Digitaliseringsimperiet

Den digitale teknologien har vore til stades i fleire tiår, men utan at samfunna våre har makta å tilpasse seg.

I 2010 vart meir enn ein zetabyte data lagd til Internettet. Ein zetabyte … det er altså meir enn tusen milliardar terrabyte, som er ein million gongar meir enn alle dei orda menneskja nokon gong har uttalt, og det sidan tidenes morgon! Ved å take dette dømet, blant tusen andre, understrekar Nicolas Colin og Henri Verdier, som just har skrive boka L’Age de la multitude (Mengda si tidsalder, Armand Colin 2012), i kva grad samfunna våre har gått inn i ei fullt og heilt digitalisert verd. Men har vi – endå tilgangen til teknologien har auka i påfallande stor grad – evna å «tilpasse» oss denne allmenngjeringa av det digitale i kvardagen vår?

Slik lyder eitt av dei sentrale spørsmåla boka tek opp. Den digitale revolusjonen – i sanning ein tredje industriell revolusjon – har visseleg funne stad. Der finst ikkje tvil; han er ikkje lengjer i framtida, han er her, overalt, i kvar ein augneblink. Han stod og stør seg stadig på den teknologiske nyvinninga sin overveldande snøggleik og teknologien sine stadig lågare kostnader. Vi har gått inn i ei «hyperfluid» verd, seier Colin og Verdier, der varig endring, det uføresette og uvisse har vorte norma og daglegdags.

For Colin og Verdier er saka likevel klar: Endå teknologien allereie har vore til stades i fleire tiår (den digitale teknologien oppstod med EDB-systema på femtitalet, den fyrste utgåva av Internettet dukka opp i 1971, og frå slutten av syttitalet har ein kunne slå fast samansmeltinga av datamaskinen, telekommunikasjonen og det audiovisuelle), so har ikkje samfunna våre, sett under eitt, enno makta å «tilpasse» seg honom. Hyperfluiditeten er vanskeleg å gripe, og samfunna syner ei sterk motvilje mot det uvisse og ustøe. Dei sokalla styrande klassar har ikkje vore førebudd på digitaliseringa, som i røynda er ein fullgod økonomisk og sosial revolusjon, ei gjennomgripande endring av nesten alt menneskeleg. Det er på eit slikt plan ein må tenkje seg det heile, og nettopp det er freistnaden for denne boka. Ho freistar å analysere dei djupe samanhengane på innsida av denne omforminga og trekkje dei økonomiske og politiske følgdene hennar, men – som vi kjem attende til – på eit kan hende mindre vellukka vis.

Eitt av punkta som ligg til grunn for analysen i boka, er at der finst ein skeivskap mellom einskildmenneske og organisasjonar (verksemder, fylkingar, stat, osb.) – ein skeivskap som digitaliseringa i stor grad forsterkar. På den eine sida ser einskildmenneska ut til å ha take til seg dei mest nyskapande digitale programma. Dagleg nyttar titals millionar Facebook, Twitter, Amazon, osb. På den andre sida ser selskapa ut til fullstendig og med vitande og vilje å ha skild seg åt frå desse programma som folk flest finn seg forført av, for i staden å føretrekkje ein verksemdsmarknad som ikkje har meistra dette brotet, og dimed av naudsyn utviklar seg mindre snøgt. I det heile ser det altså ut til at mangfaldet av dei sokalla «organisasjonane» er vorte fangar av eit slags påbod om varsemd og stengsel – som om dei ser bort frå, eller latar å sjå bort frå, at det fremste draget ved den digitale revolusjonen er at makta frå no av verkar utanfor selskapa.

Denne makta er mengda (multitude) s i makt, og dimed vert boka sin tittel tydeleg. Mengda, fortel forfattarane oss, er mykje meir enn ein kompakt masse. Ho er gjort av einskildmenneske som har sin eigen subjektivitet og som stadig er i samhandling med kvarandre – av einskildmenneske som vert meir og meir samanbunde, opplyste og med ei felles evne til handling på marknaden, som i den gamle bystaten. Omgrepet «mengda» er alt kjent frå dei filosofiske framlegga til Antonio Negri og Michael Hardt, som i Frankrike har vorte utvikla vidare med anna gjennom arbeida til Yann Moulier-Boutang. Hos Hardt og Negri ser «mengda» ut til å innebere den aktuelle oppløysinga av dei sosiale klassane (borgarskap og arbeidarklasse), slik desse vart fødd ut frå produksjonstilhøva under den industrielle kapitalismen, på den tida då sistnemnde hadde råderett over kvar ei produksjonsform og det vart kravd at kvart eit arbeid skulle verte industrialisert. Men det immaterielle arbeidet har i dag teke over for det industrielle arbeidet, i det minste på det symbolske området. I dag dreier det seg om arbeid som handsamar eller tuklar med kunnskap, opplysning og kommunikasjon. Mengda, som er vanskeleg å få grep om, samlar saman særs ulike stoder, livs- og samfunnsformer, ueinsarta skikkar, «særeigenskapar», osb. Den nye kapitalismen artikulerer tankekraft og kjensler – eit arbeid som ligg fullt og heilt i henda på dei som utførar det, men som samstundes vert teke frå dei.

Hos Colin og Verdier ser omgrepet mengda derimot meir ut til å vere meir i tråd med kva den angloamerikanske ordljoden «people» er meint å vise til – altså både folket som masse og dei einskildmenneska han er gjort av. Dei stør seg på arbeida til økonomen James Meade, og med honom reknar dei mengda for å ha vorte kvar ein organisasjon si heilt klart mest innverkande ytterside. Sjå berre, om det enn er svært å få grep om, korleis digitaliseringa har sett grunnleggjande spørjeteikn ved dei økonomiske modellane som den kapitalistiske økonomien er vorte bygd på og av, heilt sidan den fyrste industrielle revolusjonen ved byrjinga av det nittande hundreåret. I staden for produksjon og forbruk av varig tunggods som kan lagrast eller tenester som avheng av infrastrukturen (til dømes elektrisitet eller publisitet, massemedia), dreier det seg no om mengda si makt – altså om heilskapen av produkt, handlingar og opplysningar som er skapt og delt av einskildmenneske, utanfor kvar ein organisasjon (til dømes verksemder). Ifølgje Colin og Verdier er det åleine digitaliseringa som legg for dagen ei slik myldrande skaparevne – og dess meir lèt det digitale oss fange inn, forsterke og bringe denne skaparevna vidare.

Idet ein får henda om denne yttersida, so får ein òg henda om ein ny og immateriell ressurs. I dagens digitale økonomi er dei fremste aktørane dei milliardane av einskildmenneske som mengda er gjort av. Mengda er mektig, flyktig og verksam, og det vert innverknadene hennar som avgjer verdet og veksten i økonomien. Mengda vert altså nykkjelen til økonomisk vekst, der einskildmenneska si handlekraft overgår alt. Einskildmenneska vert, mutatis mutandis, dei nye yttersidene som organisasjonane må lære seg å både leve og rekne med. Å innverke frå (og ikkje på) mengda – det er i dag kva makt handlar om. Av dei som har fatta nettopp dette, finst der, ifølgje boka, berre eit fåtal, som på si side har vorte endeframme digitale kjemper. Amazon, Twitter, Facebook, Google og nokre andre har visst å tilpasse strategiane sine til vår hyperfluide verd, der kundane ter seg som sporvar i vilt sviv, umogleg å føresjå. I staden for best å jakte etter dei, gjeld det å trekkje dei til seg ved å late dei gjere det dei ynskjer. Men denne strategien går rett lengjer enn å snike til seg godlynne.

Det gjeld ikkje berre å halde på kundane sine. Ein må gjere nytte av eit mykje større verde, nemleg brukarane si eige skaparkraft. I det store og heile overgår brukarane organisasjonane sjølv i skaparevne, og for å gjere nytte av ho utviklar dei digitale nybrotsmenna sokalla plattformer. Ei plattform er ein programvare som gjer ressursane tilgjengelege for utviklarane av nye og ukjende program. Ingen organisasjon kan kome opp med ein vare som skal forføre heile kundemassen, med berre sine eigne ressursar til bruk. Ved å gjere organisasjonen sine ressursar tilgjengelege for ein tredjepart, går ein om denne hindringa. Ei plattform er altså ei side eller ei teneste som frå fyrstninga av er tenkt å skulle vere open for at andre skal kunne utvikle nye program, som i sin tur gjer plattforma rikare. Dimed kan ein seie at iPhone er ei plattform, av di hundre tusenar av program ligg framme på App Store, utan at Apple sjølv har måtte bruke ei einaste krone på dei.

Alt i alt er Mengda si tidsalder ei rik og omfattande bok, med stor intelligens og opningar for eit mangfald av moglege ordskifte. Rett nok dreier ho seg fyrst og fremst om styring og leiing, og det kan vere leit at forfattarane ikkje har sett verdet av å utvikle eit meir kritisk blikk på den verda dei skildrar og analyserar. Lesnaden ville vore god om det til dømes skulle gjelde korleis kjempene, desse liberalismens høgsongarar, som både finn seg i monopolstilling og utformar eigarskapsordningane, gjer bruk av personlege opplysingar og treng seg inn i privatlivet til folk. Eller dei nye formene for framandgjering som følgjer av allmenngjeringa av det immaterielle arbeidet, som er svært nok å setje ord på. Eller om dei utforma vidare det dei ved mange høve let skine gjennom, nemleg ein politisk lesnad av dei fenomena som vert studert. Rett nok finst der sider som tek føre seg komande politiske problemstillingar innanfor utdanning, nyskaping, kontrollverksemd og nye forvaltningsformer, men mest skulle ein kan hende ynskje at dei sa noko om mengda idet ho torar og tek det digitale i bruk som eit kampmiddel mot diktatura eller for å finne fram til nye demokratiske ordskifte, eller når ho sameiner det digitale med eldre måtar å gjere opprøyr på, som i høve Los Indignados eller Occupy Wall Street, eller endå når rørsla open data gjer sitt for å fremje ein ny type borgardeltaking (crowdsourcing). Kort sagt, mengda spel ikkje berre ei økonomisk rolle – ho har òg ei borgarleg ei …

Nonfiction, 19.6.2012Omsett frå fransk av Magnus Bøe Michelsen.

Europa

Vagant er et skandinavisk tidsskrift for kritikk og essayistikk. Tidsskriftet har litteratur som utgangspunkt, tar for seg alle kunstarter og rommer også idédebatt og kulturjournalistikk.

Redaksjonen utgir fire numre i året, i tillegg til ukentlige oppdateringer av nettsiden. Første nummer utkom i 1988. Siden 2017 utgir redaksjonen tidsskriftet på egen hånd. Vi oppfordrer alle lesere til å tegne abonnement på papirutgaven.

Vagant redigeres etter Redaktørplakaten, og er medlem i Eurozine og Norsk tidsskriftforening.