Dikt av José Martí

Den namngjetne øya (Isla famosa)

José Martí (1853-1895), Cubas nasjonalikon og frigjøringshelt fra krigen mot Spania (1895-1898), er også et sentralt navn i latinamerikansk litteraturhistorie. På grunn av diktsamlingene Ismaelillo (1882), Versos libres (1882) og Versos sencillos (1891) blir han i dag betraktet som en forløpet for den latinamerikanske modernismo-retningen. De fire diktene vi presenterer her i Jon Lorentzens gjendiktning er alle fra Versos libres, og de er hentet fra boken Med stjerneskrift, som kommer ut på Wigestrand forlag høsten 2008, der det er gjort et utvalg fra alle Martís diktsamlinger.

Den namngjetne øya (Isla famosa)

Her står eg einsam og riven i bitar,
himmelen buldrar, skyene går saman,
trykkjer seg i hop, vert mørke og forsvinn.
Havdampen smyg seg lett ikring svaberga.
Heilag angst og frykt et augene mine.
Sei meg, rasande Natur, kva er meininga
med den sterile einsemda rundt den som
lever i og døyr av lengsel etter kjærleik?
Kvar set du augene, krosslause Kristus?
Kvar, mørke fiende, kvar er alteret
som fortener å ta i mot åsynet mitt?
Kven tener på at eg endar dette livet?

Sløret rivnar, og med eit lett sverdslag
frå klår himmel, slik den namngjetne Díaz
opnar lerreta med ei handfull skuggar,
stirar den triste mannen frå klippene
på eit vakkert tropisk landskap med kvite
friarar og svarte Venusar krona
med stinkande blomar frå skit og mudder.
Dei dansar av garde med blaute føter,
og for kvart steg dei tek, gjev jorda etter!
Og når dei slitne, glanslause leppene
møtest skjelvande i eit stort kyss, stuper
det frå dei illevarslande leppene
fuglar av is, det er dødens fuglar.

Etegilde for tyrannar (Banquete de tiranos)

Det finst ein låg rase menn som er strie
og opptekne av sitt eige sjølv, alle
forma frå topp til tå av klør og tenner.
Og så finst det andre som gjer som blomen
og andar parfymen sin på menneska.
Slik det bur duer og rovdyr i skogen,
veks insektetande plantar ved sida
av mimoser og nellikar i hagen.
Nokre menn et sjela til medmenneska.
Andre gjev ho til dei som vantar føde,
og slukhalsar dynkar kjeften i godlukt,
slik kalde jernet varmest når det trengjer
seg djupt inn i jomfrua og drep henne.

Tyrannane set seg til etegilde,
men når dei blodstenka hendene krafsar
i maten, strålar lyset frå den døde
martyren og slår dei til jorda medan
blomar på storleik med heilage krossar
veks fram, og med blodige snutar flyktar
tyrannane inn i sitt eige mørker.
Dei som elskar seg sjølve, og vert dregne
mot grådigskap av sin opphøgde forstand.
Dei som ikkje kan syne det lysande
merket åket set i eit ærleg andlet,
slik den evige sola knuser stjerner
til glør og oske når dei kjem for nær.
Dei som ikkje prydar seg med det minste
heidersteikn på brystet sitt, dei smålege
og måtelege i livet, som berre
lever for simpel nyting av seg sjølve,
men aldri for Universet sin konsert.

Dans, eting, musikk, hor og kvinneharem,
aldri godord om ærlege menneske.
Om dei kunne gjere det utan blodstenk,
ta dei … korsfeste dei, korsfeste dei
til høgaste galgen langs vegen, så ville
dei nagle dei midt gjennom bondeskallen.
Dei forråder det storslegne i livet,
som den urokkelege snikkaren
når han pyntar likkista med bronselist,
dei, dei som deler
nasjonen med deg mellom tennene sine.

Mainatt (Noche de mayo)

I lyset frå ei stjerne glitrar jorda,
med parfymen frå ein blom fyllest fjerne,
uendelege landskap. Som eit mystisk
tynt slør løyner det svake lyset naturen,
og eit bilete av det grenselandet
der det forsvinn, stig fram og veks opp mellom
den stridande menneskeslekta. Stille!
I fargane bur mørkret! Sola set fyr
på den støyande landsbyen og det
kvite måneskinet lyser! Biletet
når augene, for viss dei leitar etter
den makelause røykjelsen utanfor
det sprokne glaset, stig angen rakt imot,
og viss dei lystrar tyngda til augeloket,
slik ein blom slår vengene ut og spreier
parfyme, reiser den bleike skapningen
seg i det heilage indre tempelet
som ein klagesong så trist og jamrande!
Heilage vyrke! Heile Universet,
utan å mista forma, dekkjer kroppen
til den elska kvinna, og den avlidne
himmelen spår ektemannen som ikkje
er til stades, om smerta som vert reinsa.

Med stjerneskrift (Con letras de astros)

Med stjerneskrift ville eg meisla inn i
slettelandet det vonde eg har opplevd
i det blåe himmelrommet. Menneske,
høyr: Medan dei som lever lågt der nede,
flakkar rundt ikring, og angen av pressa
frukt, angen av dans og hor stig opp, syner
den unge seg, som kongen på ei trone
går han der oppe, vakker, bleik og dyster,
til fots mellom mørke skyer, med venger
som har byrja veksa ned frå skuldrene.
Som når ei stjerne sloknar, eller treet
når det lagar opning i jorda etter
eit rotvelte, syner seg brått ei pustande
djup hole på venstre side av brystet
mens mørke flokkar av heldige rovdyr
står framfor han, og med vinden i ryggen
pressar dei seg saman, dreg seg attende
og går mot han, og før dei slår kjeftane
i hop til eit digert tanngap, byd skalden
dei hjartet sitt på fat av gull og perler.

Gjendikta frå spansk av Jon O. Lorentzen.

Europa

Vagant er et skandinavisk tidsskrift for kritikk og essayistikk. Tidsskriftet har litteratur som utgangspunkt, tar for seg alle kunstarter og rommer også idédebatt og kulturjournalistikk.

Redaksjonen utgir fire numre i året, i tillegg til ukentlige oppdateringer av nettsiden. Første nummer utkom i 1988. Siden 2017 utgir redaksjonen tidsskriftet på egen hånd. Vi oppfordrer alle lesere til å tegne abonnement på papirutgaven.

Vagant redigeres etter Redaktørplakaten, og er medlem i Eurozine og Norsk tidsskriftforening.