Det som alltid har vore der

Minneord om Atle Kittang (1941-2013).

Atle Kittang er død. Det høyrest ut som om det ikkje er sant. Men det må vera sant likevel. Det er ikkje til å tru. At Kittang er borte. For alltid borte. For meg, som vaksen, er han ein av dei som liksom alltid har vore der, sjølv om eg etter at eg var ferdig med studiane så godt som ikkje hadde noko med Kittang å gjera. Han var der liksom likevel. For meg hadde han alltid vore der, og skulle liksom alltid vera der. Og så er han der ikkje lenger.

I dei åra, tidleg på åttitalet, då eg var student i Bergen, så var utan tvil Atle Kittang den viktigaste læraren for meg, og han rettleidde meg òg då eg skreiv hovudoppgåve (rett nok vart det berre to møte – eitt då eg la fram planane, og eitt etter at eg hadde skrive ferdig avhandlinga, eg ville ha det slik, og eg trur ikkje Kittang heller hadde noko imot at eg heldt på så sjølvstendig).

Det stod age av Kittang, av kunnskapen hans, av stringensen hans, og av han sjølv, men ein tenkte nok at han var meir ein framifrå introduktør, formidlar og fortolkar enn nokon skapar. Han var ikkje det. Han var ingen skrivar, sjølv om han skreiv fleire bøker (og eg meiner å hugse at han ein gong sa at det for han var eit slit å skrive). Men for ein formidlar han var, ja faktisk så velorientert at svenske litteraturstuderande i Stockholm på den tid misunte oss som studerte i Bergen, at vi hadde Atle Kittang som lærar. Det dei måtte stri for å få akademisk aksept for, vart det undervist i av Atle Kittang, litteraturprofessor i Bergen. Horace Engdahl, tidlegare sekretær i Svenska Akademien, var ein av dei som sette Kittang høgt. Det har han sjølv sagt til meg.

Sjølv gjekk eg lei av litteraturteori, og eg har Kittang mistenkt for at også han, i alle fall til dels, gjorde det. For eigentleg var det kanskje sin eigen store fascinasjon for litteraturen, for det unikt litterære i litteraturen, han prøvde å finne ut kva kunne vera. Sjølvsagt fann ikkje han heller det ut. Men du så mykje ein fekk lære av å få vera med på litt av den lese- og tankeferda.

Fred over ditt minne, Atle.

Jon Fosse

Grotten, 4. juni 2013

Europa

Vagant er et skandinavisk tidsskrift for kritikk og essayistikk. Tidsskriftet har litteratur som utgangspunkt, tar for seg alle kunstarter og rommer også idédebatt og kulturjournalistikk.

Redaksjonen utgir fire numre i året, i tillegg til ukentlige oppdateringer av nettsiden. Første nummer utkom i 1988. Siden 2017 utgir redaksjonen tidsskriftet på egen hånd. Vi oppfordrer alle lesere til å tegne abonnement på papirutgaven.

Vagant redigeres etter Redaktørplakaten, og er medlem i Eurozine og Norsk tidsskriftforening.