Eit evig offer Glenn Diesen om russofobi

Glenn Diesen har skrive ei bok om antirussisk propaganda i internasjonal politikk. Men boka blir sjølv propaganda.

Glenn Diesen, professor ved Universitetet i Sørøst-Norge, har den siste tida vore mykje i media. Det at han ofte opptrer som kommentator på RT (før Russia Today) og formidlar synspunkt som påfallande ofte fell saman med offisielle russiske syn, har vore debattert i fleire år. Nokre i det norske ordskiftet seier like fullt at han «som forskar» er seriøs eller respektert.

20. mars kom det eit opprop frå 20 underskrivarar som kravde at Den norske Helsingforskomité måtte stogga «forfølginga» av Diesen. Organisasjonen Antikrigs-Initiativet, der nokre av underskrivarane er aktive, hadde sendt ut eit liknande opprop til støtte for Diesen mot Helsingforskomiteen ein månad tidlegare. Like etter kom det ein respons med 50 underskrivarar (inkludert meg sjølv) som uttrykte støtte til Helsingforskomiteen.

To av dei 20 som underteikna oppropet til støtte for Diesen, har ført debatten vidare. Gisle Selnes og Frode Helmich Pedersen skriv i eit innlegg på Khrono 25. mars at «det er helt sikkert mye han kan kritiseres for, og da gjerne i skarpe og polemiske vendinger, som seg hør og bør i viktige og kontroversielle saker». Denne teksten er eit bidrag i så måte. Eg ser her nærare på boka Russophobia: Propaganda in International Politics, som kom ut på forlaget Palgrave MacMillan (Springer) våren 2022 (eg kjem attende til utgjevingstidspunktet).

Russofobi før og no

Det finst mange fobiar, og «russofobi», eller russarfrykt, er ein av dei. Denne frykta har garantert auka dei siste åra, og som Timothy Snyder argumenterte overtydande for i FN i mars 2023, er det nokså lett å plassera ansvaret for dette, nemleg i Moskva. Ikkje berre øydelegg dagens Russland sitt eige omdøme, det uttrykker også forakt for eigne borgarar og liva deira ved å senda dei i krigen. Parallelt blir påstandar om «russofobi» brukt for å legitimera krigsbrotsverk mot nabolandet Ukraina. Desse påstandane viser overgriparens imperialistiske offerretorikk.

Historisk sett har russofobi vore eit reelt fenomen i Vesten. Særleg i Storbritannia på 1800-talet fekk det ei monaleg utbreiing. Heller ikkje Noreg har gått fri, kan henda som følgje av påverknad frå britane, noko ein kan lesa om i tobandsverket Norge og Russland (2014–15, red. Sven G. Holtsmark og Jens Petter Nielsen). Mellom 1917 og 1991 handla nok frykta for naboen vår i aust mest om kommunisme og revolusjon, sjølv om historiske former for russarfrykt kan ha forsterka dette ytterlegare.

Men «russofobi» er også eit politisk omgrep. Det er tittelen på ein sentral tekst i russisk nasjonalisme frå den seine sovjettida, av Igor Sjafarevitsj. «Russofobien» Sjafarevitsj skriv om, kom først og fremst innanfrå, frå ein «uorganisk» elite, framfor alt jødane. Omgrepet har også blitt brukt av det russiske statsapparatet dei siste 10–15 åra, til å stempla all mogleg kritikk ikkje av russarar, men av den russiske staten, eit viktig skille som Eliot Borenstein har understreka i boka Plots against Russia (2019).

Dette er det feltet Diesen går inn i når han vel å skriva ei bok om «russofobi». Men den russiske konteksten for bruken av omgrepet er i det store og heile fråverande i boka hans.

Vi og dei andre

Diesen opnar boka med å definera «russofobi» som irrasjonell frykt for russarar og Russland. Slik frykt er ifølge han skapt av vestleg propaganda (s. 2). Diesen tek innleiingsvis høgde for at det kan finnast grunnar til å frykta Russland, men resten av boka tyder på at han er av ei anna oppfatning.

Premissen for den vestlege propagandaen er ifølgje Diesen at Russland er Vestens «andre», altså eit ikkje-Vesten som vi brukar for å danna vår identitet som vestlege eller europearar. I Russophobia er dette ein påstand som Diesen set fram i særs kategoriske vendingar, utan eigentleg å diskutera med den omfattande faglitteraturen på feltet. Sjølvsagt har Russland vore ein av dei «andre» for oss i Vesten, viktigare i nokre periodar enn i andre. Men det har også funnest andre og vel så viktige «andre». Edward Said skreiv ei banebrytande bok, Orientalismen (1978), som står sentralt i desse diskusjonane. Said dukkar opp eit stykke ut i boka, men utan at Diesen held sin eigen tese opp mot forgjengaren; han blir berre brukt som støtte for tendensen til stereotypisering av andre. Denne tendensen var absolutt noko Said skreiv om, men han skreiv ikkje om Russland.

Ein annan sentral bidragsytar i denne akademiske debatten har vore norske Iver B. Neumann. Etter det eg kjenner til, var det han som i boka Uses of the Other (1999), ei framstilling rik på belegg frå primærkjelder, forklarte korleis det vestlege russlandsbildet har utvikla seg over tid frå å sjå på landet som «barbaren ved inngangsporten» til å bli ein «lærling», som er «på veg mot oss». Hos Neumann er elles Russland ein av fleire som Vesten har konstruert som sin «andre».

Diesen brukar på tilsvarande vis omgrep som «Russland som barbar» og «Russland som student», altså hos det meir «siviliserte» Vesten («læraren»). Men kvar har han det frå? Neumann står i litteraturlista, men Diesen gjev ingen referanse i det han introduserer dette perspektivet (s. 46) – ein alvorleg mangel i og med at likskapen er såpass stor. Det kjem rett nok ein Neumann-referanse 20 sider seinare, men han er etter mitt syn utilstrekkeleg kreditert for noko Diesen gjer så stor nytte av.

Generelt diskuterer Diesen i liten grad med kjeldene. Det er også svært uvanleg å lesa eit introduksjonskapittel med teoretiske ambisjonar utan referansar til forskingslitteratur.

Ei statisk historie

Boka til Diesen følgjer Vestens russofobi gjennom 500 år: Å hevda at Russland er «barbarisk» eller «tilbakeståande» er ifølgje forfattaren eit permanent trekk ved vår vurdering av Russland. Lat det elles vera nemnt at ei tilsvarande datering av russofobi som «antirussiske informasjonskrigar» attende til Ivan den grufulle si tid er noko ein møter i den offisielle russiske historieutstillinga «Russland – mi historie», som ein kan sjå i ei rekke russiske byar. Denne utstillinga har sidan 2013 dyrka Russlands «tusen år lange» historie og statsbygging. Her blir interne konfliktar eller problem gjennomgåande forklart med påverknad og infiltrasjon utanfrå. Synspunktet til Diesen er i tråd med russisk historiepolitikk.

Historieskrivinga til Diesen har påfallande liten teft for nettopp historie, altså historiske transformasjonar av våre bilde av dei andre. Det finst i denne boka eit permanent, 500 år gammalt fiendebilde av Russland, som overlever både revolusjonar og reformer. Kommunistfrykta på 1900-talet blir uttrykk for det same som frykta for barbarane 400 år tidlegare.

Den kategoriske stilen er gjennomgåande i boka, og er, vil eg hevda, uakademisk. Ein smakebit: «Anything the public hears about Russia is consistently bad and framed as the opposite of the West» (s. 4). Dette gjeld altså ikkje 2020-talet, det er ei oppsummering av 500 år med russofobi. Alt vi i Vesten får høyra om Russland, er alltid negativt. Samtidig er kjeldegrunnlaget hos Diesen altfor tynt til å støtta så bastante påstandar. Det kjem sporadiske og springande eksempel utover i boka, ikkje sjeldan med store sprang i tid, og dei står der utelukkande for å stadfesta tesen. Her kan ein verkeleg snakka om confirmation bias.

«Inngruppe» og «utgruppe» er akademisk sjargong for «vi» og «dei» som i Diesens bok går på autorepeat. Når språket er så bastant og det empiriske grunnlaget så tynt som her, går det eigentleg ikkje an å forhalda seg til framstillinga. Anten trur du på henne, eller ikkje.

Nato og Ukraina

«Nato-ekspansjonen» etter Sovjetunionens fall får ein del plass i Russophobia. I utgangspunktet skulle ein tru at dette var eit anna tema enn russofob propaganda. Uansett høyrer vi her om den påståtte lovnaden frå 1990, i samband med foreininga av Tyskland, om at Nato ikkje skulle utvidast «ein tomme» austover. Her siterer Diesen (s. 63) frå den viktigaste framstillinga av temaet, nemleg boka Not One Inch av Mary Sarotte (2021). Men han ignorerer alt det Sarotte skriv om tida etter Sovjetunionens oppløysing, nærare bestemt den svært grundige analysen hennar av alle dei faktorane som har drive Natoutvidinga austover. Dei inkluderer utviklinga i Russland i åra 1993–1994, der president Boris Jeltsin førte krig både mot motstandarar i parlamentet og mot den tsjetsjenske republikken. Dette er ei viktig forklaring på at statsleiarar som Lech Wałęsa og Václav Havel søkte Nato-medlemsskap.

Eit anna viktig tema hos Diesen er Ukraina. Dels skriv han om Ukraina under overskrifta «Fargerevolusjonar». Her heiter det innleiingsvis:

The uprisings against Russian-friendly goverments were portrayed as organic and home-grown revolts, and the common denominator for support for political groups has been pro-Western/anti-Russian orientation as opposed to democratic quality. (s. 90)

Her merkar vi oss språkføringa til Diesen. For det første er andre del av setninga direkte uklar («as opposed to democratic quality»). For det andre er setninga skriven i passiv, noko som er gjennomgåande i boka. Overdriven passiv, her som elles, gjer framstillinga ikkje berre tunglesen, men også uklar og tilslørande. Kven står bak denne «framstillinga» («were portrayed»)? Ja, det er vel det russofobe Vesten, samstundes som det ikkje blir sagt direkte. Men det kjem gradvis fram at han ser oppstandane som støtta av USA eller Vesten generelt, som opererer i form av NGO-ar.

Når Diesen kjem inn på den ukrainske oransjerevolusjonen (2004), er det påfallande at han ikkje skriv om kva som faktisk skjedde – eg siktar særleg til avsløringa av valfusk. Om fargerevolusjonar generelt skriv han at «democratically elected Russian-friendly governments were replaced with pro-West/anti-Russian governments» (s. 208, merk igjen passiven), men når han, etter nokre setningar om Georgia, skal konkretisera kva som skjedde i Ukraina, hoppar han, i eitt og same avsnitt, fram til president Viktor Jusjtsjenkos siste dagar og peikar på at både han og politikken hans var svært upopulær. Det stemmer jo på dette tidspunktet (2008–2009), men det var mange år seinare. Korkje årsakene til oransjerevolusjonen eller valsigeren til Jusjtsjenko i nyvalet i 2004 er nemnt.

Perspektivet på Ukraina og andre postsovjetiske statar er i det store og det heile konspirativt: «The West uses the concept of ‘European integration’ to describe the process of decoupling Georgia, Ukraine, Moldova and Belarus from Russia as the largest state in Europe» (s. 202). I forlenginga av dette hevdar Diesen at det var dei baltiske statane som hadde «sett ein presedens» for behandlinga av «russisktalande». Det er rett at russarar som hadde innvandra i sovjetperioden, ikkje fekk automatisk statsborgarskap i Estland og Latvia etter 1991. Kva «presedensen » eigentleg har vore, er derimot uklart, i og med at, som Diesen innrømmer, EU «called on Estonia and Lativa to recognise citizenship for the Russian minority that constituted approximately 30 per cent of their population» (s. 207). Men, held han fram, desse landa fekk likevel bli medlemmer og EU har ikkje gjort russisk til eit offisielt EU-språk (noko EU heller ikkje har gjort med andre minoritetsspråk). Igjen er belegget for russofobi-tesen nokså tynt, og liksom i tilfellet med oransjerevolusjonen, snakkar Diesen heller problemstillinga bort.

Hendingane i 2014

Maktskiftet i Ukraina i februar 2014 er, ikkje så overraskande, omtalt som eit «kupp», sjølv om Janukovytsj rømde før han blei avsett av parlamentet, ikkje etter, slik det kan sjå ut hos Diesen. Elles er faste ingrediensar i Russlands-sympatiske narrativ med, som Nuland–Pratt-samtalen eller John McCain som deler ut kjeks på Majdan. Meir problematisk er måten Diesen vidareformidlar synspunktet på om at det var dei som framleis var opposisjonen som hadde ansvaret for drapa på demonstrantar på Majdan i februar 2014. Her viser han til ein annan avlytta telefonsamtale frå 2014, mellom EUs Catherine Ashton og den estiske utanriksministeren Urmas Paet, og kjelda hans er ein artikkel i The Guardian (s. 212). Men det Guardian-artikkelen handlar om, er at dette var konspirasjonsteoriar som sirkulerte og at dei to politikarane snakka om desse teoriane. Diesen påstår like fullt at «vestlege media» (bortsett frå Guardian-artikkelen, får vi då tru) har ignorert «investigations and trials» rundt hendingane. Han viser til den kanadiske statsvitaren Ivan Katchanovski, som i over ti år i ymse publikasjonar har lagt skulda for drapa på «oligarkar og høgreradikale», men Diesen held ikkje dette opp mot dei faktiske etterforskingane i Ukraina, ulike FN-rapportar eller andre studiar – eller berre det faktum at ikkje alt i denne saka er oppklart, noko som elles kjem fram i dei fleste edruelege «vestlege» framstillingar. Igjen ser vi ein kombinasjon av selektiv kjeldebruk, mislesing av dei kjeldene som faktisk er referert til og tvilsame slutningar.

Ein vanleg kritikk mot det «realistiske» stormaktsperspektivet slik vi møter det hos til dømes John Mearsheimer, er at det ser bort frå «mindre» aktørar. Diesen kan synast å ha i alle fall éin fot innanfor denne retninga. No er likevel «Kyiv» stundom ein aktør hos Diesen – når denne aktøren vel Russland føre Vesten. Dømet hans er Jaunukovytsj si skroting av assosiasjonsavtalen med EU (s. 211). Og når Vesten kallar krigen i Aust-Ukraina for «russisk hybridkrig», hevdar Diesen at Vesten tek frå austukrainarar eigenvilje (agency, s. 216) – slik hans eige narrativ om «kupp» gjer vis-à-vis demonstrantane på Majdan. Diesens framstilling er i beste fall inkonsekvent.

«Kuppet» trigga uansett ein reaksjon frå «Eastern Slavic Ukrainians» (sic, s. 213). Også hendingane på Krym og i Aust-Ukraina er noko Vesten må ta ansvaret for, sidan «the West undermined Ukraine’s sovereignty by backing the coup» (s. 215). Framstillinga av våren 2014 handlar om lokal motstand, ikkje om russisk intervensjon. Vi høyrer ikkje om små grøne menn, Igor Strelkov eller påfølgjande russisk jurisdiksjon over «folkerepublikkane». Diesen avgrensar seg til antiterroroperasjonen til «kuppmakarane», den høgreradikale Azovbataljonen og brannen i fagforeiningshuset i Odesa.

Når det gjeld nedskytinga av det malaysiske passasjerflyet, som det sidan november 2022 (etter utgjevinga av boka) finst ein rettskraftig dom mot to russarar og ein ukrainar for å stå bak, skriv Diesen at «the rebels in Donbas probably downed the aeroplane» (s. 217), men han held fram med å spørja om ikkje skulda må delast med dei nye styresmaktene i Ukraina som stod bak antiterroroperasjonen (og «kuppet») og med dei vestlege støttespelarane deira. Eller til og med med flyselskapet, som flaug over ein krigssone. På dette tidspunktet er det vanskeleg å sjå at boka lenger er ein studie av «russofobi og propaganda». Propagandakritikken blir sjølv propaganda.

Propaganda og røyndom

Nokre tekststader tyder på at forfattaren sende frå seg manuset i januar/februar 2022. Det blir såleis djupt ironisk når vi i starten av boka les, utan nærare tidfesting (og igjen i passiv), at «Russia was accused of preparing for an invasion of Ukraine by placing its troops on the Ukrainian borders, sending blood to the coming frontline, and planning a false-flag operation» (s. 5, sjå òg s. 48). Tja, er ikkje mykje av dette ei generell, men like fullt grei beskriving av det som faktisk skjedde i slutten av februar 2022?

Eg er elles ikkje kjent med at Diesen har korrigert si eiga framstilling her av at ein føreståande russisk invasjon berre var vestleg propaganda. Etter fullskalainvasjonen har han halde fram med å sjå russiske handlingar gjennomgåande som ein repons og reaksjon på eit aggressivt Vesten og Ukraina. I Aftenposten 4. april i år skriv han til dømes: «Russland anser Natos inntog i Ukraina som en eksistensiell trussel.»

Russophobia er, som vanleg er i akademiske monografiar, utstyrt med rosande blurbs, i dette tilfellet frå Guy Mettan, Andrej Kortunov, Aaron Maté og Andrei Tsygankov. Berre sistnemnde er ein respektert akademikar, og rosen hans er faktisk moderat. Den siste boka til Diesen, The Ukraine War & the Eurasian World Order (2024), skiltar med ei endå større samling med kollegaros, frå akademikarar som Richard Sakwa og John Mearsheimer, eks-diplomatar som Jack Matlock og russiske haukar som Sergej Karaganov. Slike venetenester er uansett ingen kvalitetsgaranti, like lite som professortittel eller det at ei bok kjem ut på eit internasjonalt akademisk forlag (registrert i det norske «kanalregisteret» over godkjende vitskaplege publiseringskanalar) er det. Den siste boka til Diesen er elles ikkje kome på eit akademisk forlag.

Ein ting ein faktisk kan læra av Russophobia, er kor viktig det er å bruka aktive verbformer. Det tvingar ein til å identifisera aktørar og kjelder, og dermed historiske prosessar. Boka er også ei påminning om at ein del akademiske forlag ikkje lenger tek ansvar for språkvask. Eit døme: «Russia raising the security concerns of an expanding military alliance and being excluded from Europe reaffirms Russia’s backwardness and made NATO expansion even more necessary» (s. 74). Kva er det forfattaren forsøker å seia her?

Skal ein forstå russofobi til ulike tider og årsakene bak, må ein lesa andre framstillingar enn boka til Diesen.

Alle illustrasjoner av Andreas Töpfer.
Vis kommentarer (0)

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Europa

Vagant er et skandinavisk tidsskrift for kritikk og essayistikk. Tidsskriftet har litteratur som utgangspunkt, tar for seg alle kunstarter og rommer også idédebatt og kulturjournalistikk.

Redaksjonen utgir fire numre i året, i tillegg til ukentlige oppdateringer av nettsiden. Første nummer utkom i 1988. Siden 2017 utgir redaksjonen tidsskriftet på egen hånd. Vi oppfordrer alle lesere til å tegne abonnement på papirutgaven.

Vagant redigeres etter Redaktørplakaten, og er medlem i Eurozine og Norsk tidsskriftforening.