1994. Fotograf ukjend (CC BY-SA 4.0).
Eugene Fishel: The Moscow Factor: U.S. Policy toward Sovereign Ukraine and the Kremlin | Harvard Series in Ukrainian Studies, 2022
Alexander Vindman: The Folly of Realism: How the West Deceived Itself About Russia and Betrayed Ukraine | Hachette, 2025
Jonathan Haslam: Hubris: The Origins of Russia’s War Against Ukraine | Harvard University Press, 2024

«Bedrag»: Dette var ei sentral skulding i talane Vladimir Putin heldt i februar 2022, der han først anerkjende dei ukrainske fylka Donetsk og Luhansk som uavhengige statar (21. februar) og deretter annonserte den «militære spesialoperasjonen» (24. februar), altså fullskalainvasjonen av Ukraina. Særleg den siste talen handla om korleis Vesten over lang tid har «lurt oss, eller sagt på ein folkeleg måte: snytt oss». Putin var innom alt frå «Irak, Libya, Syria» til «Nato-utvidingar», og gjennomgåande var Russland hovudofferet. Alt saman vitna om ei kontinuerleg «likegyldig og nedlatande haldning til våre interesser og fullstendig legitime krav». Tida var no komen for å slå attende mot eit «anti-Russland […] fullstendig under utanlandsk kontroll» på ukrainsk territorium, som i Putins forteljing «eigentleg» er «våre historiske territorium».[1]

Putins krigsretorikk og påstandar om Vestens konspirasjonar og bedrag i februardagane 2022 var både radikale og sjokkerande, men har ein parallell i den noko mildare påstanden om at Vesten ikkje har «lytta til Russland», slik den russiske kommentatoren Fjodor Lukjanov formulerte det i eit intervju med Klassekampen i januar 2026.[2] Liknande synspunkt høyrer ein med jamne mellomrom også i Vesten. Stemmer dette? Spørsmålet er stort og utfordrande å måla, i alle fall viss ein vil bygga på noko meir enn anekdotiske bevis. Det har heilt sikkert blitt sagt uheldige, nedlatande ting om Russland av vestlege politikarar, og det har heilt sikkert vore situasjonar der «vi» kunne eller burde handla annleis. Men er dette dermed sanninga om korleis «vi» gjennomgåande har forhalde oss til det postsovjetiske Russland? Og dersom ja, er det dette som faktisk har ført til krigen?

Tre bøker som på ulike måtar tek opp slike spørsmål er Eugene Fishels The Moscow Factor: U.S. Policy toward Sovereign Ukraine and the Kremlin (2022), Alexander Vindmans The Folly of Realism: How the West Deceived Itself About Russia and Betrayed Ukraine (2025) og Jonathan Haslams Hubris: The Origins of Russias War Against Ukraine (2024). Alle bøkene er framstillingar av aust–vest-relasjonar etter den kalde krigen, med særleg vekt på USA som den sentrale vestlege aktøren, og alle har Russlands åtakskrig mot Ukraina som ramme.

Moskvafaktoren

The Moscow Factor bygger på doktor­avhandlinga Fishel forsvarte ved George Mason University året i førevegen.[3] Her gjennom­fører forfattaren, som over fleire tiår har arbeidd for den amerikanske utanriks­tenesta, ein omfattande, komparativ gjennomgang av dokumentasjon på korleis USA sidan det tidlege 1990-talet har forhalde seg til Russland og Ukraina. Han studerer fire situasjonar frå åra 1991, 1994, 2004 og 2014 som har involvert Russland (eventuelt Sovjet­unionen, det vil seia «Moskva»), Ukraina og Vesten/USA som eit triangel av aktørar.

Hovudfunnet til Fishel er at USA si haldning har vore gjennom­gåande russo­sentrisk og dermed asymmetrisk: «Moskva­faktoren» har vore, om ikkje nødvendigvis alltid einerådande, så dominerande. USA har prioritert å dyrka, eventuelt trygga forholdet til makta i Moskva framfor å utvikla og styrka forholdet til Ukraina. Dette byrja alt medan Sovjetunionen enno fanst. President George H. W. Bush uttrykte seg lenge avvisande til ideen om ukrainsk sjølvstende og støtta i det lengste prosjektet til Mikhail Gorbatsjov, som var ein reformert, demokratisk Sovjetunion. Bush tok ikkje over forgjengaren Ronald Reagan si oppfatning av Sovjetunionen som eit «fengsel for nasjonar», trass i at stadig fleire sovjet­republikkar sette fram krav om autonomi og etter kvart sjølvstende. Nære medarbeidarar av president Bush, som utanriks­minister James Baker og tryggings­rådgjevar Brent Scowcroft, var på tilsvarande vis oppteken av å bevara den eksisterande «sentralmakta» i Moskva.[4] Jamvel krava om sjølvstende frå baltiske republikkar – som var dei som var først ute med å erklæra seg sjølvstendige og som amerikanarane aldri anerkjende som sovjet­republikkar etter 1945 – venta amerikanarane i det lengste med å støtta, mellom anna av frykt for korleis dette kunne utfordra reform­prosjektet til Gorbatsjov. Det var Gorbatsjov som i det lengste var «USA sin mann» i Moskva, ikkje den russiske presidenten Boris Jeltsin. Først i desember 1991 erkjente den amerikanske leiinga at Sovjet­unionen var historie, og byrja å uttrykka seg annleis. Ukrainsk sjølvstende anerkjende dei 25. desember, altså først i det Gorbatsjov gjekk av og Sovjet­unionens formelle oppløysing var uunngåeleg.

Neste kapittel handlar om det jamt over gode forholdet mellom Bill Clinton og Boris Jeltsin, som i perioden 1993–1999 møttest heile 18 gonger. Den store saka mellom desse aktørane dei første åra var spørsmålet om eigarskapen til sovjetiske atomvåpen på ukrainsk territorium. Slike fanst rett nok òg i Belarus og Kasakhstan, men det var i Ukraina at det blei ei særleg stor sak. Slik USA såg det, skulle det berre finnast éi atommakt i det postsovjetiske rommet etter Sovjetunionens oppløysing, og det skulle vera Russland. Dei nemnde atomvåpena blei i 1994 avhenda til Russland, mot ei formell anerkjenning frå alle partar (Storbritannia var også med på forhandlingane) av Ukraina sine grenser og suverenitet. Dette er kjent som «Budapest-memorandumet».

Boris Jeltsin og BillClinton i 1999. Foto: David Scull / US Department of State.

Fishel meiner at Washington sytte for å gjera Ukraina fritt for atomvåpen utan å ta nok omsyn til Ukraina sine tryggleiksbehov og sikra desse for tidene som skulle koma. Dette er særleg påfallande i og med at ein alt i denne perioden (1993–1994) såg fleire uttrykk for russisk revansjisme: Den russiske opposisjonen mot Jeltsin, som på dette tidspunktet hadde stor oppslutnad, stilte mellom anna spørsmål ved grensedraginga mellom Russland og Ukraina, ikkje minst om Krymhalvøya. Parallelt involverte Russland seg militært i Moldova (Transnistria). Tankegangen frå amerikansk side var at det no var ekstra viktig å støtta Jeltsin og det nye, sårbare russiske demokratiet – trass i at Jeltsin hausten 1993 sende militære styrkar mot eit parlament som hadde barrikadert seg. Eitt av utfalla av denne konflikten var at Russland fekk ei styreform der presidenten er svært mektig. Den siste utanriksministeren til Bush, Lawrence Eagleburger, meldte til etterfølgaren Warren Christopher i 1993 at «if reform fails in Russia, it most assuredly will mean the failure of reform throughout the former Soviet empire».[5] Drygt ti år seinare stod det klart at denne spådommen var feil – i 2004 hadde Ukraina ei positiv demokratisk utvikling medan det russiske demokratiet var i regresjon.[6]

Ukrainsk demokrati og ikkje minst tryggleik var lenge ikkje eit prioritert felt for amerikansk utanrikspolitikk; i den grad Ukraina stod på agendaen, handla det om denuclearization. Å utvikla eit godt forhold til Russland var viktigare. På tampen av 1993 sa utanriksminister Christopher rett ut, under ein tale til Los Angeles World Affairs Council, at å bygga gode relasjonar med Russland var den utanrikspolitiske saka som hadde høgst prioritet – etter å fremja eigne interesser.[7] Parallelt tydde amerikanske toppolitikarar og rådgjevarar gjerne til russisk retorikk av typen «Russlands tusen år gamle historie» (noko som skreiv Kyiv inn i «russisk historie») eller «russiske borgarar utanfor Russland» som eit «problem».

Den tredje situasjonen Fishel analyserer, er den ukrainske oransjerevolusjonen i 2004. USA kritiserte at det hadde skjedd valfusk i presidentvalet, men var likevel påfallande reserverte i kritikken av russisk innblanding, for ikkje å snakka om dei spake reaksjonane på forgiftinga av den vestvende kandidaten Viktor Jusjtsjenko. Hovudforklaringa til Fishel er at amerikanarane var opptekne av å halda forholdet til Russland ved like, som dei framleis såg på som ein alliert i «krigen mot terror», samstundes som den amerikanske invasjonen av Irak året i førevegen hadde gjort forholdet meir spent. Etter som krigane i Afghanistan og Irak heldt fram, var det viktig for amerikanske leiarar å halda kanalane til Russland opne, og USA understreka gong etter gong at forholdet til Russland var «godt» og at utviklinga i Russland, også den demokratiske, var «positiv».[8]

Eit liknande mønster kunne vi observera i den fjerde situasjonen i boka til Fishel, nemleg tida frå 2014 og frametter. Ei viktig årsak her var Obama sin såkalla reset-politikk overfor Russland, som ønskte å bøta på at forholdet hadde blitt nokså spent i åra 2007–2008. Fishel hevdar at for Russland blei Obamas reset ei stadfesting av at hardliner-innstillinga dei hadde praktisert med å invadera Georgia i 2008 og den høglydte motstanden mot mogleg NATO-medlemsskap for Georgia og Ukraina (som Russland i praksis fekk forhindra), lønte seg.[9] Etter euromajdanrevolusjonen vinteren 2013–2014 følgde russisk okkupasjon av Krym og militær intervensjon i Donbas, men trass i kritikk av Russlands krenking av ukrainsk suverenitet på Krym og i Donbas, unnlét USA ut over dette å kritisera Russland direkte, dei unngjekk heilt direkte konfrontasjon, og dei avviste å gje våpenstøtte til Ukraina. Utover 2014 og 2015 kom det rett nok sterkare krav frå fleire hald i USA om å gå meir aktivt inn på ukrainsk side, men Obama heldt att, på same måten som han på dette tidspunktet heldt att i Syria, medan Russland gjekk inn med full innsats der og styrka stormaktssjølvbildet sitt ytterlegare.[10] Den amerikanske leiinga ønskte ingen vidare «eskalering» i Aust-Ukraina, samstundes som krigen var ein realitet.

Fishel viser også at den amerikanske leiinga (Obama, John Kerry) aksepterte ein del russiske premiss ved å ta i bruk uttrykk som «separatisme», «ustabilitet», «krise» og «kaos» om Ukraina der det ville vore meir dekkande å snakka om «russisk aggresjon» eller «invasjon».[11] Hovudforklaringa til Fishel er den same som for det ukrainske valet i 2004: USA ønskte å unngå å gjera forholdet til Kreml endå meir anstrengt idet ein kommande atomavtale med Iran hadde høg prioritet, parallelt med at utviklinga i Afghanistan og særleg Syria var viktige tema i forholdet mellom dei to maktene. USA venta i det lengste med å stadfesta ope at Russland stod bak krenking av ukrainsk suverenitet, samstundes som Obama og Kerry var opptekne av å rosa Russland for å vera konstruktive i dialogen med Iran og Syria. For USA var Iran og Syria viktigare enn Ukraina. Minskprosessen overlét amerikanarane til Tyskland og Frankrike.

Avgrensinga til fire situasjonar har opplagte fordelar, først og fremst at Fishel kan vera grundig. Han argumenterer overtydande for Moskva­faktorens dominans over ein lengre periode og gjennom periodar der forholdet har vore godt og mindre godt. Samstundes blir det punktnedslag, og det finst andre fasar eg gjerne skulle høyrt meir om. Korleis vurderer han Russlands etterkvart gjentekne påstand utover på 2000-talet om at Vesten dreiv med demokrati­promotering gjennom Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE) og favoriserte Russlands nabostatar (inkludert Ukraina) framfor Russland?[12] Vidare: Kva siktar Fishel eigentleg til med påstanden om at «this Moscow fixation played a significant role in […] the enlargement of NATO, as sought by Poland and a number of other countries in the space between NATO and Russia»?[13] I tillegg kunne Natomøtet i Bucuresti i 2008 godt vore ein femte situasjon i studien. Her stod ein handlingsplan for ukrainsk medlemsskap («Membership Action Plan», MAP) på dagsorden. Ukraina under Jusjtsjenko hadde søkt, ein søknad som den gongen i liten grad hadde støtte i det ukrainske folket. Administrasjonen i USA var positive til søknaden – i alle fall nokre av dei, som George W. Bush og Dick Cheney. Forsvarsminister Robert Gates og utanriks­minister Condoleezza Rice skal ha vore meir skeptiske, og representerte truleg «Moskva­faktoren» på amerikansk side akkurat her. Endå viktigare var det at Tyskland og Frankrike var redde for korleis Russland ville reagera om Nato gjekk vidare med ein MAP for Ukraina. Utfallet blei den vage formuleringa i slutt­erklæringa frå møtet om at Georgia og Ukraina i framtida «vil bli medlemmer av Nato» («will become members of NATO»), og i praksis blei spørsmålet om ukrainsk Nato­medlemsskap med dette lagt til sides. Snart tok Obama over, med sitt ønske om å betra forholdet til Russland. Samstundes stod den vage lovnaden til Ukraina og Georgia ved lag. Som statsvitar Paul D’Anieri kommenterer om kompromisset i Bucuresti: «a move intended as a concession to Russia may have deeply antagonized it.»[14]

Fishel fokuserer på USA, men som 2008-dømet viser, gjeld Moskva­faktorens dominans neppe mindre for vesteuropeiske statar som Tyskland og Frankrike. Heller ikkje i Noreg mangla det i 2014 og seinare stemmer som var opptekne av at vi måtte «forstå» Russlands agering overfor Ukraina, anten det handla om tryggleik eller identitet.[15] Den veldokumenterte studien til Fishel hjelper oss i det heile teke med å sjå kritisk på påstandar om at Russland ikkje har blitt lytta til, for ikkje å snakka om at Russland har blitt «audmjuka» eller at Vesten har brukt Ukraina som eit «anti-Russland». Heile spørsmålet om nye Nato-medlemmer i tida etter Berlin­murens fall og Sovjet­unionens oppløysing kan med fordel studerast ut frå Moskvafaktor­perspektivet, då Nato kombinerte invitasjon av nye medlemmer med ulike forsøk på å koma Russland i møte økonomisk så vel som institusjonelt (G7 blei til G8, landet fekk medlemsskap i Europarådet, Russland–Nato-rådet blei oppretta). Dette trass i at Moskva ved signeringa av Paris-charteret i 1990 hadde stadfesta at dei slutta seg til prinsippa frå Helsingfors­avtalen om at alle land står fritt til å velja alliansar. Vesten/Nato samarbeidde med ulike statar på ulike måtar, og det var ein strategi som blei improvisert fram, nettopp for å halda Russland «inne».[16]

Realismens dårskap

Russlands invasjon av Ukraina har, i tillegg til mykje anna, gjort (neo)realismen innan statsvitskapen både uvanleg kjent og uvanleg omdiskutert til ei teoretisk retning å vera, jamvel mellom ikkje-statsvitarar. Særleg John Mearsheimer har fått ein brei lesarskare; han er ein hyppig referanse i debatten om krigens årsaker og om i kva grad Vesten skal involvera seg. I 2014 skreiv han ein artikkel for Foreign Affairs med tittelen «Why the Ukraine crisis [som det lenge heitte, KJM] is the West’s fault». Svaret hans var kort fortalt at Vesten ikkje har forstått korleis stormakter som Russland reagerer viss dei opplever at dei mistar hegemoniet i nærområda sine. «This is Geopolitics 101: great powers are always sensitive to potential threats near their home territory.»[17]

I perioden fram til 24. februar 2022 avviste like fullt Mearsheimer at Russland ville gå til ytterlegare invasjon av Ukraina, då dette ville vore ei irrasjonell handling sjølv for ei stormakt som Russland. Når fullskalainvasjonen likevel følgde, blei dette ei stadfesting for neorealistane sjølve av at teorien er rett: Stormakter slepp ikkje andre stormakter for tett innpå seg; dette vil utløysa ein reaksjon, ikkje sjeldan ein militær reaksjon. Denne vinglinga har fått norske statsvitarar som Torbjørn Knutsen og Tore Wig til å argumentera for at realisme som teori har avgrensa verdi, eventuelt er ubrukeleg.[18] Andre, som filosofen Jon Hellesnes, har like fullt halde fast ved at neorealismen tilbyr eit edrueleg perspektiv på krigen der vi «i det minste slepp å høyre hyklar-pratet om ‘våre verdiar’».[19] Som om nokon har skrive ein tekst med ein meir verdiladd tittel og moralistisk innhald enn Mearsheimer sjølv. Og meiner (den tidlegare?) kantianaren Hellesnes at demokrati og menneskerettar er trivielle eller fiktive storleikar? Ein kan dessutan med stor forklaringskraft analysera krigen som ein konflikt mellom demokratisering og autokratisering.[20]  

Fishels bok er empirisk, og han bygger i liten grad resonnementa sine på eit teoretisk grunnlag. Han antyder likevel innleiingsvis at praktiserarar av Moskvafaktoren, det vil seia dei som har sett omsynet til Russland først, har gjort dette nettopp på eit «realistisk eller neorealistisk» grunnlag, altså ut frå ein tanke om (stor-)maktbalanse, og han konkluderer med at det er ein «pragmatisk realisme» som har lege til grunn for Moskvafaktoren.[21] I The Folly of Realism frå 2025 vidareutviklar Alexander Vindman, amerikansk statstenestemann fødd i Kyiv og veteran frå Irakkrigen, argumentet til Fishel.[22] Han fyller ut nokre av «hola» hos Fishel, som det gode forholdet mellom Putin og Bush tidleg på 2000-talet og kva som blei diskutert på Natomøtet i Bucuresti i 2008, og han knyter, slik tittelen på boka antyder, Moskvafaktorens dominans meir eksplisitt til eit realistisk verdsbilde, i teoretisk forstand. «Dårskapen» har vore at vestlege, særleg amerikanske, politikarar har vore for realistiske: Dei har altfor lenge sett forholdet til Russland i høgsetet, og i for stor grad ignorert Ukraina. Politikken overfor Ukraina har gjennomgåande vore «avleidd av» (derivative of) Russlandspolitikken. Ukraina har vore eit «objekt» for amerikansk utanrikspolitikk, ikkje eit «subjekt», skriv Vindman. Russland har derimot fått ein slik subjektsstatus; det er russiske leiarar Vesten framfor alt har snakka med.[23] Invasjonen av Ukraina er også ein konsekvens av dette, og såleis noko også Vesten, USA ikkje minst, ber eit visst ansvar for.

Vesten har ikkje berre behandla Russland som subjekt, men også som ei stormakt. Vestlege politikarar kjøpte lenge Russlands sjølvbilde vis-à-vis nærområda, altså overfor statar som blei sjølvstendige i 1991.[24] Dei klarte heller ikkje endra kurs då Ukraina og Russland for alvor skilde lag i 2004. Vindman forklarer det amerikanske tankesettet som følgjer: «The lingering mood of Russian exceptionalism – focusing on Russia’s sheer size, its nuclear arsenal, its military, its history, its Soviet legacy – meant that Ukraine policy was always derivative of Russia policy.»[25]

Eit illustrerande døme er Budapest-memorandumet, som Vindman får godt fram at nettopp var ei slik stormaktsanerkjenning. Sidan 2014 har denne avtalen blitt monaleg godt kjend – fordi Russland braut han. 20 år tidlegare anerkjende Russland ukrainsk suverenitet og Ukrainas grenser, medan Vesten ved Storbritannia og USA i praksis anerkjende Russland som stormakt ved å formalisera Russlands kontroll med (endå fleire) kjernefysiske våpen – eit objektivt kriterium på stormaktsstatus.

Også Vindman studerer vestlege reaksjonar på oransje­revolusjonen i 2004. Amerikanske styresmakter kritiserte valfusket, men var varsame med å kritisera direkte den russiske innblandinga i det ukrainske valet, sjølv om dei elles uttrykte støtte til Jusjtsjenko. Bush ønskte trass alt å halda ein god tone med Putin. Likevel blei oransje­revolusjonen den hendinga som for alvor innleidde ei sterk antivestleg haldning i Russlands maktapparat og i russiske medium, der konspirasjons­teoriar om «farge­revolusjonar» eller den «oransje faren» frå vest blei målt med breiare og breiare pensel. Vindman siterer Condoleezza Rice og andre amerikanske leiarar på at det var oransje­revolusjonen i 2004 som førte til at forholdet mellom Russland og Vesten skar seg, ikkje invasjonen av Irak året i førevegen.[26] Snart tok Russland i bruk både mjuk og hard makt overfor Ukraina, sistnemnde i form av stopp i gass­leveransar vinterstid, i det som går under namnet «gasskrigane». Parallelt byrja no Kreml for alvor å gjera handlingsrommet for det russiske sivilsamfunnet trongare.

Nokre månader etter at valet i Ukraina var endeleg avgjort, heldt Putin i april 2005 sin årlege tale til parlamentet, der han kom med det som truleg er den mest kjende utsegna hans – at Sovjet­unionens kollaps var ein «enorm geopolitisk katastrofe».[27] Vindman meiner at oransje­revolusjonen året i førevegen er ei viktig forklaring på at dette kom akkurat då. To år seinare heldt Putin det som i ettertid er kjent som «Münchentalen», der han kritiserte Vesten for å operera med «doble standardar»: Vi her i vest har kritisert andre for å gjera det vi sjølve driv med, nemleg å blanda oss inn i interne forhold i andre land.[28] Vindman gjev indirekte Putin rett i at Vesten har praktisert doble standardar, men av nærmast motsett grunn: Vi har «gardert oss» ved å gje Russland forrett vis-à-vis Ukraina.[29] Der USA i 2014 bad Ukraina avstå frå å forsvara Krym­halvøya militært, meiner Vindman ein burde ha lagt bort denne angsten for eskalering og heller innført langt sterkare sanksjonar og gjeve meir våpen som Ukraina kunne forsvart seg med.[30]

Som dette antyder, er Vindman noko mindre sober og akademisk i form og innhald enn Fishel. Her er mange referat frå sentrale politiske aktørar, inkludert eit langt sitat frå ei erklæring republikanaren John McCain kom med i 2008, som i opposisjon til sin eigen president gjekk inn for ei meir kompromiss­laus haldning overfor Russland. Tilsvarande er boka meir politisk i tydinga at forfattaren seier tydleg kva USA (særleg) burde gjort og ikkje gjort. Vindman meiner Vesten må forlata realismen og bli «neoidealistar»: Ikkje vera redde for å fremja bestemte verdiar, men tvert om gjera det – og setja makt bak. Ved å stadfesta Russlands sjølvbilde som stormakt har vi også unnlate å gje Russland insentiv til å bli del av den liberale inter­nasjonale verds­ordenen og legga bak seg den regionale aggresjonen.[31]

President Ronald Reagan tek imot Dick Cheney i juli 1983 for å diskutere Cheney sitt nylege besøk i Sovjetunionen. Foto: National Archives and Records Administration.

Ei einsam svale på toppen av amerikansk politikk, i alle fall i bøkene til Fishel og Vindman, var Dick Cheney, som i 1990 var tidleg ute med å meina at ein burde forsvara det ukrainske ønsket om sjølvstende og som nokre år seinare meinte at forholdet til Ukraina burde utviklast uavhengig av Moskva.[32] Men kollegaene hans var fiksert på Moskva og brydde seg tilsvarande lite om konfliktar i andre nye statar (Georgia, Moldova). Cheney var med andre ord ein av dei som ikkje representerte Moskva­faktoren, og han er faktisk eitt av Vindmans føredøme, i alle fall i si tidlege 1990-talstapning. At Cheney blir halden fram som eit positivt føredøme, vil nok få fleire lesarar verda over til å steila. Cheney blei ein sentral aktør i amerikansk utanrikspolitikk på 2000-talet og ein av arkitektane bak invasjonen av Irak. Irakkrigen karakteriserer Vindman, som tenestegjorde der og pådrog seg ein krigsskade, nokså kort som a mistake.[33] Han kunne med fordel diskutert dette meir inngåande og kritisk. Vindman ser Irakkrigen – «establishing democracy by military force» – som ei form for idealisme målboren av amerikanske neocons, ein idealisme som blei endå sterkare artikulert under Bush sin andre presidentperiode, der global demokrati­promotering blei eit tydeleg satsingsprosjekt.[34] Vindman meiner dette prosjektet var «berre» idealistisk, ikkje genuint neoidealistisk. For neoidealistar er våre verdiar våre interesser. Distinksjonen er ikkje heilt lett å få tak på. Sjølv om Vindman distanserer seg frå nykonservatismen under George W. Bush, kunne både neoidealismens moglege fallgruver og Dick Cheney si rolle med fordel vore drøfta meir kritisk. Sidan Folly of Realism kom ut, har Alexander Stubb, for tida president i Finland, slått eit slag for ein noko meir pragmatisk «verdibasert realisme», medan sovjet­historikaren Stephen Kotkin har hevda at overfor autoritære regime må ein lata tanken om regimeendring ligga. Mot autoritære styresett må demokrati heller demonstrera, gjennom eigen praksis og med solid sjølvtillit, kvifor sistnemnde er betre. På ein annan fløy står politikaren Daniel Cohn-Bendit og statsvitaren Claus Leggewie, som argumenterer for at regime­endring kan vera eit legitimt mål å kjempa for, kan henda også utanfrå.[35] Vindman går ikkje grundig nok inn i slike diskusjonar.

Vindman er best når han kritiserer måten Vesten har forhalde seg til Russland på: Vi «burde» ha handla annleis, i dette tilfellet forkasta realismen og behandla alle nasjonar på like fot og promotert bestemte verdiar tydlegare. Vi burde altså gjort meir av det Putin har kritisert Vesten for å halda på med, ikkje berre gjort det sånn halvvegs. Innvendinga er at ei anna haldning, «neoidealistisk» eller anna, til Russland på 1990-talet, fort kunne ha framskunda revansjismen som blei så utbreidd i Russland etter den ukrainske oransje­revolusjonen. Opposisjonen under Boris Jeltsin hadde trass alt ei «tilbakeføring» av Krym og Aust-Ukraina til Russland som ei av fanesakene sine, men Jeltsin stod imot, noko som blei ein av fleire faktorar i det etter måten gode aust–vest-forholdet. Parallelt stod like fullt russiske styrkar i andre post­sovjetiske område som Transnistria, Sør-Ossetia og Abkhasia. I tråd med både Fishel og Vindman kan ein hevda at vestlege leiarar sitt forhold til Russland var fullt av improvisasjonar, inkonsekvensar og manglar, og at angsten for å tråkka det nye, potensielt demokratiske Russland på tærne var eit tilbake­vendande trekk. Vi veit ikkje om andre strategiar hadde fungert betre, men i det full­skalainvasjonen av Ukraina er godt inne i det fjerde året, er det rimeleg å konkludera med at ting neppe kunne vore verre.

Ein konsekvens av analysen til Vindman blir at Vesten også får eit (del-)ansvar for krigen, men av heilt andre grunnar enn det neorealismen hevdar: Vi har brydd oss for lite. Vi «oppdaga» Ukraina for seint. Det var jo eit «grenseland», eit «nesten-Russland», berre endå meir «dysfunksjonelt» – trass i at Ukraina tidleg viste ei meir positiv demokratisk utvikling enn Russland. Også det brukte vi lang tid på å oppdaga. I staden har USA, og Vesten generelt, heilt sidan Sovjetunionens samanbrot behandla det nye Russland som ei stormakt, og slike haldningar har over tid støtta opp om den russiske oppfatninga av at nokre statar er meir suverene enn andre, at berre utvalde statar har ein «absolutt suverenitet», og at eigen suverenitet inkluderer ein suverenitet over naboland. Eller med Putins eigne ord i artikkelen «Om den historiske einskapen mellom russarar og ukrainarar» frå 2021: «Eg er overtydd om at Ukrainas sanne suverenitet berre er mogleg i partnarskap med Russland.»[36]

Hybris

Å gå frå Fishel og Vindman til Jonathan Haslam, amerikansk historikar med Sovjetunionen som spesialfelt, er å bli møtt av eit heilt anna verdsbilde. Kapittel to i boka til Haslam, «Russia elbowed out», opnar som følgjer (vi er no tidleg på 1990-talet): «However loudly Russia called attention to itself, it had long ceased to be of any great significance to the United States.»[37] Haslam er tydelegvis djupt usamd med Fishel, men utan å seia det direkte; snarare ignorerer han studien til Fishel, som kom ut tre år tidlegare, og som ikkje står på litteraturlista hans.

Målet til Haslam er å kasta lys over korleis «Putin’s war against Ukraine […] is also about us». Hovudforklaringa hans på krigen er Aust–Vest-relasjonen: «the tension that re-emerged between Russia and the West with the assertion of US global hegemony and the failure to design a post-Cold War security architecture in Europe»,[38] og då, for å halda seg til den utbreidde arkitekturmetaforikken i drøftinga av dette spørsmålet, at ein berre bygde på Nato-huset i austleg retning, nærare og nærare eit «paralysert» Russland. Paralysebildet stammar frå Putins tale 24. februar 2022, som Haslam lèt vera ei ramme for si bok, der Putin sa at Russland etter Sovjetunionens kollaps blei «fullstendig degradert og gløymt» fordi landet var «paralysert».

Haslam drøftar den amerikanske triumferande haldninga som George H.W. Bush ytra etter at Sovjet­unionen var borte, og som var noko paradoksal i og med at Bush i det lengste ønskte at Sovjetunionen skulle leva vidare. Baksida av denne medaljen (metaforikken passar greitt her) var at det nye Russland fekk ein audmjukande start. Dette trass i – eller på grunn av? – at landet både såg seg sjølv og fekk inter­nasjonal anerkjenning som Sovjet­unionens etterfølgarstat. Det oppstod uansett eit «humiliation narrative» på vegne av Russland som (eks-) stormakt, som Haslam like fullt er noko uklar i å knyta til aktørar: Er det Vesten som har audmjuka Russland? Har Russland audmjuka seg sjølv ved at landet i starten mislukkast med reformer som var tvingande nødvendige? Eller er «audmjuking» først og fremst ein påstand frå russisk side?[39] Audmjukings­narrativet blei særleg framsett av den «raud-brune» opposisjonen mot Jeltsin og av andre neoimperialistar. Jeltsin på si side var antisovjetisk, og han var berre glad den historia var over. Men han identifiserte seg med eit historisk Russland og såg sitt eige prosjekt som ei gjenoppretting av ein broten historisk kontinuitet. At Russland uansett fekk fleire aner­kjenningar som stormakt, legg Haslam lita vekt på, anten det no er at G7 blei til G8, at Russland fekk setet i tryggings­rådet, eller at det i 1997 blei oppretta eit Nato–Russlandsråd.

Haslam gjer absolutt rett i å trekka fram maktarrogansen ein kunne finna på vestleg, særleg amerikansk side etter 1991, noko han dokumenterer med sjølvkritiske sitat frå forsvarsministrane Robert Gates og William Perry og andre. Men framstillinga hans blir for einsidig. Til dømes blir Bill Clintons tillitsfulle forhold til Boris Jeltsin lagt til sides. Lesaren får dermed raskt mistanke om at forfattaren plukkar sitat som passar forteljinga hans. Andre, langt meir rikhaldige framstillingar av det same problemfeltet – eg tenker her særleg på bøkene til Mary Sarotte og William Hill[40] – viser at parallelt med triumferande haldningar og arroganse har Vesten (USA, Vest-Europa) samla sett ikkje teke lett på forholdet til det nye Russland. Og at desse spenningane på vestleg side kan vera grunnen til dei mange improvisasjonane som førte til avgjerder ein i dag kan vera kritisk til, men som har ulike forklaringar i ulike situasjonar. Kort sagt: Heller ikkje denne historia har vore nokon konspirasjon. Haslam er stundom faretrugande nær i å gli over i ein slik modus. «The Russians remained the only enemy in view», heiter det ein stad.[41] Men det viktigaste temaet for tryggingspolitikken i Vesten på 1990-talet var konfliktane og krigane på Balkan, ikkje Russland, sjølv om eit ustabilt Russland bidrog til å få sentraleuropeiske statar til å ønska seg inn i Nato. Mot slutten av tiåret tok Russland ein meir eksplisitt, pro-serbisk posisjon på Balkan, i opposisjon til den vestlege intervensjonen i 1999. Først då blei forholdet mellom Aust og Vest sett på alvorleg prøve.[42]

Hans-Dietrich Genscher og Mikhail Gorbatsjov, her fotografert i 1994. Fotograf ukjend (CC BY-SA 4.0).

Haslam har allereie blitt kritisert for kjeldebruken sin av andre meldarar, ikkje minst av Mary Sarotte (som heller ikkje står på litteraturlista hans). Haslam hevdar at den tyske utanriks­ministeren Hans-Dietrich Genscher 2. februar 1990 lova Mikhail Gorbatsjov at «NATO would not extend its territorial coverage to the area of the GDR [East Germany] nor anywhere else in Eastern Europe».[43] Datoen og sitatet er korrekt, men Genscher sa det i Washington, til James Baker, noko som òg hadde kome fram om Haslam hadde gjeve lesaren ein lengre del av sitatet.[44] Sitatet stammar altså frå ein intern vestleg diskusjon og var ikkje ein lovnad til den sovjetiske leiinga. Denne slurvete framstillinga er ekstra underleg i og med at det finst andre, liknande utsegner frå denne perioden som faktisk ville vore betre støtte for synet hans, utan at dei munnlege og til dels vage ytringane kvalifiserer som nokon bindande «lovnad» på vegne av Nato overfor Moskva.[45] To sider seinare omtalar Haslam «2+4-forhandlingane», altså forhandlingane om foreininga av dei «to» Tyskland ved dei «fire» sigersmaktene frå andre verdskrigen, og hevdar at Sovjetunionen der «was given to understand that there is no intention of NATO expanding to the East». Dette er eit sitat av noko Genscher etterpå minna Baker på, og igjen ikkje del av nokon avtale. Det Haslam ikkje nemner, er at den sovjetiske utanriks­ministeren Eduard Sjevardnadze under desse forhandlingane skreiv under på ein avtale som aksepterte at den austlege delen av Tyskland kunne disponerast av Nato-infrastruktur i fall til dømes Polen blei medlem.[46]

Haslam er glad i kategoriske og samstundes vage formuleringar. Litt for ofte går dette ut over truverdet til framstillinga hans. Der Sarotte skriv at Natos samarbeidsprogram Partnarskap for fred, som Jeltsin var særs positiv til, etter kort tid blei underminert i Aust-Europa både av dei som ivra for at Nato skulle ta opp nye medlemmer (ikkje minst Clinton) og av at Moskva blei meir aggressiv mot separatismen i Tsjetsjenia (der dei førde krig frå 1994), er Haslam meir påståeleg: «The PfP [Partnership for Peace, KJM] was now effectively brushed aside in favour of NATO enlargement.»[47] «Now» er ikkje spesifisert her, noko det burde vore i ei historie der det fortløpande skjedde mange små og gradvise endringar.

Vagt og uklart er også sitatet eg opna omtalen av Hubris med («However loudly …»). Haslam spesifiserer ikkje her når vi er i tid: Kapittelet i førevegen sluttar med Sovjetunionens oppløysing, medan kapittelet som no er i gang handlar særleg om Nato-utvidinga på 1990-talet. På dette tidspunktet var Russland eit nytt land. Formuleringa «it had long ceased» gjev ikkje meining. Og som Fishel viser, er påstanden om at Russland «had long ceased to be of any great significance to the United States» rett og slett feil.

Haslam underslår ikkje at aust­europeiske statar nokså snart ville inn i den vestlege militær­alliansen. At suverene statar sjølve fritt kan velja sine alliansar, er i tråd med Helsingfors­erklæringa frå 1975, Paris-charteret frå 1990 og den nye utanriks­politikken som Mikhail Gorbatsjov hadde formulert. Haslam under­kommuniserer likevel at Nato-medlemsskap snart blei svært ettertrakta i det nye Aust-Europa. USA/Vesten lytta til statane som ville inn, parallelt som dei oppretta Nato–Russlands­rådet og slepte Russland inn i G7 – og gav omfattande lån til ein stat som strevde økonomisk, inkludert med korrupsjon.

Haslam brukar mykje plass på Nato-operasjonar på Balkan, som mot slutten av 1990-talet forsura forholdet mellom Vesten og Russland – eigentleg meir enn Nato-medlemsskapane til Tsjekkia, Polen og Ungarn.[48] Med Putin, som tok over som president ved årsskiftet 1999–2000, byrja eit nytt kapittel. I starten såg forholdet straks mykje betre ut, men det blei verre att med den amerikanske invasjonen av Irak. Det avgjerande – også i Haslams framstilling – blei likevel oransjerevolusjonen i Ukraina, og fargerevolusjonar i Russlands nærområde meir generelt. Haslam brukar rett nok ikkje mykje plass 2004-revolusjonen i Ukraina, berre konstaterer kort at dette var ein reaksjon på valfusk og russisk innblanding (i konklusjonen på boka vinklar han det annleis, nemleg som amerikansk forsøk på regime change).[49] Euromajdan ti år seinare, derimot, er først og fremst framstilt som ein scene for vestlege aktørar, ikkje berre figurar som Victoria Nuland (USA) og Catherine Ashton (EU), men også vestlege demokratistøttande organisasjonar som Endowment for Democracy og Soros-stiftinga. Den ukrainske vinteren 2013–2014 handlar hos Haslam utelukkande om geopolitikk og stormaktskonflikt. Ukrainarane sine val hadde absolutt geopolitiske konsekvensar, men ukrainarane sjølve blir marginaliserte i framstillinga hans.

Sidan Haslam fleire stader viser forståing for det russiske perspektivet, til dømes ved å tona ned ukrainske aktørar til fordel for amerikanske og vesteuropeiske, skal det framhevast at han framstiller krigen i Donbas som ein russisk invasjon, som kom på toppen av den fordekte invasjonen av Krym. Interessant nok synest han å vera kritisk til Obama, som forsøkte å halda konflikten og krigen mellom Ukraina og Russland på avstand. Her er han faktisk på linje med Fishel og Vindman. Men kva den «rette» vestlege reaksjonen skulle ha vore ut frå Haslam si elles vest-kritiske framstilling, er ikkje godt å forstå.

Resten av Hubris handlar om Syria, Trump og tysk–russiske-relasjonar («Paying the Gas Bill»). Ukraina dukkar først opp att i konklusjonen. Haslam er på linje med Putin og Mearsheimer i å sjå på ukrainsk EU-tilknyting som eit skalkeskjul for Nato-tilknyting.[50] Argumentet hans viser til ein intensjon frå 2009 om strategisk partnarskap mellom dei to alliansane. «So the notion that the expansion of the EU to the East could in any sense be viewed independently of NATO enlargement was never credible.»[51] Her er Haslam nok ein gong bastant på tynt grunnlag, samt at han ikkje drøftar grundig nok det som er eit meir komplekst spørsmål. Kva med Finland og Sverige? Dei er også Nato-medlemmer i dag, men det har ei anna – russisk – forklaring. Trass i ulike samarbeidsavtalar frå tida før 2014 var Nato og EU lenge også i eit konkurranseforhold, og sidan 1990-talet har dei to alliansane hatt overlappande tryggleikspolitikk. Derimot har Russlands invasjon av Ukraina unekteleg ført EU og Nato tettare saman.[52] I rammeverket for fredsavtale frå Istanbul-forhandlingane mellom Russland og Ukraina våren 2022 opna Russland ironisk nok opp for ukrainsk EU-medlemsskap så lenge dei heldt seg unna Nato – «ironisk», fordi det var spørsmålet om EU-tilknyting som utløyste invasjonen i 2014. Kor reell denne imøtekomminga frå russisk side var, er likevel uvisst, og spørsmålet om tryggleiksgarantiar for Ukraina var uansett uavklart i det rammeverket.[53]

Haslam er opplagt kritisk til at USA ønskte å bli verande i Europa etter at Sovjetunionen var borte og jernteppet forsvann. Samstundes meiner han at Bill Clinton ikkje investerte nok i Russland, trass i at det som blei overført, langt på veg forsvann i korrupsjon, noko også denne boka konstaterer.[54] Seinare forvirrar Haslam igjen når han kritiserer både Obama og Angela Merkel for å ha vore for ettergjevande overfor Putin i tida etter 2014. Haslam meiner at Russlands krig mot Ukraina handlar om meir enn Nato; krigen handlar i tillegg om å stoppa eit Ukraina på veg til å bli meir demokratisk enn Russland, noko som vil vera eit trugsmål mot makthavarane i Moskva slik «Prahavåren» i 1968 var det. Faktisk skriv han at Putin var klar over at USA ikkje ville gå vidare med ukrainsk Natomedlemsskap etter 2014. Putin visste òg, stadig ifølgje Haslam, at målet med Natoutvidingar sidan midten av 1990-talet ikkje var å angripa Russland. I tillegg kjende han seg sikker på at Vesten ikkje ville reagera særleg kraftig om han forsøkte seg på eit regimeskifte hos naboen.[55]

Avslutningsvis dreg Haslam såleis fram ei rekke høgst interessante moment som ikkje støttar det som er hovudtesen hans. Ukraina har forsvart seg og er i dag tapt for Russland, poengterer han. Noko som like fullt skjemmer denne delen, er at «Boris Johnson» er forklaringa på at det ikkje blei nokon fredsavtale våren 2022. «Interestingly no alternative account has subsequently emerged» står i det i sluttnotane. Jo, det har det, til og med i god nok tid før Haslam gav ut si bok.[56]

At det russiske parlamentet på midten av 1990-talet ikkje ratifiserte Budapest-memorandumet, burde fått klokkene til å ringa, skriv Haslam. Vindman ville vore samd. Sistnemnde meiner Ukraina i Budapest burde blitt gjeve klarare tryggingsgarantiar av eitt eller anna slag. Kva slags handlingar Haslam ser føre seg som kunne ha hindra krigen, er likevel uklart, trass i den polemiske kritikken hans av Natoutvidingar. Putin burde blitt «slept inn i teltet» rundt 2001, hevdar han ein stad.[57] Men korleis? Putin ytra den gongen at han var interessert i Nato-medlemsskap, men også at Russland måtte vera ein «partnar på likefot», underforstått på ein måte som ikkje utfordra stormaktsposisjonen, altså mest sannsynleg «på likefot» med USA.[58] Russland sende uansett ingen søknad – slik andre land gjorde. Det som fanst i staden var samarbeidet om krigen mot terror og Nato–Russlandrådet (oppgradert 2002), sistnemnde eit organ Haslam meiner ikkje blei det det kunne ha blitt, mykje på grunn av amerikanarane.[59] Ein søknad om Nato-medlemsskap ville på si side kravd – på eit tidspunkt der Russland hadde byrja ein demokratisk regress – at Russland gav slepp på (noko av) stormaktssjølvbildet og opna militæret sitt for innsyn frå utanforståande slik andre medlemsland måtte. Ideen om eit Nato–Russlandsråd var slik sett meir i tråd med stormaktssjølvbildet og «partnar på likefot»-tanken, trass i manglane som elles måtte hefta med det endelege resultatet. Russland ønskte òg vetorett i det europeiske tryggleikssystemet.[60]

Haslam treff etter mitt syn betre når han ein annan stad i boka skriv at oransjerevolusjonen «changed everything for Putin».[61] Han er på linje med amerikanske rådgjevarar og politikarar som Alexander Vershbow, Stephen Hadley, Michael McFaul og Condoleezza Rice i at 2004 blei det avgjerande året. Så når han i siste setning i boka spør om vi har lært noko, er det uklart for meg kva lærdommen av denne boka i 2026 skulle vera. Målet frå starten av framstillinga skulle vera å visa kva amerikansk hegemoni og eit veksande Nato har ført til. Men fører ikkje mykje av det eg i dei føregåande avsnitta har referert frå Hubris, oss attende til dei antirealistiske perspektiva til Fishel og Vindman, nemleg å ikkje vera imøtekommande overfor stormaktsvisjonar om å sikra seg lojale nabostatar?

Konklusjonar

Bøkene til Fishel (særleg) og Vindman er nyttige korreksar til ei utbreidd førestilling om at det nye Russland som oppstod i 1991, har blitt audmjuka – ikkje berre av eigen statskollaps og fattigdom i startfasen, men også av vår vestlege ignoranse. For som William Hill har argumentert for, er det neppe éi bestemt hending som har skapt dagens konflikt, sjølv om oransjerevolusjonen er ein god kandidat, særleg i samspel med andre omveltingar i det postsovjetiske området («fargerevolusjonar») og at Russland stod fast ved den pro-serbiske posisjonen sin og avviste den vestlege anerkjenninga av Kosovo.[62] «Moskvafaktoren» på si side er sikkert ikkje heile svaret på kvifor forholdet mellom Russland og det kollektive (og ofte sprikande) Vesten frå 1990 til 2022 blei som det blei. Men det er ein sentral faktor som må med i framtidige diskusjonar.[63]

Ein hovudpåstand hos Haslam er at krigens opphav er å finna i manglande integrasjon av Russland i Vesten. Han er ikkje åleine om dette synspunktet.[64] Setet i tryggingsrådet, G8-medlemsskapen, Nato–Russlandsråda (1997, 2002) og ikkje minst den amerikanske Moskvafaktoren har ikkje vore nok. «Har vi lært noko?», spør Haslam. Som professor ved Institutt for forsvarsstudier Jardar Østbø skriv i ein fersk artikkel, er «stormaktssensitivitet» karakteristisk for Russland og noko vestleg utanrikspolitikk og tryggleikspolitikk er nøydd til å forhalda seg til på ein eller annan måte.[65] Konklusjonen frå Fishel og Vindman er at det er nettopp det Vesten har gjort.

Er då svaret at vi har gjort det for mykje eller for lite? Har Moskvafaktoren vore for sterk eller for svak? Vindman konkluderer boka si med at Russland ikkje har blitt tilstrekkeleg integrert i den liberale ordenen. At Russland og Vesten ikkje blei tilstrekkeleg integrert, er nok få usamde i – det som skjedde av integrasjon, er sidan gått tapt. Men har det vore eit sterkt russisk ønske å bli meir integrert? Måtte ikkje då Russland ha ofra stormaktssjølvbildet og ambisjonen om hegemoni i det «nære utlandet» sitt?

Det postsovjetiske Russland har gjennomgåande føretrekt bilaterale relasjonar framfor multilaterale avtalar og organisasjonar.[66] Haslam har rett i at USA ønskte å bli verande i Europa, og jamvel utvida Nato, men at «Nato burde blitt oppløyst» blir fort eit russosentrisk perspektiv som ikkje tek høgde for at folk i Aust-Europa ønskte seg ut ut av den sovjetkontrollerte, kommunistiske austblokka og vestover – og at dette var ein faktor som var med på å avslutta den kalde krigen.[67] Russland på si side reagerte ikkje for alvor før Ukraina vende seg bort. Moskvafaktoren makta ikkje å hindra den særs valdelege krampetrekninga vi ser i dag til eit imperium som nektar å døy.


[1] Obrasjtsjenije Prezidenta Rossijskoj Federatsii 21. februar 2022, http://kremlin.ru/events/president/news/67828; Obrasjtsjenije Prezidenta Rossijskoj Federatsii 24. februar 2022, http://kremlin.ru/events/president/news/67843.

[2] Yngvild Gotaas Torvik: «– Den såkalte liberale verdensordenen er forbi», Klassekampen, 10. januar 2026.

[3] Eugene M. Fishel, The Moscow Factor: U.S. Policy toward Sovereign Ukraine and the Kremlin (Cambridge, Massachusets: Harvard University Press for the Ukrainaian Research Institute, Harvard University, 2022).

[4] Fishel, The Moscow Factor, 67.

[5] Fishel, The Moscow Factor, 89.

[6] Sjå Maria Popova og Oxana Shevel, Russia and Ukraine: Entangled Histories, Diverging States (Cambridge: Polity, 2024), 73–74.

[7] Fishel, The Moscow Factor, 109.

[8] Fishel, The Moscow Factor, 140, 141, 145.

[9] Fishel, The Moscow Factor, 157.

[10] Jf. Michael Kimmage, Collisions: The Origins of the War in Ukraine and the New Global Instability (Oxford: Oxford University Press, 2024), 138–140.

[11] Fishel, The Moscow Factor, 185.

[12] Ei grundig framstilling av det gradvis meir spente forholdet mellom Russland og OSSE, der spørsmål om demokrati, rettferdige val og menneskerettar stadig blei reist av andre medlemmer parallelt med at Russland blei mindre demokratisk, finst i William H. Hill, No Place for Russia: European Security Institutions Since 1989 (New York: Columbia University Press, 2018), særleg 227–237.

[13] Fishel, The Moscow Factor, 114.

[14] Paul J. D’Anieri, Ukraine and Russia: From Civilized Divorce to Uncivil War, 2. utg. (Cambridge: Cambridge University Press, 2023), 160. D’Anieri gjev her ei god oppsummering av møtet; slutterklæringa er sitert herifrå. Sjå òg Angela Stent, Putin’s World: Russia Against the West and With the Rest, 2. utg. (New York: Twelve, 2023), 163.

[15] Sjå Marthe Handå Myhre, Aadne Aasland og Jørn Holm-Hansen, «‘Crimea Will Forever Be Russian’: Dissenting Norwegian Media Discourses on Russia’s Annexation of Crimea», European Politics and Society, nr. 25 (1), 2024, 185–208, https://doi.org/10.1080/23745118.2022.2103286.

[16] I tillegg til Hill, No Place for Russia, står eit liknande synspunkt sentralt i Mary E. Sarotte, Not One Inch: America, Russia, and the Making of Post-Cold War Stalemate (New Haven, Connecticut: Yale University Press, 2021).

[17] John Mearsheimer, «Why the Ukraine crisis is the West’s fault», Foreign Affairs, September/oktober 2014, 5–6, https://www.foreignaffairs.com/articles/russia-fsu/2014-08-18/why-ukraine-crisis-west-s-fault.

[18] Torbjørn Knutsen, «Overraskelser kommer sjelden alene. Om misforståelser, myter og invasjonen av Ukraina», Internasjonal Politikk, nr. 80 (4), 2022, 412–430, http://dx.doi.org/10.23865/intpol.v80.5129; Tore Wig, «Glenn Diesen er ikke den eneste aktivisten i Forsknings-Norge», Morgenbladet, 16. juni 2025.

[19] Jon Hellesnes, «Jo, maktskiftet i Ukraina innebar eit statskupp», Klassekampen, 3. mai 2022.

[20] Sjå D’Anieri, Ukraine and Russia.

[21] Fishel, The Moscow Factor, 11 og 220.

[22] Alexander Vindman, The Folly of Realism: How the West Deceived itself about Russia and Betrayed Ukraine (New York: Public Affairs, 2025).

[23] Vindman, Folly of Realism, 63, 80, 87.

[24] Tilsvarande dokumenterer William Hill at Vesten på 1990-talet ikkje berre støtta Moskva mot utbrytarane i Tsjetsjenia, men òg aksepterte russisk militært nærvær i Transnistria, Sør-Ossetia og Abkhasia. På 2000-talet endra denne haldninga på vestleg side seg, ei endring som var ein av grunnane for konfliktane som prega OSSE dette tiåret (No Place for Russia, 6, 106–107, 160, 230). Ein annan grunn var den russiske motstanden mot observasjonar av val og menneskerettar, jf. note 12 ovanfor.

[25] Vindman, Folly of Realism, 224.

[26] Vindman, Folly of Realism, 150, 160. Om Russlands respons på oransjerevolusjonen, sjå også D’Anieri, Ukraine and Russia, 130–133.

[27] Poslanije Federalnomu Sobraniju Rossijskoj Federatsii, 25. April 2005, http://kremlin.ru/events/president/transcripts/22931.

[28] Vystuplenije i diskussija na Mjunkhenskoj konferentsii po voprosam politiki bezopasnosti, 10. februar 2007, http://kremlin.ru/events/president/transcripts/24034.

[29] Vindman, Folly of Realism, 121, 153.

[30] Vindman, Folly of Realism, 199, 206.

[31] Vindman, Folly of Realism, 225. Stent (Putin’s World, 172) på si side meiner at årsaka til at integrasjon i den liberale internasjonale ordenen ikkje har skjedd, er at Russland ikkje eigentleg har ønskt det.

[32] Fishel, The Moscow Factor, 114.

[33] Vindman, Folly of Realism, 118.

[34] Sjå Hill, No Place for Russia, 179, 206.

[35] Alexander Stubb, En ny verdensorden: Maktens triangel, oms. Gunnar Nyquist (Oslo: Gyldendal, 2026), 251–254; Stephen Kotkin, «The Weakness of Strongmen: What Really Threatens Authoritarians?», Foreign Affairs, 16. desember 2025, https://www.foreignaffairs.com/china/weakness-strongmen-stephen-kotkin; Daniel Cohn-Bendit og Claus Leggewie, «Vestens retningsvalg: Regimeendring som forpliktelse», omsett av Snorre Fjeldstad, Vagant.no, 12. mai 2026, https://www.vagant.no/regimeendring-som-forpliktelse.

[36] Statja Vladimira Putina «Ob istoritsjeskom jedinstve russkikh i ukraintsev», 12. juli 2021, http://kremlin.ru/events/president/news/66181. Om Russlands idé om «absolutt suverenitet», sjå Stent, Putin’s World, 76, 417.

[37] Jonathan Haslam, Hubris: The Origins of Russia’s War Against Ukraine (London: Bloomsbury Publishing, 2024), 37.

[38] Haslam, Hubris, 12.

[39] Sml. Popova og Shevel, Russia and Ukraine, 137: «The argument that the West humiliated Russia geopolitically is not convincing, even if Russian elites may have (re)constructed an image of the 1990s in those terms.» Eit eksempel på ei slik framstilling av det «fornedrande 1990-talet» er nettopp Münchentalen til Putin, jf. Ivan Krastev og Stephen Holmes, The Light that Failed: A Reckoning (London: Penguin, 2019), s. 80–88. Samstundes går Krastev og Holmes etter mitt syn for langt i akseptera premissen at det nye Russland blei audmjuka i geopolitisk forstand, altså at tapet av imperiet var eit trauma for det russiske folket.

[40] Sarotte, Not One Inch; Hill, No Place for Russia.

[41] Haslam, Hubris, 55.

[42] Jf. Stent, Putin’s World, 153–157.

[43] Haslam, Hubris, 16.

[44] Mary Sarotte, «Why they fight», Foreign Affairs, 9. april 2025, https://www.foreignaffairs.com/reviews/why-they-fight. Sml. Sarotte, Not One Inch, 49. Annan problematisk kjeldebruk frå Haslam si side er kommentert i Oleksa Drachewych, «Russia’s War against Ukraine: The Early Historiography of an Escalation», The Russian Review, 84, 2025, 681–687, https://doi.org/10.1111/russ.70058.

[45] Til dømes James Baker til Gorbatsjov 9. februar 1990 eller Helmut Kohl til Gorbatsjov 10. februar, sjå https://nsarchive.gwu.edu/briefing-book/russia-programs/2017-12-12/nato-expansion-what-gorbachev-heard-western-leaders-early. Samanhengen for begge utsegnene er ei kommande tysk gjenforeining, sjølv om ingen av dei spesifiserte at det berre handla om Tyskland (men heller ikkje at det også handla om sentral- og austeuropeiske statar). Sml. Sarotte, Not One Inch, 51–62 og D’Anieri, Ukraine and Russia, 59–62.

[46] Haslam, Hubris, 18. Ei meir fullstendig framstilling av forhandlingane og avtalen finst i Sarotte, Not One Inch, 104.

[47] Haslam, Hubris, 65. Sml. Sarotte, Not One Inch, 209.

[48] Jf. Hill, No Place for Russia, 168–169.

[49] Sml. Haslam, Hubris, 155–157 med 261.

[50] Sml. Mearsheimer, «Why the Ukraine Crisis is the West’s Fault», 3, med Putins kommentar til Angela Merkel i 2013: «[W]hen I hear about an Association Agreement for Ukraine, I know that NATO will follow», sitert i Philip Short, Putin: His Life and Times (London: The Bodley Head 2022, 570).

[51] Haslam, Hubris, 173.

[52] Jf. Tuomas Iso-Markku, EU-NATO Relations in a New Threat Environment: Significant Complementarity but a Lack of Strategic Cooperation (FIIA Briefing Paper 380), 1/2024, https://fiia.fi/en/publication/eu-nato-relations-in-a-new-threat-environment.

[53] Samuel Charap og Sergey Radchenko, «The Talks That Could Have Ended the War in Ukraine: A Hidden History of Diplomacy That Came Up Short – but Holds Lessons for Future Negotiations», Foreign Affairs, 16. april 2024.

[54] Haslam, Hubris, 34.

[55] Haslam, Hubris, 263.

[56] Den viktigaste så langt, etter det eg veit, er Charap og Radchenko, «The Talks That Could Have Ended the War in Ukraine».

[57] Haslam, Hubris, 260.

[58] Jf. Stent, Putin’s World, 159.

[59] Haslam, Hubris, 134–139. For ei anna og meir balansert oppfatning av Nato–Russlandrådet på 2000-talet, høyr episode 251 av Mark Galeottis podkast In Moscow’s Shadows (frå ca. 29:30).

[60] Popova og Shevel (Russia and Ukraine, 136) stiller seg tvilande til kor reelt det russiske ønsket om Nato-medlemsskap den gongen var, m.a. på grunn av transparenskravet, dvs. at Russland måtte ha akseptert Natos regelverk, og at det ville utfordra stormaktsstatusen. Stent (Putin’s World, 159) er av same oppfatning. Sjå òg D’Anieri, Ukraine and Russia, 119–120.

[61] Haslam, Hubris, 155.

[62] Jf. Hill, No Place for Russia, 270. Kosovo var like fullt, som Angela Stent formulerer det, «the gift that kept on giving» (Putins World, 157). Like etter anerkjende Russland Sør-Ossetia og Abkhasia som sjølvstendige, og i 2014 viste Putin til Vestens anerkjenning av Kosovo som presedens for si eiga annektering av Krym. I staden for prinsipiell motstand og kritikk mot vestlege «feil», imiterer Russland dei til sin fordel, jf. Krastev og Holmes, The Light that Failed, kap. 2.

[63] Ei bok som går føre også i så måte og innlemmer perspektivet til Fishel, er Eugene Finkel, Intent to Destroy: Russia’s Two-Hundred-Year Quest to Dominate Ukraine (London: Basic Books, 2024).

[64] Sjå til dømes Richard Sakwa, The Lost Peace: How the West Failed to Prevent a Second Cold War (New Haven: Yale University Press, 2023) eller Sten Inge Jørgensen og Leonid Ragozin, En europeisk tragedie: Hvordan Vesten og Russland ble fiender – og kan finne sammen igjen (Oslo: Aschehoug, 2023). For ein kritisk kommentar til førstnemnde, sjå Kåre Johan Mjør, «Kvar gjekk freden tapt?», Dag og tid 5. april 2024; til sistnemnde, sjå Tore Nedrebø, «Ein krititisk gjennomgang av boka En europeisk tragedie», Europæeus norvegicus 23. desember 2022, https://torenedrebo.com/2022/12/23/ein-kritisk-gjennomgang-av-boka-en-europeisk-tragedie/. Eit kritisk perspektiv på «manglande integrasjon-tesen» finst i Popova og Shevel, Russia and Ukraine, 134ff.

[65] Jardar Østbø, «The Deterrence-Provocation Continuum in the Context of Russian Strategic Culture: Hypersensitivity, Holism-Conspiracism, and Sacred Great Power Status», Journal of Strategic Studies, 2026, https://doi.org/10.1080/01402390.2025.2604174.

[66] Jf. Helge Blakkisrud, «Mannen, myten og utenrikspolitikken: Putin som utenrikspolitisk aktør», Internasjonal politikk, 76, 2018, 255, http://dx.doi.org/10.23865/intpol.v76.1440; Stent, Putin’s World, 75–76.

[67] Jf. Popova og Shevel, Russia and Ukraine, 134. Om dragninga mot Europa/Vesten i Aust-Europa mot slutten av 1980-talet og samspelet med den nye politikken til Gorbatsjov, sjå Tony Judt, Postwar: A History of Europe Since 1945 (London: Vintage, 2010), 630–633.

Europa

Vagant er et skandinavisk tidsskrift for kritikk og essayistikk. Tidsskriftet har litteratur som utgangspunkt, tar for seg alle kunstarter og rommer også idédebatt og kulturjournalistikk.

Redaksjonen utgir fire numre i året, i tillegg til ukentlige oppdateringer av nettsiden. Første nummer utkom i 1988. Siden 2017 utgir redaksjonen tidsskriftet på egen hånd. Vi oppfordrer alle lesere til å tegne abonnement på papirutgaven.

Vagant redigeres etter Redaktørplakaten, og er medlem i Eurozine og Norsk tidsskriftforening.