Amerikansk sørgesong Bakkerapport frå den kaliforniske skumringstimen

Jan Grue gir eit årvake vitnesbyrd frå det nytrumpske USA. Det bør ikkje gi nokon grunn til å puste letta ut.

Jan Grue: Vi var en tid i solen | Gyldendal Norsk Forlag, 2026

Kvar gong nokon uttalar at det er «urolege tider i verda» – som er ofte – kan ein vanskeleg sleppe unna inntrykket at verda finst ein annan stad enn i Noreg. Midt i den norske realiteten synest det slett ikkje uroleg, ikkje eigentleg, ikkje veldig mykje meir enn vanleg. Ein kan lett la seg forferde over alle dei, ja, forferdelege hendingane som dekker nyheitsfrontane. Men når dei enkelte nyheitshendingane sjeldan har lengre tidsrekning enn nokre døgn, er det krevjande å gripe korleis kulturelle og politiske stemningsskifte strøymer gjennom dei. For å faktisk kunne ta inn korleis uro verkeleg speler seg ut, treng ein auge på bakken som ser, som ser lenge av gangen, og som skriv. Jan Grue har nettopp slike auge, og den nyaste utgivinga hans, Vi var en tid i solen, er nettopp denne typen skrift.

Eit år i sola

Vi var en tid i solen tar form som essayistiske memoarar, skore over same lest som Jeg lever et liv som ligner deres (2018) og Hvis jeg faller. En beretning om usynlig arbeid (2021). I den nye boka rettar Grue blikket mot Nord-California i Trump sitt USA.

Den viktigaste ramma for boka, som ber sjangernemninga «Elegi» som undertittel, er Grue sitt seinaste år som gjesteforskar i Berkeley saman med kona Ida Jackson og den åtteårige son deira. Også i tidlegare memoarar har Grue skildra Berkeley, som han har eit nært forhold til. Han opplever universitetsbyen som ein utopisk fristad, der han både som forskar på funksjonshemming og som rullestolbrukar føler seg heime og velkomen, mellom fagfellar, tilgjengelege bygningar og hålkefrie fortau. Men forskingsopphaldet strekk seg over dei to halvåra før og etter Donald Trump tar fatt på den andre presidentperioden sin i januar 2025. I og med den nye administrasjonen si tilsynelatande målretta rasering av alt som gjer eit samfunn godt, blir Berkeley no motivet for ein sørgesong:

Jeg skriver om en fortid som skulle vært død, men som lever og vil eie fremtiden. I sorg og i takknemlighet skriver jeg, for å minnes og for å søke håp.

Jan Grue. Foto: Privat / Gyldendal Norsk Forlag.

MAGA i det vesle

Som life-writing må denne elegien kunne kallast umonumental. Grue fyller ikkje forteljinga om året i Berkeley med skilsetjande augeblinkar, men heller kvardag og familieliv. Han skildrar det utprega nostalgisk, stundom på grensa til klisjéfullt:

Jeg husker det, alt sammen, og når jeg skriver, opplever jeg det enda en gang. Jeg gir meg selv den gaven. Jeg kjenner lukten av det regnvåte nyslåtte gresset i februar, og av den tørre varme luften som lå og dirret i september. Jeg skriver så sakte jeg kan. Jeg vil ikke gi slipp på disse dagene som er borte, dagene da jeg fulgte den åtte år gamle sønnen min til skolen i Berkeley og holdt ham i hånden.

Det ligg noko seinsommaridyllisk over skildringane av livet i dette vennlege, venstreorienterte lokalsamfunnet. Det politiske mørket som omgir den liberale idyllen stadig tettare, trenger berre gjennom som små forstyrringar. Ein trykkande pratsam taxisjåfør deler ublygt av konspirasjonsteoriar. Universitetet ber gjesteforskarar vere varsame med kva dei skriv på nettet. Reklameskilta proklamerer KI-verktøy som erstattar menneskeleg arbeidskraft. Nokre tech bro-studentar oppfører seg uforskamma mens dei tar pullups i baris på campus. Nokon seier dei vanlegvis ikkje snakkar politikk med framande.­

Tendensane i denne uroande utviklinga av det amerikanske samfunnet kjenner vi godt. Nennsamt porsjonerer Grue ut desse små, men talande scenene i skildringa av familieliv og utflukter. Han gir dei kraft ved å forankre dei i levd liv, på ein plass han elskar: Her står ikkje berre verdiar eller solidariske prinsipp i fare for å gå tapt, men også kjensla av ein stad, ein heim. Det utgjer eit universelt språk så godt som noko, og Grue snakkar det med truverd og kløkt.

Idéhistorisk riss

Likesom i Grue sine tidlegare memoarar kling livsskildringa saman med idéhistorisk og sosiologisk analyse. Også her står korte sitat, særleg av akademisk art, spreidde utover i teksten, som eit intellektuelt backing crew til Grue si eiga forteljargjerning. Mens prosjektet i Jeg lever et liv som ligner deres var å å utvide forståingshorisonten for kva eit liv med funksjonshemming kan innebere, tar Grue her fatt på å dissekere dei ideologisk-politiske strømmingane som får utløp i Trumps Amerika.

Grue refererer ein samtale med engelskprofessor og bioetikar Rosemarie Garland-Thomson om eugenikk og eutanasi knytt til funksjonshemmingar, som dannar eit slags sentrum i dette idéhistoriske risset. Her blir det trekt ei linje frå Platon og Aristoteles gjennom sosialdarwinisme, nazistane sitt utryddingsprogram for funksjonshemma, moralfilosof Peter Singer sitt forsvar for ta livet av spedbarn med alvorlege sjukdommar og fram til Donald Trump si utsegn om at funksjonshemma personar «kanskje berre burde døy», gitt utgiftene.

Det er noko sørgmodig, resignert over Grue no; kanskje er det ikkje berre han. Kanskje er vi i ei anna tid.

Grue legg desse trådene fram i sin karakteristiske stil: nøktern og uomstendeleg, i nærmast aforistiske streif frå det eine til det neste. Når trådane så blir trekte opp igjen gjennom boka, dannar dei til saman ein historisk vev, eit dystert bakteppe for den framtida som smått byrjar utfalde seg gjennom året i Berkeley. Frå andre halvdel av boka rykker dette bakteppet stadig nærmare scenekanten, ikkje minst gjennom ei rekke kapittel med tittelen «Hendelser». Her er korte, nyheitsmelding-aktige utsnitt av utspel og dekret frå Trump-administrasjonen, deportasjonar av innvandrarar og studentarrestasjonar klipte saman til små montasjar.

Dramaturgisk verkar dette grepet svært potent: Mot det idéhistoriske risset synleggjer Grue at Trump-administrasjonen sitt politiske prosjekt ikkje berre er eit rasande angrep på beståande rettstrukturar. Under finn ein også ideologiske haldningar til menneskeleg svakheit generelt, og funksjonshemming spesielt, som pregar store delar av den vestlege tankehistoria. Denne innsikta blir levande ved klarheita i resonnementet, men også ved at Grue samtidig skriv så bramfritt om si eiga kroppslege svakheit. Tankegodset han skildrar, inneber ei fornekting av at han sjølv i det heile har livets rett. Denne evna til å føre saman teori, historie, samtidsanalyse og personleg erfaring inn i eit så tilgjengeleg format, held fram med å vere Grue sin store styrke både som memoarforfattar og del av det kollektive samvitet.

Eit steg tilbake

Når Grue så ofte lar analytiske erkjenningar springe assosiativt ut frå små kvardagsscener, gir det styrke til samfunnsskildringa. Likevel kjennest portrettet av privatlivet sjeldan verkeleg nært. Under den personlege meddelinga kan ein stadig ane at det ligg eit poeng og dirrar – at den liksom tilfeldige kvardagslege hendinga er der for å formidle nettopp den innsikta. Dermed får sjølvframstillinga noko forstilt og syntetisk, liksom retorisk overkomponert over seg. Ein kan få kjensla av å vere på omvising i Grue sitt indre hus, men aldri få høve til å utforske bygget på eiga hand.

Men om Grue ikkje lykkast fullstendig med å bli fortruleg med lesaren, svekker ikkje det den overordna forteljinga om kva denne amerikanske politiske fallitten betyr for han personleg. For berre det å skrive om seg sjølv, ut frå seg sjølv, er for Grue ei politisk handling, ei insistering på noko som ikkje er gitt:

det er slik jeg skaper meg et rom i verden. (…) Om ikke jeg forteller selv, henfaller jeg til de tankeformene som er skapt av andre. Jeg blir fanget i dem, knust av trykket fra kreftene som vil skrive mennesker som meg ut av historien.

Ved å bruke det sjølvbiografiske som erkjenningsmessig – og dermed politisk – metode vidarefører Grue prosjektet han innleia med Jeg lever et liv som ligner deres. Fleire opplevingar han skildra den gongen, dukkar også opp i den nye boka. I seg sjølv kan nokre av desse gjentakingane verke litt pussige og umotiverte. Samtidig er det som at omdreiingspunkta i livet hans på denne måten legg seg som lag over seg sjølve, og dermed blir til eit eige historisk materiale. I 2026 har livsskildringa hans på eit vis blitt mindre konfronterande, som om han tar eit steg tilbake. Her er mindre av den lågmælte kampviljen som gjennomstrøymde forgjengaren frå 2018 – eit år då også Camara Lundestad Joof ga ut Eg snakkar om det heile tida, og Sumaya Jirda Ali Ikkje ver redd sånne som meg, Greta Thunberg var i skolestreik og metoo-rørsla var i full sving. Det er noko sørgmodig, resignert over Grue no; kanskje er det ikkje berre han. Kanskje er vi i ei anna tid.

Mellomposisjonar

Som eit tidsvitne for Berkeley og det nye USA har Jan Grue ein slags mellomposisjon. Han er både sårbar og privilegert, heime og likevel framand, både på utsida og på innsida. Såleis har han eit godt utsynspunkt for å bringe bod heim om den urolege verda der ute, og gir med Vi var en tid i solen eit verdig vitnesbyrd om korleis det står til i skuggen under presidenten sine vilt trampande lakksko.

Europa

Vagant er et skandinavisk tidsskrift for kritikk og essayistikk. Tidsskriftet har litteratur som utgangspunkt, tar for seg alle kunstarter og rommer også idédebatt og kulturjournalistikk.

Redaksjonen utgir fire numre i året, i tillegg til ukentlige oppdateringer av nettsiden. Første nummer utkom i 1988. Siden 2017 utgir redaksjonen tidsskriftet på egen hånd. Vi oppfordrer alle lesere til å tegne abonnement på papirutgaven.

Vagant redigeres etter Redaktørplakaten, og er medlem i Eurozine og Norsk tidsskriftforening.