Våpenhandlar og målpionér

Jan Olav Gatland. Foto: Eivind Senneset

INTERVJU. Mons Litleré var ein forleggar utanom det vanlege. Jan Olav Gatland har skrive biografien om gründaren i Bergen.

Jan Olav Gatland. Foto: Eivind Senneset

[dropcap]D[/dropcap]en må ha vore eit merkverdig syn: kista som stod midt i bokhandelen omringa av bøker og blomar. Mons Litlerés bokhandel låg i den travlaste handlegata i Noreg anno 1895: Strandgaten i Bergen. Kransar og helsingar var komne frå fjern og nær, frå gardar og kjende kunstnaradresser. Noreg hadde mista sin aller første nynorsk-forleggar og -bokhandlar.

Namnet på dei store utstillingsvindaugo fall saman med namnet på mannen i kista. No låg Mons Litleré (1867–1895) midt i livsverket sitt. Ettertida fortel at bokhandelen hans var ein møtestad av dei sjeldne både når det gjaldt målkamp og litterært liv. Litt meir uventa er det at Litlerés bokhandel selde våpen også, nærare bestemt rifler. For Mons Litleré var ikkje berre målkjempar og bokprodusent: Han var også ein ihuga skyttar. Som 17-åring vart han formann i Naustdal skyttarlag og då han flytta til Bergen blei han raskt med i Bergen skyttarlag. Den gongen var det nære band mellom målrørsla og skyttarlag mange stadar i landet. Våpen og målkamp var begge grep i forsvaret for eit sjølvstendig Noreg. Få fekk utretta – og ofra – meir for denne saka enn Mons Litleré.

Mons Litleré. Foto: Wikimedia Commons

Jan Olav Gatland bur i eit rekkehus som nærast klamrar seg fast i ei stupbratt fjellside over Bergensdalen. Frå Nattlandsfjellet ser ein ned til byfjorden. Herifrå kan den pensjonerte bibliotekaren skimte både sin gamle arbeidsplass Universitetsbiblioteket, og åstaden for mykje av livet han no har samla mellom to permar. Biografien om Mons Litleré har han halde på med i ti år. Tidspunktet for publiseringa er lagt til Det Norske Samlagets 150-årsjubileum, men Gatland fortel at eit anna 150-årsjubileum er minst like viktig:

– Det såkalla Vestmannalaget blei også grunnlagd i 1868, og det var bøkene dei gav ut på landsmål som var utgangspunktet for Litleré som bokhandlar. Med desse i skreppa drog han rundt som såkalla bokskreppekar eller kolportør. Vestmannalaget heldt til i Bergen. Dei mest kjende medlemmane var alle borgarskapsmenn og frelst på landsmål. Nett som Bjørnestjerne Bjørnson var dei inspirerte av Ivar Aasens visjonar.

Litlerés kremmarverksemd balla raskt på seg. Frå sin heimebase i Naustdal – ein avkrok i Sunnfjord – drog han rundt på landsbygda med bøker. Dette gav ham unik erfaring med å oppsøke folk og snakke om bøker. Den same motivasjonen gjorde at Litleré opna sin første bokhandel.

Norskmålets bokhandel kallar han butikken som går inn i historia som landets første nynorskbokhandel. Året er 1886 og staden er den vesle heimbygda Naustdal, men det går ikkje lang tid før han veit med seg sjølv: Han vil også vere forleggar. Frå første stund tenker han stort og veit kva som skal til: «Eit stort namn» kunne få folk flest til å få augo opp for bøkene hans – og for landsmålet. At bøkene i hovudsak skulle vere på denne rykande ferske målforma, er nærast eit misjonskall.

Biografen skjuler ikkje beundringa for det Litleré fekk til trass eit kort liv. Eit døme er brevet han skriv som nittenåring frå Naustdal. Adressaten er sjølvaste Bjørnson. Han spør like godt om ikkje han kan få lov til å omsetje forteljinga om Synnøve Solbakken til landsmål. Er dette greitt for Bjørnson? Timinga er perfekt: Det er kort tid sidan han gav ut sin første tekst på det nye målet – novella «Ei faarleg friing» (1868). Brevet Bjørnson skriv til Litleré blir viktig for den unge forleggaren:

– Diverre er brevet forsvunne. Men me veit at Litleré viste dette fram til folk i butikken. Bjørnsons positive innstilling var noko han nemnde for alle framtidige forfattarar. Det var slik også Arne Garborg blei overtydd om at den unge redaktøren hadde noko for seg.

Framgangsmåten her har ein del til felles med kva Litleré seinare kjem til å gjere: Å dyrke nærkontakten med folk – anten dei er store forfattarar eller lesarar i Sunnhordland.

Kritikarane var ikkje berre positive til «Synnøve Solbakken» på landsmål. Meldingane var såpass kritiske at han aldri torde sende boka til Nasjonalskalden på Aulestad. Ettertida viser at dette var med god grunn. Ifølge Jan Olav Gatland gjekk det over stokk og stein med omsetjinga av «Synnøve Solbakken»: Fordi Litleré hadde så dårleg tid, las han aldri korrektur. Til forleggarens forsvar kan ein rett nok seie at landsmålet enno ikkje var normalisert, slik at det ikkje fanst noka norm å lese korrektur ut frå.

Trass den dårlege starten blei samarbeidet med Bjørnson døropnaren for eit eventyr i norsk forlagshistorie. Folk flest brydde seg ikkje om dei språklege blunderane, og kjøpte boka en masse.

Pangstarten i Naustdal vart raskt lagt merke til, og frå det nystarta forlaget dukka det stadig opp nye bøker. Suksessen balla på seg, og det enda med at 20 år gamle Litleré vart headhunta til det nyoppstarta bladet Firda- og Sygnafylkets avis (seinare Firda) da utgjevaren i Bergen trengde ny redaktør. Det var ei moglegheit den unge gründeren ikkje kunne takke nei til, og til Bergen tok han med seg både bokhandel og forlagsverksemd.

Grunnlaget for suksessen var hefter i eit særskild format: småstubbane – korte forteljingar som kom til å bli veldig populære. Gatland skriv at desse blei lesne i filler av eit stort publikum. Innhaldet gjekk frå reine skrøner til meir alvorsprega noveller, og blant forfattarane fann ein Rasmus Løland, Vetle Vislie og Anders Vassbotn. Ein annan Litleré-kommentator, Idar Stegane, meiner stubbane var «med og berga nynorsk prosa frå noko av det gravalvor og det nasjonalstemde språk som ofte har prega han».

Jan Olav Gatland. Foto: Eivind Senneset

I desse samlingane får Litleré også med meir kjende forfattarar som Dostojevskij og Garborg. Særleg kjem sistnemnde til å bety mykje for den vidare forlagsverksemda.

– Samarbeidet starta med at Litleré fekk Garborg med på gje ut samlingar i bokform av artiklar og essays Garborg hadde hatt på trykk i blad og aviser, på dansk-norsk. Til då hadde Garborg berre gitt ut ein roman på landsmål: Bondestudentar, som kom ut i 1883. Då han valde å gje ut Hjå ho mor på dansk var årsaka eine og åleine marknadsmessig. Hos Mamma skulle ut i København. Og det var no Litleré spurde om han kunne han få gje den ut på landsmål. Garborg sa ja og sette straks i gong med å omsetje. Og det var aldri snakk om ei omsetjing ord for ord.

– Det viste seg at Garborg tenkte ganske annleis på landsmål. Det er difor ein framleis trykker Hjå ho mor, og ikkje den danske versjonen. Den har knapt nokon høyrd om.

Gatland blar opp til eit døme på at Hjå ho mor er langt betre enn den danske søster-utgjevinga:

«Fru Holmsen var bleven lang i Ansigtet. ‹Forstaar De dette-her, Fru Mühlberg?› sagde hun.» (Hos Mama)

Fru Holmsen saag ut som Baaten var fraa-henne-rodd; ‹forstend De dette, Fru Mühlberg?› sa ho.» (Hjaa ho Mor)

Samarbeidet om Hjå ho mor gjev meirsmak. Den neste Garborg-romanen forlagshuset på Nordnes gjev ut blir sjølve vendepunktet – både for Garborg og Litleré. Det er romanen Fred. Denne skildringa av eit indre mørker i det vide jærske landskapet blir i dag rekna som eit meisterverk. Kritikarane Gerhard Gran og Hans Kinck var blant dei som vart gripne av Garborgs naturalisme, og i Innherreds-posten skreiv den anonyme meldaren AG: «For en Naturstemning, som synger os imøde fra Bogens første Blad. Hvor tydelig ser vi ikke Jæderen malet fra Stranden opover med de lyngbrune Bakker og blege Myrer.»

Andre meinte verket ikkje fekk den merksemda det fortente. Ein av dei er teologen og filosofen E.B. Horn, som tok opp romanen i to kronikkar i Aftenposten. Han meinte årsaka til manglande merksemd var motstanden mot landsmålet. For Garborg og forleggaren var Fred uansett ein suksess – ikkje minst økonomisk.

– Garborg vart med dette overtydd om at han kunne livnære seg som landsmålsforfattar, seier Gatland.

Stadig nye dører opna seg for Litleré. Ei dør som derimot blei verande lukka er Bokhandlerforeningen. Bokhandlarsuksessen var ikkje nok til å bli akseptert, og dermed kunne han ikkje anna enn lengte etter dei økonomiske medlemsfordelane. Gatland meir enn antyder at årsaka til avslaget var korrupsjon innanfor foreninga. I Bergen var medlemmane utelukkande aktørar frå kjende familiar i borgarskapen. Først i 1893, like før Litleré flyttar inn i gjeve nye lokale, får han bli medlem, men diverre får han ikkje særleg med tid til å glede seg over endringa. Smerter i mageregionen viser seg å vere kreft.

Mykje tyder på at Mons arbeidde seg i hel og burde prioritert helsa si. Gatland framkallar ikkje minst eit grelt bilete av korleis kona Bergitta og dei tre borna måtte lide for målsaka. Kummarlege butilhøve ulike stadar i Bergen bidrog ikkje til å lindre sjukdommen hennar, tæring. Det heile botna i dårleg økonomi – det vitnar brev heim til Naustdal om. Bergitta må be svigermor om støtte. Dei får ikkje berre pengar men alskens matvarer: frå kjøt og smør til frukt og bær. På toppen av dette viser Gatland at Litleré hadde problem med å skilje privatøkonomien frå den profesjonelle. Ein som særleg merker Litlerés økonomiske vanskar er Arne Garborg.

Det ender med at kona og borna dreg heim til Naustdal. Bergitta Litleré blir berre svakare og svakare. Tragedien er total når Mons Litleré får beskjed om at sjukdomen er uhelbredeleg. I løpet av eit halvt år blir dei tre borna deira foreldrelause. Garborg sit på sin kant av landet og sørger over tapet av ein god ven og samarbeidspartnar. Gatland kan påvise at Garborg samstundes grublar over dei store summane Litleré skuldar han. Korleis skal han få løyst ut det Litleré skulda?

Jan Olav Gatland. Foto: Eivind Senneset

I overførd tydning kan ein seie at Gatland no har sett på kva Garborg – og norsk litteratur – skulder Litleré. Burde ikkje meir vore skrive om bokprodusenten frå Naustdal?

– Han er nemnd ei rekkje stadar, men utan å få sin rettmessige plass. Når det er sagt, finst det heller ikkje så mange bøker om norsk bokhistorie og forlagshistorie. Det er jo helst forfattarane som blir trekte fram, ikkje forlaga. Verksemda til Litleré er òg ein del av norsk språkhistorie. Det kunne ha vore interessant å ha sett på kva påverknad han og forfattarane hans hadde på kva normeringsstandard ein skulle lande på i skriftleg landsmål.

– Trur du den manglande merksemda har å gjere med ei spaning mellom sentrum og periferi?

– Eg trur at Litleré kjende verksemda si mindre verd, særleg i starten. Delvis overfor dei andre forlaga i Bergen, fordi han satsa på landsmålsutgjevingar, men også jamfør hovudstaden Kristiania og aller mest overfor forlaga i København. Der var det stas for norske forfattarar å få ut bøkene sine, men danske forlag ville ikkje gje ut bøker på landsmål.

Heilt avgjerande for den nye Litleré-biografien er Gatlands tidlegare arbeidsplass: Spesialsamlinga ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Det var her han oppdaga 350 brev til Litleré. Av desse var heile 70 skrivne av Garborg, og desse framkallar eit nytt bilete av kor viktig Litleré var for Garborg som landsmålsforfattar. Han overtydde Garborg om at det var fullt ut mogleg å vere forfattarstjerne og samstundes skrive landsmål. Blant Gatlands andre oppdagingar er korrespondansen mellom Litleré og Knut Hamsun noko av det mest særmerkte. Her kjem det tydeleg fram at også Hamsun var imponert av den unge forleggaren i Bergen, så imponert at han svara Litleré på nynorsk. Då Gatland såg kva Hamsun kalla Litleré for – var han ikkje i tvil om tittelen på biografien: En driftig djevel fra Bergen.

Europa

Vagant er et skandinavisk tidsskrift for kritikk og essayistikk. Tidsskriftet har litteratur som utgangspunkt, tar for seg alle kunstarter og rommer også idédebatt og kulturjournalistikk.

Redaksjonen utgir fire numre i året, i tillegg til ukentlige oppdateringer av nettsiden. Første nummer utkom i 1988. Siden 2017 utgir redaksjonen tidsskriftet på egen hånd. Vi oppfordrer alle lesere til å tegne abonnement på papirutgaven.

Vagant redigeres etter Redaktørplakaten, og er medlem i Eurozine og Norsk tidsskriftforening.