Brev frå Jamaica

Svar frå ein sudamerikanar til ein vyrd mann på denne øya.

Kingston, 6te september 1815

Eg skundar meg å svara på brevet av 29ande i førre månad som De gjorde meg den ære å stila til meg, og som eg mottok med stor glede.

Kjenslevar – som eg bør vera – for den interesse som De syner for lagnaden åt fedrelandet mitt, og sorgtyngd av all den liding det har måtta gjennomgå, frå det vart oppdaga og fram til i dag, for skuld øydingsmennene frå Spania, kjenner eg meg endå meir pliktig til å svara på Dykkar stendige oppmodingar om å gjera greie for føremålet med den amerikanske politikken. Soleis er eg no midt i ein indre strid mellom ynsket om å gjeva tilsvar på den tillit som De syner meg og hindringa frå å kunna greia det, dels av mangel på dokument og bøker og dels på grunn av mine avgrensa kunnskapar om eit so umåteleg stort, variert og ukjent landområde som Den nye verda.

Slik eg ser det, er det uråd å svara på dei spursmåla som De har gjort meg den ære å leggja fram for meg. Sjølv Baron Humboldt, med dei universelle kunnskapane han har av teoretisk og praktisk karakter, ville knapt kunna greia det med skikk, for sjølv om oppreisten i Amerika og ein del statistiske opplysningar er kjende, torer eg påstå at det meste er innhylla i skoddeeim, og fylgjeleg kan ein berre koma med meir eller mindre presise gissingar. Særleg gjeld det for det som heng i hop med vår framtidige lagnad og dei verkeleg store tiltak for oss amerikanarar; for i tillegg til alle dei mogelege kombinasjonar eit folk si soga kan innehalda, må me ogso ta med i reknestykket den fysiske plassering, krigens omskiftelege natur og reint politiske overslag.

Ettersom eg kjenner meg pliktig til å syna vyrdnad og interesse for det verdfulle brevet Dykkar, og ikkje minst for dei filantropiske synspunkt som kjem fram, er eg so fri å senda Dykk desse linene, der De visseleg ikkje vil finna dei klårgjerande idéar De skulle ynskja å sjå, men snarare mine truskuldig uttrykte tankar.

«Det er tre hundrad år sidan,» seier De, «at spanjolane tok til med si barbariske åtferd på Kolumbus si store halvkule.» Eit barbari som notida har avvist som utruleg, som segnvore, fordi ugjerningane verkar større enn sjølv den mest rangsnudde menneskeåtferd; og moderne kritikarar ville ikkje kunna tru på dei om ikkje vedvarande og oppattakande dokument stadfesta desse syrgjelege sanningar. Den menneskekjære biskopen i Chiapas, Amerikas apostel, Las Casas, har lete etter seg ei stutt utgreiing om desse, henta ut frå rettsprotokollane etter Konkvistadorane i Sevilla, med vitnemål frå det som den gong var av vyrdande folk i Den nye verda og med sjølve rettssakene som tyrannane førde seg imellom, slik det går fram av den makelause historieskrivinga frå den tid. Alle som er upartiske har lagt vekt på ihugen, sanningssøkjinga og dygdene til den menneskevenen som med so mykje eldhug og sjelsstyrke melde frå til riksstyret og samtida om alle dei fælslege brotsverk utførte med blodig villskap.

Med hjarta fullt av takksemd les eg den delen av brevet Dykkar der De gjev uttrykk for «at De vonar at dei hendingar som den gong etterfylgde dei spanske våpena, no må koma dei til gode som er motstandarane deira, dei mykje underkua sudamerikanarane»! Eg ser dette ynsket som eit førevarsel, om det no er slik at det er rettferda som avgjer i dei store konfliktane. Striden vår vil verta kruna med hell, for Amerikas lagnad er no ubrigdeleg fastlagd; dei band som knytte det i hop med Spania er brotne; folkemeininga var styrken i sambandet og det kontaktstyrkjande elementet mellom partane i det vidstrekte monarkiet; det som før knytte i hop verkar no kløyvande; større er no hatet som Den iberiske halvøy valdar enn havet som skil oss frå henne; lettare vil det vera å sameina dei to kontinenta enn å få til ei åndeleg forsoning mellom dei to partane.

Den inngrodde lydnaden; eit hopehav i handel, opplysning og religion; all samhug oss imellom; ein inderleg godhug for våre fedres opphav og ærerike fortid; stutt sagt, alt det som våre voner var tufta på, hadde me fått frå Spania. Det var grunnlaget for eit tilslutningsprinsipp som tyktest å gjelda for all framtid, men åtferda til makthavarane våre verka til å svekkja denne velviljen, eller rettare sagt, denne påtvinga truskapen andsynes imperieveldet. No til dags er det det motsette som hender oss: død, vanære, me er truga av – og fryktar – alt som er skadeleg; alt lyt me lida på grunn av dette vrengebiletet av ei stemor. Sløret er flerra, me har sett ljoset og dei vil føra oss inn att i mørkret, lekkjene har blitt brotne, me er vortne frie og fiendane våre freistar på nytt å gjera oss til slavar. Difor kjempar no Amerika i hugsprengd fortviling, og det er ikkje ofte at ikkje den djupe vonløysa har slite seg fram til ein endeleg siger.

Men sjølv om det som har hendt har hatt mindre omfang og har gjeve tilbakeslag, skal me ikkje tvila på at me vil ha hell og framgang. Nokre stader har dei som strir for sjølvstende vunne fram, medan tyrannane har fått overtaket andre stader, og kva vert då endelykta? Er det ikkje slik at heile Den nye verda er oppskaka og væpna for å verna om eigne interesser? Om me ser oss ikring, vil me leggja merke til at det på ei og same tid går føre seg kampar på heile den store halvkula vår.

Krigstilstanden i Río de la Plata-provinsane har rydda og reinsa heile landområdet og ført dei sigerrike troppane fram mot det sentrale Peru. Der skaper dei eldhug i Arequipa og stor uro mellom dei kongetrugne i Lima. Nærare ein million av dei som held til der lever no i fridom.

Kongedømet Chile, med sine 800 000 sjeler, har gått til strid mot fiendane som freistar å halda dei nede i avmakt; noko som er nyttelaust, for dei som før sette grenser for hertakinga av landet, dei ukuelege og frie araukanane, er grannar og landsmenn; og deira storarta føredøme er meir enn nok for å prova at det folket som elskar sitt eige sjølvstende ogso vil vinna det til slutt.

Det peruanske visekongedømet, som har eit folketal på meir enn ein og ein halv million, er utan tvil det mest underkua og det som har blitt påtvinga flest offer for skuld Kongemakta; og sjølv om dei har vore fåfengde dei framstøytane som gjeld denne luten av Amerika, er det klårt at det ikkje lenger er fred og ro, og at heller ikkje her er dei i stand til å setja seg opp mot den ofsen som trugar dei andre provinsane der.

Det nye Granada, som – for å seia det slik – er sjølve hjarta i Amerika, er underlagd eit sams styre, burtsett frå kongedømet Quito, som med store vanskar held fiendane sine i sjakk i sin sterke tilslutnad til kampen for fedrelandet, og provinsane Panama og Santa Marta som i smerte lider under hardstyret til makthavarane. To og ein halv millon menneske finst det, spreidd utover dette landområdet, som for tida verjar seg mot den spanske heren under general Morillos kommando, og som truleg vil bukka under framfor den uinntakelege festningen Cartagena. Men om det skulle lukkast, vil det vera til ein pris av svære tap, og dei manglar sjølvsagt styrkar til å tøyma dei fornemme og ville bebuarane innanfor.

Med omsyn til det heltemodige og ulukkelege Venezuela, har hendingane der skjedd i ein slik fart, og øydeleggingane vore so store, at det meste har blitt redusert til rein armodsdom og til skræmeleg einsemd; og det trass i at det var eit av dei vakraste land som Amerika hadde å kyta av. Tyrannane der styrer ei øydemark; og dei underkuar einast dei triste restane av dei som hadde sloppe undan døden og som held ved lag ein utrygg eksistens; nokre kvinner, born og gamlingar er det som er att. Dei andre har gått i døden for å sleppa å verta trælar, og dei som lever, kjempar med kraft og mod på slagmarkene og i landsbyane i det indre, til siste andedrag eller til dess dei kastar på havet dei som i sin ustoppelege torste etter blod og valdsverk, rivaliserer med dei fyrste av dei udyr i menneskeham som utrydja urfolket i Amerika. Det vart rekna med eit folketal på kring ein million i Venezuela; og utan å overdriva kan ein garantera at ein fjerdepart har vorte ofra for landet, sverdet, svolten, farsotta, utvandringa; med undantak av jordskjelv er alt eit resultat av krigen.

I Det nye Spania var det i 1808, ifylgje baron Humboldt, 7 800 000 sjeler, når ein tek med Guatemala. Frå den tid av har oppreisten som har skaka opp alle provinsar ført til påfallande nedgang i det overslaget, som tykkjest eksakt; for meir enn ein million menneske har lete livet, slik De sjølv kan konstatera i Mr. Waltons oversyn, som på sætande vis skildrar dei hjarterå brotsverk som vart utførde i hitt velståande overflodsimperium. Der held ein oppe kampen ved å ofra menneske og alt som er, for spanjolane sparer ingenting, so sant dei kan lukkast i å underkua dei som har hatt den vanlagnad å fødast i dette landet, som tykkjest vera lagnadsstyrt til å ovfyllast med blodet til landets eigne søner. Men trass i alt dette kjem meksikanarane til å verta frie, for dei har slutta seg til fridomspartiet, gjennom avgjerda om å hemna forfedrene og å fylgja dei like til gravstaden. No seier dei som Raynall: Tida er inne til å betala spanjolane att straff for straff og å kjøva dette folket av utrydjarar i deira eige blod eller i havet.

Øyane Puerto Rico og Cuba som seg imellom kan utgjera eit folketal på 700-800 000 sjeler, er det fredelegaste området spanjolane eig, for dei er utan kontakt med dei som strider for sjølvstende. Men er dei då ikkje amerikanarar desse øybuarane? Vert dei ikkje hersa med? Ynskjer dei ikkje eiga velferd?

Dette biletet som her vert teikna er etter militær mælestav på 2 000 spanske mil i si lengd og på 900 i breidd der det er størst, eit område der 16 millionar amerikanarar kjempar for sine rettar eller er underkua av den spanske nasjonen, som sjølv om han i si tid var det største imperiet i verda, no sit att med manglande kraft til å rå over den nye halvkula og til å gjera seg gjeldande på den gamle. Og er det verkeleg slik at det siviliserte Europa med sin handel og fridomselsk, godtek at ein gamal slange, i rein trå etter å tilfredsstilla sin eigen giftvreide, tyner den vakraste luten av kloten vår? Er Europa dauv for jammerropet om eigenbate? Har det ikkje lenger augo for rettferd? Kor forherda må det ikkje ha blitt når det ter seg so kjenslelaust? Di meir eg tenkjer på desse spursmåla, di meir uviss vert eg; eg tek meg i å tru at det har som mål å gjera om inkje heile Amerika; men det er umogeleg, for heile Europa er då ikkje Spania. Snakk om galskap som fienden vår hyser ved å gjera krav på å vinna att heile Amerika, utan marine, utan rikdom og mest utan soldatar!, for dei som er att, er knapt mange nok til å halda folket i landet i valdeleg lydnad og til å verja seg mot grannelanda. På den andre sida, kan ein slik nasjon driva med einehandel på halve verda, utan handelsvarer, utan territorial produksjon, utan kunst, utan vitskap, utan politikk? Om no eit slikt galmanns tiltak skulle ha lukkast; og enn meir under føresetnad at ein hadde lukkast i å skapa fred, skulle ikkje likevel sønene til amerikanarane som lever i dag, og som er sameinte med dei europeiske gjenerobrarane, om 20 år på nytt utvikla dei same patriotiske planane som ein no freistar å nedkjempa?

Europa ville gjera ei velgjerning mot Spania ved å telja landet frå sitt stridlyndte ovmod; for i det minste ville det spara seg dei utloger som dei ber og det blodet som flyt; og i staden venda merksemda mot heimemarkene, med det føremål å leggja grunnlag for framgang og makt på eit meir solid fundament enn dei usikre erobringane, ein utrygg handel og valdshandlingar mellom folk i fiendslege og mektige land langt burte. Europa sjølv burde, i samsvar med sunn politikk, ha førebudd og gjennomført planane om amerikansk sjølvstende; ikkje berre fordi kravet om likevekt i verda tilseier det; men fordi det er den legitime og sikre måten å skaffa seg handelsplassar på andre sida av havet. Det Europa som ikkje er oppøst av sterk hemnhug, ære- og havesykja, som Spania, skulle ein tru hadde autorisasjon gjennom likevektslover til å syna spanjolane kva som var deira verkelege interesser.

Dei forfattarane som har skrive om dette emnet, kjem i hug dette. Fylgjeleg venta me med god grunn at alle kulturnasjonar ville skunda seg med å hjelpa oss, for at me skulle kunna oppnå eit gode som ville vera til innbyrdes bate for begge halvkuler. Men kor vonsvikne vart me ikkje! Ikkje berre europearane, men ogso brørne våre i nord, har halde seg som urørlege tilskodarar til denne kampen, som i sin grunnhått er den mest rettvise og som utfrå resultata vil vera den vakraste og viktigaste av alle dei stridar som det har blitt yppa til i både farne og moderne tider, for korleis skal ein kunna talfesta den avgjerande hending som fridom for Kolumbus’ halvkule ville vera?

«Den trulause måten Bonaparte,» seier De, «tok til fange Karl IV og Ferdinand VII, kongar av denne nasjonen, som for tre hundrad år sidan fengsla på svikefullt vis to av monarkane i Sud-Amerika, er eit opplagt døme på guddomleg attergjeld, og samstundes eit prov på at Gud støttar opp om amerikanarane si rettferdssak og vil gjeva dei sjølvstende.»

Det ser ut for at De siktar til monarken i Meksiko, Montezuma, teken til fange av Cortés og drepen, ifylgje Herrera, av same mann, sjølv om Solís seier at det var folket som gjorde det; og til Atahualpa, Inkaen i Peru, knust av Francisco Pizarro og Diego de Almagro. Men det er ein slik skilnad på lagnaden åt dei spanske kongane og den som vart dei amerikanske til del, at det ikkje opnar for samanlikning; dei fyrste fekk ei finsleg medferd og vart tekne hand om, og vann til slutt att både fridom og kongetrune; medan dei siste vart utsette for uhøyrde pinsler og den mest skamfulle audmyking. Om no Guatimozín, etterfylgjaren til Montezuma, vart hylla som keisar og fekk kruna på hovudet, so var det berre for spott og ikkje av respekt; for at han skulle oppleva ogso denne hædinga før han vart torturert. Liknande lagnad som denne monarken fekk òg kongen av Michoacán, Catzontzín; Zipaen av Bogotá og alle dei toquiar, imaer, zipaer, ulmenar og andre hovdingar og framståande indianarar som bukka under for spansk våpenmakt. Det som hende med Ferdinand VII liknar meir på det som skjedde i Chile i 1535, med ulmen-hovdingen frå Copiapó, som den gong rådde over det området. Som Bonaparte lét spanjolen Almagro som om han tok parti for den lovlege makthavaren og hans sak. Og deretter stemner han inn for retten maktranaren, slik Ferdinand vart i Spania; han lét som om han vil setja inn att den lovlege makthavaren, og endar opp med å leggja i lekkjer og brenna på bålet den ulukkelege ulmenen, utan eingong å vilja høyra på verjemålet hans. Dette er leksa om Ferdinand VII og maktranaren hans. Dei europeiske kongane opplever einast å gå i utlegd; ulmen-hovdingen i Chile endar livet sitt på den mest grufulle måte.

«I nokre månader,» legg De til, «har eg tenkt mykje over situasjonen til amerikanarane og framtidsvonene deira; eg har stor interesse for korleis det går med dei, men eg saknar meir rapportar om den aktuelle situasjonen og kva som er siktemålet; eg har eit umetteleg ynske om å få kjennskap til det politiske livet i kvar einaste provins, og til folket som bur der, om dei ynskjer republikk eller monarki, om dei vil skipa ein stor republikk eller eit stort monarki. All informasjon av dette slaget som De måtte kunna gjeva meg, eller påpeiking av kjelder som eg bør søkja etter, vil eg verdsetja som ei særleg veneteneste.»

Alltid har vidsynte åndsmenneske synt interesse for lagnaden åt eit folk som gjer seg den møde å vinna att dei rettar som Skaparen og naturen har utstyrt dei med; og det er i sanning bisneleg å sjå alle feil og alt strev som vert utført for ikkje å hysa slike edle kjensler: De har tenkt på landet mitt og er oppteken av det; denne velviljen vekkjer i meg ei levande takksemd.

Eg har nemnt folkesetnaden, som ein reknar seg fram til etter meir eller mindre eksakte data, som tusundtals omstende gjer upålitelege, utan at det er lett å rå bot på den vantande grannsemd, fordi fleirtalet av dei som bur der har enkle landsens bustader, og ofte er dei omstreifande, anten dei no er jordarbeidarar, gjætarar, nomadar, eller villfaringar midt i dei tette og endelause skogane, på dei einsame slettene som ligg i avgøymer mellom innsjøar og elvar med svær vassføring. Kven kan vera i stand til å laga fullgod statistikk for slike kongedøme? Dessutan medfører skattane som dei innfødde betalar; straffearbeidet åt slavane; naturalieoffer, tiende og avgifter som fell på arbeidarane og andre påkomne utloger; at dei fattige amerikanarane lyt fara burt frå heimane sine. Og dette utan å ta med utrydjingskrigen som har meia ned om lag ein åttandedel av folket og som har skræmt burt mange menneske; vanskane er med andre ord uoverstigelege og manntalet vert nok redusert til halvparten av det verkelege folketalet.

Endå verre er det å spå om korleis det vil gå med Den nye verda i framtida, å etablera retningsliner for det politiske livet og framsetja spådomar om kva for styreform som vert vald og korleis det vil te seg. All freistnad på å fanga i tankar framtida til dette landet er for meg eit vågespel. Den gong manneætta var i barndomen, omgjeven av so mykje uvisse, vankunna og mistak, kunne ein då sjå på førehand kva styre ho ville gå inn for for å ta vare på seg sjølv og etterkomarane? Kven ville påta seg å seia: den nasjonen vert republikk og den monarki, denne her vil verta liten og den der vil verta stor? Slik eg ser det, er dette biletet på tilstanden hjå oss. Me er ein liten del av menneskerasen; me eig ei verd for oss sjølve, omgjeven av store hav, ein nykomar i mest alt som har med kunst og vitskap å gjera, sjølv om me på eit vis er tilårskomne i røynsla med å ha ein sivil stat. Eg ser på stoda i Amerika i dag som då Det romerske verdsriket hadde styrta saman og kvar fråskild lem utgjorde eit politisk system i samsvar med eigne interesser og eigen tilstand, og i samhøve med dei særlege målsetjingane til visse styringsmenn, ætter eller sameiningar; med dette viktige skiljet, at hine spreidde lemer tok til å byggja opp att sine gamle nasjonar med dei endringar som hendingar og tilstand krov; medan me på vår side, som knapt har teke vare på restar eller merke etter det me eingong var, og som dessutan ikkje er korkje indianarar eller europearar, men snarare ein mellomting mellom dei lovlege eigarane av landet og dei spanske maktranarane: stutt sagt, som amerikanarar av fødsel og med rettar frå Europa, lyt me ordskiftast om desse med dei frå landet og halda oss i det mot inntrengjarane sin invasjon; slik har me hamna i den mest særlaga og kompliserte av alle tilstandar; men sjølv om det er ein slags spådomskunst å peika ut resultatet av den politiske lina som Amerika måtte fylgja, torer eg våga meg frampå med nokre gissingar, som eg sjølvsagt held for å vera vilkårlege og dikterte av eit rasjonelt ynske og ikkje det rimelege resultatet av eit resonnement.

Gjennom hundradår har dei som bur på den amerikanske halvkula halde seg passive, politikk har vore fråverande, eit stort hol. Me var på eit endå lågare nivå av trældom, og hadde difor eit dårleg utgangspunkt for å lyfta oss opp til å njota fridom. Tillat meg å drøfta dette som saksunderlag. Statane er slavebundne slik dei er skipa og gjennom misbruk av skipnaden. Dinest er eit folk for slave å rekna når riksstyret, i sitt vesen eller av lyte, trakkar på eller frårøvar rettane åt borgarane eller undersåttane. Ved å gjera bruk av desse prinsippa vil me finna at Amerika ikkje berre var fråteken fridomen sin, men ogso det aktive og dominerande tyranni. Eg vil freista å klårleggja dette. I einevaldsstyre kjenner ein ingen grenser for å utøva styringsretten: viljen til den store sultanen, khanen, kongen og andre despotiske makthavarar er den høgste lov og han vert nærast vilkårleg iverksett av dei underordna pasjaer, khanar og satrapar i Tyrkia og Persia, som har organisert ei undertrykking som undersåttane er med på i samhøve med den autoritet dei har fått tildelt. Dei har fått i oppdrag å ta seg av det sivile, militære og politiske styret, pengeinnkrevjing og religion. Men i det minste er dei styrande i Ispahan persarar, og visirane til Storherren er tyrkarar, og sultanane i Tartaria er tartarar. Kina leitar ikkje etter militære og lærde makthavarar å senda til Gengis Khans rike, som erobra landet, sjølv om dei noverande kinesarane er direkte etterkomarar av dei som vart underkua av forfedrene til dei noverande tartarane.

Kor annleis er det ikkje hjå oss! Me vart plaga med ei åtferd som i tillegg til å fråta oss rettar som tilkom oss, lét oss leva i ein slags permanent barndom med omsyn til offentlege transaksjonar. Om me no berre hadde styrt med våre eigne interne saker i heimestyret vårt, so ville me ha fått kunnskap om saksgangen i offentlege tingingar, og me ville ogso kunna njota det personlege omdømet og den automatiske respekt ein får i folks augo og som det er viktig å ha i revolusjonstider. Det er på dette grunnlag eg har sagt at me var fråtekne til og med det aktive tyranni, for me hadde ikkje løyve til å utøva desse funksjonane.

Med det spanske systemet som stend ved lag, kanskje med større kraft enn nokon gong, har ikkje amerikanarane annan plass i samfunnet enn den å vera sine eigne trælar i arbeidet, og i beste fall simple forbrukarar; og til og med i denne rolla er dei avgrensa av sjokkerande restriksjonar: døme på dette er forbod mot å dyrka europeisk frukt, forbod mot produksjon som Kongen har monopol på, forhindring mot å reisa fabrikkar som ikkje er eigd av folk frå den iberiske halvøy, einerettar til handel endåtil med dei mest grunnleggjande forbruksvarer, hindringar mellom dei ulike amerikanske provinsar, for at dei ikkje skal ha samkvem, samhandling og samhandel; stutt sagt, ynskjer De å vita kva me er etla til? Å ha landområde til å dyrka indigoplanter, raudfargelus, kaffi, sukkerrøyr, kakao og bomull, dei einsame slettene til kvegdrift, øydemarkene til å jakta på villdyr, jordas innvolar til å grava ut det gullet som aldri mettar denne gjeruge nasjonen.

So negativ var stoda vår at eg ikkje finn maken i noko anna sivilisert samfunn, kor mykje eg enn saumfer alle tidsaldrar og dei politiske tilhøve i alle land. Å gjera krav på at eit land som er so lukkeleg skipa, so stort og rikt og med so mykje folk, berre skulle halda seg passivt, er ikkje det eit overgrep og eit valdsverk mot menneskerettane?

Som eg nettopp har synt, var me sett burt ifrå, lat oss seia at me var fråverande i universet i høve til alt som har med statleg administrasjon og styringskunnskap å gjera. Me var aldri visekongar eller guvernørar, utan i særtilfelle; erkebispar og bispar berre nokre få gonger; diplomatar aldri; militære berre som underordna; adelsmenn utan kongelege privileg; og me var heller ikkje domarar, finansfolk og knapt nok kjøpmenn; alt er lovbrot og i motstrid med våre institusjonar.

Keisar Karl V gjorde ein avtale med oppdagarane, erobrarane og nybyggjarane i Amerika, og den er, som Guerra seier det, vår sosiale kontrakt. Dei spanske kongane gjorde høgtideleg avtale med dei at dei gjorde det på eigen vågnad og kostnad. Dei forbaud dei å gjera det på kostnad av dei kongelege finansar, og av denne grunn fekk dei løyve til å verta herrar over jorda, til å styra med administrasjonen og ha den dømande makt, og ha mange andre fritak og privileg som det vert omstendeleg å ramsa opp. Kongen påtok seg å aldri avhenda dei amerikanske provinsar, sidan han einast hadde den overordna jurisdiksjonen, og det vart som ein slags føydaleigedom det som konkvistadorane fekk i eige til seg og sine etterkomarar. Samstundes eksisterer det klåre lover som favoriserer på eksklusivt vis dei som er fødde i Spania med omsyn til embetspostar, både sivile og kyrkjelege, og i høve til skatteinnkrevjing. Dermed har det vorte slik at i motstrid med lova og dei underliggjande avtalar, har dei heimehøyrande vortne fråtekne den konstitusjonelle makt og rett som lovkodeksen gav dei.

Av det eg har nemnt vil det vera enkelt å slutta at Amerika ikkje var førebudd på å lausriva seg frå moderlandet, slik det brått skjedde, som eit resultat av dei ulovlege avhendingane i Bayonne og den urettvise krigen som Regentstyret kunngjorde mot oss, utan nokon rett til det, berre av mangel på lov og legitimitet. Om det spanske riksstyrets vesen, deira trugande og uvenlege dekret, og heile utviklinga i deira desperate åtferd, finst det skrifter, av beste merke, i bladet “El Español”, som herr Blanco er forfattar av; og sidan deler av vår historie er godt omtala der, avgrensar eg meg til å peika på det.

Amerikanarane har brått stege fram, utan førebuande kunnskapar, og det som er endå meir merkande, utan røynsle frå offentlege tingingar, for å vera målsmenn på verdsscena som framståande dignitarar for den lovgjevande makt, magistratar, finansadministratorar, diplomatar, generalar og alle dei overordna og underordna autoritetar som utgjer hierarkiet i ein stat som er organisert på regulær måte.

Då dei franske ørnene berre hadde age for bymurane i Cádiz, og i svevet overkøyrde det skrøpelege styret på Den iberiske halvøya, vart me som foreldrelause born. Alt før den tid hadde me vorte overletne til ein framand maktranars godtykke; og deretter, smeikte av den rettferd som me hadde krav på og med falske voner som alltid enda opp som narrespel; og so til slutt, uvisse på kva framtid me hadde i vente, og med trugsmål om anarki hangande over oss og på grunn av mangelen på eit styre som var lovleg, rettvist og liberalt, fór me hovudstups inn i revolusjonens kaos. I ein fyrste fase tok ein berre sikte på å syta for indre tryggleik, mot dei fiendane me hadde mellom oss. Deretter utvida ein det til òg å gjelda ytre tryggleik; me fekk på plass styringsmenn som kom i staden for dei me nettopp hadde fjerna, folk som hadde til oppgåve å styra revolusjonsprosessen og å utnytta dei heppelege omstende me fekk til å skipa eit konstitusjonelt riksstyre, verdig dette hundradår og høveleg for tilstanden hjå oss.

Alle dei nye riksstyra markerte seg ved å skipa folkemøte. Desse fekk straks sett opp regelverk for innkalling av kongressar som gjorde vedtak om viktige endringar. Venezuela fekk skipa eit demokratisk og føderalt riksstyre, der ein på førehand hadde kunngjort menneskerettane og held ved lag jamvekta mellom statsmaktene og lovfesta statuttar til bate for sivile fridomsrettar, prentefridom m.m.; deretter vart det sjølvstendige riksstyret konstituert. Det nye Granada fylgde i eitt og alt dei politiske skipnader og reformer som Venezuela hadde sett ut i livet, og la som grunnfundament for konstitusjonen det mest overdrivne føderalsystem som har eksistert; seinare har det kome til utbetringar med omsyn til ålmenne reglar for den utøvande makt, som har fått dei rettar dei har krav på. Skjønar eg det rett, har Buenos Aires og Chile fylgt det same opplegget; men sidan dei ligg so langt burte, dokumenta deira er vanskelege å oppdriva og meldingane unøyaktige, torer eg framleis ikkje å gje ei skisse av det som der har gått føre seg.

Hendingane i Meksiko har vore altfor ueinsarta, kompliserte, lynsnare og ulukkelege til at ein kan fylgja med i revolusjonsprosessen der. Me manglar dessutan so pass instruktive dokument at me er i stand til å vurdera dei. Etter det me skjønar, tok sjølvstendeflokken i Meksiko til med oppreisten i september 1810, og berre eitt år seinare hadde dei samla styret sitt i Zitácuaro og der fått på plass ei nasjonal forsamling, under Ferdinand VII sin proteksjon, og med regjeringsfunksjonane utførde i hans namn. For skuld krigshandlingane, vart denne forsamlinga flytta til ulike stader, og det er truleg at ho har halde det gåande like til no, med dei tillempingar som hendingane medfører. Det vert sagt at dei har ordna seg med ein generalísimus eller diktator, og at det er den namngjetne general Morelos; andre talar om den vidspurde general Rayón; det som er sikkert er at det er ein av desse stormennene, eller båe kvar for seg, som har den overordna makt i det landet; og nyleg har det kome til ei grunnlov for statsstyret. I mars 1812 la riksstyret, som då heldt til i Zultepec, fram ein plan om fred og krig for visekongen i Meksiko, ein plan uttenkt i stor visdom. Der vart det sett fram krav om folks rettar, og grunntankane vart fastslegne med ei uimotseieleg grannsemd. Forsamlinga gjorde framlegg om at krigen måtte verta førd som mellom brør og medborgarar, at han ikkje måtte vera meir nådelaus enn mellom framande nasjonar; at folk sine rettar i krig, ukrenkjelege for vantru og barbarar, måtte gjelda endå sterkare for kristne, underkasta ein majestet og dei same lover; at fangane ikkje måtte verta medfarne som majestetsforbrytarar og heller ikkje halshogne dei som overgav seg, men at dei vart haldne som gislar som kan utvekslast; at ein ikkje gjeng inn med blod og eld i fredelege bysamfunn, og heller ikkje ofrar dei ved å desimera eller plukka ut kvar femte mann; og slår til slutt fast at dersom ein ikkje går med på denne planen, vil strenge represaliar verta iverksette. Dette framlegget til drøftingar vart utsett for den største vanvyrdnad; det kom ikkje svar til nasjonalforsamlinga; dei opphavlege kommunikéa vart brende offentleg på torgplassen i Meksiko, av skarprettaren personleg, og utrydjingskrigen heldt fram frå spansk side med vanleg villskap, medan meksikanarane og dei andre amerikanske nasjonane ikkje gjorde det og heller ikkje drap dei krigsfangar som var spanske. Her kan ein leggja merke til at av konvensjonelle grunnar heldt ein ved lag ei tilsynelatande underordning under kongen og endåtil under monarkiets konstitusjon. Det ser ut for at nasjonalforsamlinga er eineveldig i utøvinga av dei lovgjevande, utøvande og dømande funksjonar og at talet på medlemer er svært avgrensa.

Hendingane på Fastlandet har synt oss at dei fullt ut representative institusjonane ikkje høver til vår natur, vanar og gjeldande opplysningsnivå. I Caracas hadde partiånda sitt opphav i samskipnader, møte og folkerøystingar; og desse partia førde oss tilbake til slavekår. Og ettersom Venezuela har vore den amerikanske republiken som har vore mest avansert i sine politiske institusjonar, so har det ogso vore det klåraste eksempelet på kor ineffektive demokratiske og føderale former kan vera for våre nyfødde statar. I Det nye Granada har dei overdrivne fullmaktene til provinsstyra og mangelen på sentralisering reint ålment gjort det vakre landet til ein stat som vert mindre og mindre for kvar dag. Av den grunn har dei veike fiendane mot riket mot all rimelegskap greidd å halda posisjonen. So lenge våre landsmenn ikkje utviklar dei talent og dygder som særmerkjer våre brør i Nord, ottast eg at det fulle folkestyre, i staden for å vera til bate for oss, vil føra til vår ruin. Diverre ser det ut for at desse eigenskapane er oss fjerne i den grad det er trong for; tvert imot er me merkte av dei laster og lyte ein tileignar seg under styringa åt ein nasjon som den spanske, som berre har utmerkja seg i villskap, æresykje, hemnhug og havesykje.

«Det er vanskelegare,» seier Montesquieu, «å draga eit folk ut or trældom enn å underkua eit som er fritt.» Denne sanninga har til alle tider vorte prova av det som står i historierapportane, som syner at fleirtalet av dei frie nasjonane under åket har vunne att fridomen sin, medan det berre har skjedd få gonger med dei ufrie. Trass i overtydinga om at det er slik, har dei sudlege nasjonane på dette kontinentet gjort kjent at dei strevar for å oppnå frie, og endåtil perfekte, institusjonar, utan tvil på grunn av det instinktet som alle menneske hyser om å oppnå den største lukka, den som ein uungåeleg får del i i dei siviliserte samfunn, når desse er grunnlagde på rettferd, fridom og likskap. Men vil me vera i stand til å halda i sann likevekt den tunge byrda som ein republikk er? Kan ein sjå for seg at eit folk som nettopp har brote lekkjene, skal kasta seg ut mot fridomssfæren utan at det, til liks med Ikaros, fær øydelagt vengene og styrtar i avgrunnen? Eit slikt under er ikkje til å tru, dette har ingen sett. Fylgjeleg er det ikkje eit sannsynleg rasjonelt grunnlag for å nøra slike voner.

Meir enn nokon annan ynskjer eg å sjå at det i Amerika vert skipa den gjævaste nasjon i verda, ikkje i storleik og rikdom, men med omsyn til fridom og ære. Sjølv om eg har som målsetjing å få det perfekte styre i fedrelandet mitt, kan eg ikkje overtydast om at Den nye verda i denne stund skal verta administrert som ein stor republikk; sidan det er umogeleg, torer eg ikkje ynskja det, og endå mindre ynskjer eg eit altomfemnande monarki i Amerika, for utan å vera nyttigt er ogso eit slikt prosjekt umogeleg. Den lovløysa som finst i dag, ville ikkje lata seg reformera burt, og atterfødinga ville vera resultatlaus. Dei amerikanske statane har trong for omsut og tilsyn frå eit paternalistisk styre som kan lækja alle sår og skader etter despotisme og krig. Moderlandet ville til dømes vera Meksiko, som er det einaste som kan vera det på grunnlag av ibuande kraft, for utan det er det ikkje moderland. Lat oss seia at det skulle ha vore Panama-landstripa, midtpunkt for alle dei ekstreme ytterkantar me har på dette store kontinentet, ville ikkje området likevel ha halde fram i si avmakt og jamvel med den noverande uorden? For at eit einaste riksstyre skulle gje liv, kveikja og setja i rørsle alle drivfjørene i den offentlege velstand, og vøla, dana og perfeksjonera Den nye verda, måtte det ha Guds eigenskapar, eller i minsto all den opplysning og alle dei dygder som finst på vår jord.

Den partisplid som no ovrar seg i statane våre, ville fata med større kraft, sidan sjølve maktkjelda, den einaste som kunne kjøva han, var fråverande. Dessutan ville stormennene i hovudstadane ikkje finna seg i overmakta til dei heimehøyrande i moderlandet vårt, dei ville berre sjå på dei som nye tyrannar: Mistrua og misunninga ville verta so sterk at dei enda opp med å samanlikna dei med dei illgjetne spanjolane. Stutt sagt, eit slikt monarki ville vera ein uformeleg koloss, som av eiga vekt ville styrta saman ved den minste krampetrekning.

Hr. de Pradt har med stor kløkt delt Amerika inn i femtan eller syttan statar som er innbyrdes sjølvstendige og styrte av like mange monarkar. Eg er samd i det fyrste, for Amerika toler godt at det vert skapt syttan nasjonar; men når det gjeld det andre, sjølv om det er lettare å få det til, er det mindre nyttig, og soleis støttar eg ikkje tanken om amerikanske monarki. Her er grunnane mine: den essensielle interessa til ein republikk avgrensar seg til den sfæren som vedkjem statens oppretthalding, oppbløming og ære. Ved ikkje å utøva imperiefridom, for det er nettopp republikkens motstykke, vil det ikkje vera stimulansar som eggjar republikanarane til å utvida grensene for nasjonen på kostnad av eigne ressursar, med det einaste føremål å få grannane til å ta del i ei liberal grunnlov. Ingen rettar vil dei oppnå, ingen føremun vil dei få ved å overvinna dei; om ein ikkje reduserer dei til koloniar, erobringar eller allierte, etter føredøme av Det romerske riket. Slike grunntankar og føredøme er i direkte motstrid med rettsprinsippa i republikken; ja, eg vil endåtil seia at dei er i openberr motstrid med interessene til borgarane: for ein stat som er altfor stor i omfang, i seg sjølv eller gjennom dei annekterte områda sine, vil til slutt enda opp i forfall og vil omgjera si frie styreform til tyranni; det vil svekkja dei prinsipp som held det oppe og til slutt ty til despotisme. Eit særkjenne ved dei små republikkane er deira vedvarande natur, det som karakteriserer dei store er ymsande; men dei tenderer mot imperiemakt. Mest alle dei fyrstnemnde har hatt ei lang levetid; av dei andre er det berre Roma som heldt det gåande i nokre hundradår, men det var fordi hovudstaden var republikk og ikkje resten av maktområdet, som vart styrt etter andre lover og institusjonar.

Heilt annleis er politikken til ein konge som stendig ville halla mot å auka sine eigedomar, rikdomar og fullmakter: og med god grunn, fordi autoriteten hans veks med desse tileigningane, både i høve til grannane og til eigne undersåttar, som fryktar ei slik formidabel imperiemakt hjå han, ei makt som vert halden ved lag gjennom krig og erobringar. Av desse grunnane trur eg at dei amerikanarane som hungrar etter fred, vitskap, kunst, handel og jordbruk, ville føretrekkja republikkar framfor kongedøme, og det ser for meg ut til at desse ynske er meir i samhøve med synspunkta i Europa.

Mellom ordningane for representativt folkestyre sluttar eg meg ikkje til det føderale systemet, av di det er altfor perfekt og krev dygder og politiske talent som langt overgår det me har; av same grunn avviser eg blandingsmonarkiet av adelskap og demokrati, som har skaffa England so mykje rikdom og glans. Sidan der er uråd for oss å oppnå det mest perfekte og skreddarsydde av republikkar og kongedøme, bør me unngå å falla i demagogisk anarki eller i eineveldig tyranni. Lat oss finna ein mellomveg mellom dei ekstreme motpolar, som berre ville føra oss mot dei same farefulle skjer, til ulukke og vanære. Eg vil dreista meg til å framføra resultatet av tankekrinsinga mi kring framtidslagnaden åt Amerika: ikkje det beste, men det som er mest oppnåeleg.

Grunna i særkjenne ved busetjingane, rikdomane, folkesetnaden og karakteren til meksikanarane, ser eg for meg at dei i utgangspunktet vil prøva å skipa ein folkevald republikk, der den utøvande makt har vide fullmakter, og konsentrerer makta i eitt individ, som dersom det utfører funksjonane klokt og rettvist, nærast på naturleg måte vil koma til å sitja med makta på livstid. I fall ho er uskikka og valdeleg styring medfører ein folkeoppreist som sigrar, vil denne same utøvande makt kanhenda gå over i ei forsamling. Dersom det mektigaste partiet er militært eller aristokratisk, vil det truleg koma med krav om eit monarki, som i fyrstninga vil vera avgrensa og konstitusjonelt, og som deretter uunngåeleg vil forfalla til absolutisme; for me må semjast om at det ikkje finst noko som er vanskelegare innan politikkens område enn det å halda oppe eit blandingsmonarki; og det lyt ogso sannast at berre eit so patriotisk folk som det engelske er i stand til å tøyma makta til kongen og halda ved lag fridoms ånd under scepter og kongekrune.

Statane frå Panama-landstripa til Guatemala kjem kanskje til å skipa eit samband. Den storarta plasseringa mellom dei to store hava vil med tida kunna gjera dei til handelssentrum på jorda; kanalane der vil korta inn på fråstandet i verda; dei vil knyta handelsband til Europa, Amerika og Asia; det vil gjeva denne lukkelege regionen avgifter frå dei fire verdshjørne. Kanhenda er det berre der at ein ein dag kan leggja hovudstaden på jord, slik Konstantin ville at Bysants skulle vera det for den gamle halvkula!

Det nye Granada vil gå saman med Venezuela, dersom dei vert samde om å laga ein sentral republikk, der hovudstaden kunne vera Maracaibo, eller ein ny by som, med namnet åt Las Casas, til ære for denne helten i arbeidet for menneskekjærleik, vert grunnlagd på grensa mellom dei to landa, i den praktfulle hamna i Bahía-honda. Denne plasseringa, sjølv om ho er ukjend, er den mest føremålstenlege i alle samanhengar. Det er lett å koma til og staden er so godt verna at han kan gjerast uinntakeleg. Han nyt godt av eit reint og helsesamt klima, og har eit oppland som er like veleigna for jordbruk som for kvegdrift, og ei ovnøgd av bygningsvyrkje. Dei ville folkeslaga som bur der, vil verta siviliserte og eiga vår ville veksa med tileigninga av la Goagira. Denne nasjonen ville verta kalla Colombia, som heidring og takk til skaparen av vår halvkule. Riksstyret vil kunna likjast det engelske; med den skilnad at i staden for ein konge, vil ein ha ei utøvande makt som er vald, på livstid berre i ekstreme tilfelle, og aldri arveleg, om ein vil republikk; eit kammer eller lovgjevande senat som er arveleg, som i tilfelle av politiske stormar gjeng mellom bylgjene frå folkedjupet og lynstrålane frå riksstyret, og eit lovgjevande organ, vald på fritt grunnlag, og utan andre avgrensingar enn dei ein har i Underhuset i England. Denne grunnlova ville dra nytte av alle formelle nyvinningar, og eg vil ynskja at ho ikkje tek del i det som kjem til av last og lyte. Sidan dette er fedrelandet mitt, har eg ein udiskutabel rett til å ynskja det det som eg meiner er det beste. Det er godt mogeleg at Det nye Granada ikkje vert samd om å godkjenna eitt sentralt riksstyre, for det er i ekstrem grad forfallen til føderasjonstanken; og då vil det for sin eigen del skipa ein stat som, om han overlever, vil kunna ha hell med seg i kraft av umåtelege ressursar av alle slag.

Lite veit me om dei synspunkt som rår grunnen i Buenos Aires, Chile og Peru; skal ein døma etter det som skin igjennom og dei ytre omstende, vil det i Buenos Aires koma eit sentralt riksstyre, der dei militære vil ha forrang på grunn av intern strid og krigar utanlands. Denne konstitusjonen vil av seg sjølv forfalla til oligarkistyre, eller til eit tyrannisk einevelde med fleire eller færre avgrensingar, og som ingen no kan gissa namnet på. Det ville vera syrgjeleg om dette skulle skje, for dei som bur der har gjort seg fortente til den største ære.

Kongedømet Chile er kalla til å nyta velsigningane som spring ut av dei rettvise og milde lovene i ein republikk, dette på grunnlag av lokalisering, av dei uskuldige og dygdefulle vanane til folket og av føredøma frå grannane, dei ustyrlege republikanarane i Araucoriket. Om nokon stat skal få lang levetid i Amerika, hallar eg mot å tru at det vil vera den chilenske. Aldri har ein der greidd å sløkkja ut fridoms ånd; dei mange lyte frå Europa og Asia vil seint eller aldri kunna skjemma ut tradisjonane i denne utkanten av universet. Territoriet er avgrensa; det vil alltid vera utanfor den smittsame kontakten med resten av menneska på jord; dei vil ikkje gjera endringar i lover og innarbeidd sed og skikk; dei vil halda på den store semja i religiøse og politiske spursmål; stutt sagt, Chile kan leva i fridom.

Peru derimot ber med seg to element som ikkje gjeng i hop med eit fritt og rettvist styre: gull og slavar. Det fyrste skjemmer ut alt; det andre er i seg sjølv utskjemt. Det er berre sjeldan at sjela til ein træl oppnår å verdsetja den sunne fridomen: oppreisten gjer han vill, eller han audmykjer seg i træleband.

Sjølv om desse reglane vil kunna gjerast gjeldande for heile Amerika, trur eg dei er mest rettvise i høve til Lima, utfrå dei tankar eg her har sett fram og på grunn av samarbeidet med makthavarane i striden mot sine eigne brør, dei namngjetne sønene åt Quito, Chile og Buenos Aires. Det ligg fast at den som tek sikte på å vinna fridom i det minste freistar å få det til. Eg går ut frå at i Lima vil ikkje dei rike godtaka folkestyre; og heller ikkje slavar og frigjevne mulattar adelsveldet: dei fyrstnemnde ville heller ha tyranniet til ein mann for ikkje å risikera folkehopen sine forfylgjingar og for å få til ein slags fredstilstand. Mykje lyt dei strida om dei skal vinna att sjølvstendet.

Av alt det som her er sagt, kan me trekkja fylgjande slutningar: dei amerikanske provinsane er midt oppe i ein frigjeringsstrid; til slutt vil dei lukkast; nokre vil på regulært vis verta sentrale og føderale republikkar; på dei store områda vil det nesten uungåeleg verta grunnlagt monarki, og nokre vil verta so ulukkelege at dei vil øydeleggja grunnsteinane i denne eller framtidige revolusjonar, for eit stort monarki vil det vera vanskeleg å konsolidera, for ein stor republikk heilt umogeleg.

Det er ein storfeld tanke å ta sikte på å skapa ein einaste nasjon av Den nye verda, ei eining med eit einaste band som knyter dei ulike delane i hop seg imellom og med heilskapen. Sidan ho har eitt opphav, eitt språk, ein tradisjon og ein religion, burde ho, fylgjeleg, ha eitt einaste riksstyre som skulle kunna knyta i hop i ein føderasjon dei ulike statane som måtte oppstå; men det er ikkje mogeleg, for heilt ulike klima, dei mest ymsande tilstandar, motsette interesser, avvikande særkjenne, deler opp heile Amerika. Kor vakkert hadde det ikkje vore om Panama-landstripa hadde vore for oss det som Korint var for grekarane! Gjev det vart slik ein dag at me hadde den lukke å grunnleggja der ein vyrdeleg kongress av representantar frå republikkar, konge- og keisardøme for å førehava og drøfta dei store spursmål om krig og fred, i høve til nasjonane andre stader i verda. Denne samorganisasjonen vil kunna finna stad i ein lukkeleg tidsperiode i vår atterføding; anna von er grunnlaus, lik den til Abbed St. Pierre, som tenkte ut den rosverdige galmannstanke å samla ein europeisk kongress for å ta avgjerd om lagnaden og interessene åt dei nasjonane der.

«Viktige og heldige mutasjonar,» held De fram, «kan ofte verta resultatet av individuelle effektar.» Sud-amerikanarane har ein tradisjon som seier at då Quetzalcóatl, Hermes eller Buda i Sud-Amerika gav opp styret sitt og reiste burt, lova han dei at han ville koma att etter at dei urettvise hundradår var til endes, og at han ville nyskipa styret sitt og nya opp att den lukkelege tid. Er det ikkje slik at denne tradisjonen nører ei overtyding om at han snart bør koma attende? Ser De for Dykk den effekten det ville ha dersom det dukka opp eit individ iblant dei som viste seg å ha særdraga til Quetzalcóatl, Buda frå skogen, eller hin Merkur som andre nasjonar har tala so mykje om? Er det ikkje berre semja som no trengst for å gjera dei i stand til å kasta ut spanjolane, troppane deira og tilhengjarane av det utskjemde Spania og gjera dei i stand til å skipa eit mektig verdsrike, med eit fritt styre og batelege lover?

Eg tenkjer som Dykk at kampen for individuelle saker kan gjeva ålmenne resultat; framfor alt i revolusjonstider. Men det er ikkje helten, den store profeten, guden Anahuac eller Quetzalcóatl som er i stand til å valda dei vedunderlege velgjerningar som De ymtar om. Denne personen er knapt nok kjend av det meksikanske folket, og ikkje på bateleg vis, for slik er lagnaden til dei som har tapt, om dei er aldri so mykje gudar. Berre historikarar og litteratar har brydd seg nøgje med å granska opphavet hans, det sanne eller falske oppdraget hans, profetiane og enden på livslaupet. Det er strid om han var ein Kristi apostel eller berre ein heidning. Nokre meiner at namnet hans tyder Sankt Tomas; andre Den fjørkledde slangen; og atter andre seier han er den vidgjetne profeten frå Yucatán, Chilam-Balam. Kort sagt, dei fleste av dei meksikanske forfattarane, omstridde og verdslege historikarar, har teke føre seg, i stuttare eller lengre versjonar, spursmålet om kven Quetzalcóatl verkeleg var. Acosta meiner det er eit faktum at han skipa ein religion, der rituala, truslæra og mysteria hadde ein påfallande likskap med den åt Jesus, og at det kanskje er den som liknar mest på kristendomen. Trass i dette har mange katolske forfattarar sytt for å få burt tanken om at denne profeten var verkeleg, utan å vilja kjenna att i han ein Sankt Tomas, slik andre namngjetne forfattarar hevdar. Den ålmenne meininga er at Quetzalcóatl var ein guddomleg lovgjevar mellom heidningfolket i Anahuac-riket, ein framtoning som den store Montezuma var avløysar for, og hadde autoriteten sin frå. Av det kan ein slutta at vår tids meksikanarar ikkje kjem til å fylgja den edle heidningen Quetzalcóatl, sjølv om han skulle koma til syne i den mest likskaplege og laglege skapnad, ettersom dei praktiserer ein religion som er den mest trongsynte og einsidige av dei alle.

Lukkelegvis har dei som styrer sjølvstendekampen i Meksiko gjort bruk av fanatismen med den største klokskap, ved å utropa den vidgjetne jomfrua av Guadalupe til patriotane si dronning, og påkalla henne i alle vanskelege saker og ta henne med som fanefigur. Slik har den politiske eldhugen gjort hopehav med religionen, noko som har gjeve ei ofseleg kraft til fridomens heilage sak. Vyrdnaden for dette biletet i Meksiko er større enn den mest opphøgde glans som den kunnigaste av alle profetar ville kunna vekkja.

Visseleg er det sameining og samhald me manglar for å kunna fullføra arbeidet med vår eiga atterføding. Men usemja vår er ikkje merkeleg, for ho er særkjennet ved dei borgarkrigar som til vanleg har sitt utgangspunkt i to parti: konservative og reformatorar. Dei fyrste er til vanleg i fleirtal, fordi dei faste vanars imperium medfører lydnad andsynes dei etablerte styremakter; dei siste er alltid mindre talrike, om enn meir oppglødde og opplyste. På dette viset, gjennom moralsk styrke, kjem den fysiske massen i jamvekt, og striden dreg i langdrag, ettersom endelykta er svært uviss. Heppeleg nok har det vore slik mellom oss at massen har fylgt intelligensen.

Eg vil seia Dykk det som kan setja oss i stand til å kasta ut spanjolane og skipa eit fritt styre: det er, sant nok, sameininga; men denne sameininga kjem ikkje til oss som eit guddomleg under, men som resultat av klokskap og målretta strev. Amerika har funne seg sjølv, fordi det har blitt overlete til seg sjølv av alle nasjonar; isolert midt i verda, utan diplomatisk samband og militær hjelp, og nedkjempa av Spania, som har mykje meir krigsressursar enn det som me i løynd kan skaffa oss.

Når det heldige utfallet ikkje er tryggja, når staten er veik og når det er langt fram for å lukkast med tiltaket, då vert alle menneske usikre, det vert kiv og kløyving, ofsen stig til nye høgder og fiendane kveikjer oppunder for å sigra på denne einfelde måten. Men etter at me seinare har vunne styrke, under vern av ein liberal nasjon som held si hand over oss, vil ein sjå oss semjast om å dyrka dei dygder og givnader som fører til framgang og ære; då vil me halda fram den majestetiske marsjen mot den store velmakt som Sud-Amerika er etla til; då skal den kunst og vitskap som vart fødd i Austerland og som har opplyst Europa, flyga til det frie Colombia, som vil by dei ein trygg verestad.

Dette er, gode herre, dei tankar og meiningar som eg har den ære å leggja fram for Dykk for at De rettar på dei eller vrakar dei, alt etter kor mykje dei er verde, og eg bed om at De må verta overtydd om at når eg har vore so fri å setja dei fram, er det meir for ikkje å vera uhøvisk enn for å tru meg i stand til å kunna opplysa Dykk om desse spursmåla.

Med høgvyrdnad

Bolívar

Brevet er omsett frå denne nettsida.

Europa

Vagant er et skandinavisk tidsskrift for kritikk og essayistikk. Tidsskriftet har litteratur som utgangspunkt, tar for seg alle kunstarter og rommer også idédebatt og kulturjournalistikk.

Redaksjonen utgir fire numre i året, i tillegg til ukentlige oppdateringer av nettsiden. Første nummer utkom i 1988. Siden 2017 utgir redaksjonen tidsskriftet på egen hånd. Vi oppfordrer alle lesere til å tegne abonnement på papirutgaven.

Vagant redigeres etter Redaktørplakaten, og er medlem i Eurozine og Norsk tidsskriftforening.