Då Sade var eineveldig

I ei verd der fleire ragnarok allereie har kome og fleire alltid er på veg, er Marquis de Sade «nesten» vår av di han hånar kvart eit håp om å rasjonalisere universet, kvar ei tru på framgang. Sjølve emna i skriftene hans – kroppen, vellysta, erotismen – gjer tekstane til eit forråd for kvar ein tidsalder å ause frå.

Le monde, 28. april 2011

Med Pourquoi le XXe siècle a-t-il pris Sade au sérieux? («Kvifor har det 20. hundreåret teke Sade på alvor?») har Eric Marty, som gav ut verka til Roland Barthes, skreve si kan hende mest vektige bok. Kort fortald dreier det seg om ei blanding av litteraturhistorie og tankar kring korleis Donatien Alphonse François, Marquis de Sade, (1740 – 1814) vart nytta i siste halvdel av førre hundreåret – av Blanchot, Klossowski, Simone de Beauvoir, Lacan, Foucault, Sollers, Barthes og Deleuze…

Ved å følgje desse lesingane, kastar Marty ljos over ein særs fransk tradisjon, der Sade er vorte gjort til ein slags faneberar for den frigjerande moderniteten, noko som skuggar for ein annan tradisjon, som i Sade har sett ein førebuar for det dystre andletet til den same moderniteten, nemleg fascismen og folkemordet (jamfør til dømesOpplysningens dialektikk, av Adorno og Horkheimer).

For Marty dreier det seg ikkje om å setje til veggs heile tidsrommet frå 1947 og dei store artiklane frå Maurice Blanchot – atterbundne året 1949 i hans Lautréamont et Sade – fram til 1979 og filmen frå Pasolini, Salò eller 120 dager i Sodoma, som på si side vart heftig kritisert av somme av dåtidas franske intellektuelle, blant andre Deleuze og Barthes. For Marty, som er ein skarp lesar med auge for dei mindre skilnadene, handlar det tvert imot om å følgje dei heilomvendingane som Sade vart utsett for, der han etter tur vart opphøgd og forkasta som filosof so vel som forfattar. Av dette følgjer ei bok spekka med særdrag, som veit å vike unna fellane ved ein tilbakeskodande nedriving.

Det som gjelds i denne attgjevinga er å fatte korleis ein avvikande romantikar som Sade – ein nedbrytande opplysingsfilosof, ein slags anti-Rousseau og særs flittig forfattar av bøker ein les «med eit halvt auge» – for mange franske intellektuelle enda opp med å verte eit ikon for den fridomsfreistande moderniteten. Kva skuldast det at desse tenkjarane har kunne teke Sade «på alvor», i den grad at dei har gløymd humoren hans? spør Marty. Det kjem av at dei har teke honom til seg for å gjere honom til ein andleg fader for deira eigne tvangstankar: menneskjas daud, kritikken av normene, det tragiske medvitet, avvisinga av etisk tenking, freudianismen, radikaliteten, osb.

Ei slik tilnærming krev at ein legg lokk over lesingar der aristokraten Sade vert sett på som ein føregjengar for fascismen. I den galne freistnaden deira for å gjere Sade til «nesten min» (for å herme den meiningsberande tittelen på Pierre Klossowskis bok frå 1947), so har dei eksistensialistiske, strukturalistiske og semiologiske tenkjarane det til felles at dei alle «avnazifiserer» lesinga av Sade. På same viset, legg Marty til, som dei har kome saman i å late Nietzsche gå fri frå kvar ein påverknad på hitlerismen. Philippe Sollers var kan hende den som dreiv identifiseringa lengst, då han i 1989 skreiv eit uekte apokryft verk av Sades, Contre l’Etre supreme …

Å på denne måten skulle venne Sade til stemninga som rådde i tiåra etter krigen, har hatt sin pris, nemleg oppsetjinga av ein mytologi. Ifølgje denne mytologien er forfattaren av Justine det absolutte offeret: offer for sensuren, sett bak lås og slå for «tankane sine», fyrst i fengsel og sidan på galehuset …

Likevel lèt korkje Marty eller dei «moderne» seg stogge føre dette bleike kvikendet av ein Sade som føregrip hedonismen i samtida. Om Sade er teke «på alvor», so er det mest av alt av di han gjev oss motet til å verte forferda, av di han på førehand undergrev alle mystifikasjonar, anten dei skulle vere konservative og puristiske på femtitalet eller 68’ar-prega og feministiske på syttitalet. For Lacan, til dømes, gjev skrivemåten til Sade uttrykk for ei verd der dauddrifta nærast er eineherskar. Den «guddommelege markgreven» til surrealistane er vorte penneskaft for Thanatos.

Sade, slik han stend fram hos dei moderne, gjeng difor bortanfor 18. hundreårets materialisme og ateisme. Gjennom sekstiåra er han den perverse skalden for øydelegginga av menneskja og naturen. I ei verd der fleire ragnarok allereie har kome og fleire alltid er på veg, er Sade «nesten» vår av di han hånar kvart eit håp om å rasjonalisere universet, kvar ei tru på framgang. Han er ein anti-Hegel, ein «antifilosof». Sjølve emna i skriftene hans – kroppen, vellysta, erotismen – gjer tekstane til eit forråd for kvar ein tidsalder å ause frå.

Likevel møter denne fortrollinga sine grenser hos mesteparten av dei forfattarane som har sett Sade som midtpunkt for tenkinga deira. Lacan syner fort keisemda som skin ut frå dei einsformige skildringane av orgiane. I Galskapens historie (1961) forkastar Foucault helten Sade, for i staden å late seg fengsle av «sexsersjanten» med same namn. Imens har dei intellektuelle teke til eit skifte i korleis dei ser på seksualiteten og perversjonane. Langt frå å vere reiskapen for fridomen og undergravinga, vert lysta frå no av sett på som det ytste borgarlege påbod, som drivfjøra for eit uhemma forbruk. Denne vendinga, som markerast ved Gilles Deleuze og Felix Guattaris Anti-Ødipus(1972) og Foucaults Seksualitetens historie (1976), snur opp ned på biletet av Sade: som ein gong den fremste oppviglaren, ein opprørar og ein anarkist, vert han no ideologen for den «schizofrene kapitalismen».

Den gløymde førebuaren for denne vendinga er, ifølgje Marty, Pierre Klossowski. Han vart den fyrste, i og med La Monnaie vivante (1970), til å stadfeste at perversjonane til Sade i røynda berre var den løynde norma bak forbrukssamfunnet. Men mannen som det overraskar mest å møte i dette følgjet, er filosofen Emmanuel Levinas. Han kjem her til syne som noko meir enn berre horisonten for ei tenking, som, etter endeleg å ha kvitta seg med dei blodige fillene frå Sade, roleg kan setje seg til å tale om etikk. Marty føreslår dristig nok at der fanst ei ljodlaus samtale mellom Levinas og Sade, endå Levinas aldri nemnde Sade og, kan hende, ikkje ein gong hadde lest honom.

Kjem ikkje Sade, i det vonde han feirar, og Levinas, i det endelaust gode han kallar på, saman i freistinga på å sprengje grensene til ein rådande humanisme, som set subjektet i midten av det heile? Marty framhever soleis nokre paradoksale likskapar – til dømes der han liknar den dydige Justine (som stadig vert hardt prøva av libertinarane og alltid fastare i kjærleiken sin til det gode) med Bibelens Job, som var Levinas so kjær.

Det er synd at forfattaren ofrar so få sider til å forklare kvifor åtgåinga av Sade rakna utover på åttitalet. Kan det skuldast at dei romma der det moderne medvitet utfalda seg, nemleg det absurde og det tragiske, trakk seg attende frå den intellektuelle skodeplassen? Samans med denne boka har Marty òg gjeve oss nostalgien for ei tid der ulukkene til Justine og valden til Juliette fekk folk til å tenkje.

Omsett frå fransk av Magnus Bøe Michelsen

Eric Marty:
Pourquoi le XXe siècle a-t-il pris Sade au sérieux?
Seuil, 2011

Bilde

Europa

Vagant er et skandinavisk tidsskrift for kritikk og essayistikk. Tidsskriftet har litteratur som utgangspunkt, tar for seg alle kunstarter og rommer også idédebatt og kulturjournalistikk.

Redaksjonen utgir fire numre i året, i tillegg til ukentlige oppdateringer av nettsiden. Første nummer utkom i 1988. Siden 2017 utgir redaksjonen tidsskriftet på egen hånd. Vi oppfordrer alle lesere til å tegne abonnement på papirutgaven.

Vagant redigeres etter Redaktørplakaten, og er medlem i Eurozine og Norsk tidsskriftforening.