Lovtale for dei rike

Gjendikta av Jo Eggen

Lovtale for dei rike

Og fordi, så har eg sagt det,
vi er på kvar vår side av gjerdet,
fordi eg reknar meg til pakket,
med ein heidersplass i verda:

under det rullande overflodsbordet
i lag med stygge, skamferte, svikne …
roper eg derfor frå klokketårnet
ut: eg elskar dei rike!

Med den rotne, vaklande rota deira
eit sår alt i vogga veks av,
med ei hand som vil ned att i lomma
som ein talar som glømmer leksa.

Fordi den stillaste bøna på leppene deira
blir lydd som ein ordre dei gaula.
Fordi dei ikkje slepp inn i himmelen,
og ikkje ser deg i auga.

For kvar lidenskap har dei ein visargut!
For kvar løyndom har dei eit ilbod!
I netter dei blir påprakka kyssar
og drikk dei mot sin vilje!

Fordi all deira keisemd, polstring,
geisping, forgylling, forsikring,
ikkje kan kjøpe meg –
er eg så frekk å elske dei rike!

Og trass i perfekt barbering,
eting, drikking (betalingsnikket!)
er det brått som om noen har slått dei,
og dei blir som ein hund i blikket,

tvilande …

– Fell ikkje kurva

mot null? Kan vekta tøyse?
Og blant alle utskot i verda
finst inga slik foreldreløyse!

Om kamelar som kraup gjennom nålauget
finst ein ufin fabel.
… For blikket hans, dødsens forbausa,
som når noen er sjuk, får det travelt,

eller konkurs … «Eg ville gladelig lånt deg …
ja» …

– For det attknepte skriket:

«Eg rekna i karatar, var bror» …
sver eg: eg elskar dei rike!
30. september 1922

Marina Ivanovna Tsvetajeva (1892–1941). Russisk diktar. Motstandar av Oktoberrevolusjonen, men likevel «raud blant dei kvite». Skreiv i fleire sjangrar, ikkje minst langdikt prega av eksplosiv fortetting, bråe skift, overraskande, ny bruk av språklige og formelle element.

Diktet er skrivi i Tsjekkoslovakia etter at Tsvetajeva hadde emigrert frå Sovjetunionen. Der skreiv ho òg syklusen Fabrikksongar, med same brodd mot dei rike.


 

 

 

 

Europa

Vagant er et skandinavisk tidsskrift for kritikk og essayistikk. Tidsskriftet har litteratur som utgangspunkt, tar for seg alle kunstarter og rommer også idédebatt og kulturjournalistikk.

Redaksjonen utgir fire numre i året, i tillegg til ukentlige oppdateringer av nettsiden. Første nummer utkom i 1988. Siden 2017 utgir redaksjonen tidsskriftet på egen hånd. Vi oppfordrer alle lesere til å tegne abonnement på papirutgaven.

Vagant redigeres etter Redaktørplakaten, og er medlem i Eurozine og Norsk tidsskriftforening.