Nye netteksklusive tekster hver uke. Tegn abonnement og få fire papirtutgaver i året

Trolling gjennom slått

MELDING. Erlend O. Nødtvedt tullar og trollar med folkesegn og nasjonalmytar.

Tidlegere trykt i Vagant 3/2014.

Erlend O. Nødtvedt
Trollsuiten
Aschehoug, 2014

Etter skildringa av Hordaland fylke i debutboka Harudes (2008), snevra Erlend O. Nødtvedt den særeigne heimstaddiktinga si inn mot Bergen by i Bergens beskrivelse (2011). I Trollsuiten vender han blikket ut att, og gjer eit vidstrekt mytisk landskap til sitt eige. Før suiten tek til, løftar han naturdiktinga inn i notida med eit sitat frå Peter Christen Asbjørnsen: «Disse Naturdigtninger ere ligesaavel Nutidens som Fortidens Eie: thi de ere ikke andet enn Naturen selv og dens Brydninger i Folkets Fantasi.» I 2014 er ikkje Nødtvedt åleine om å nærme seg naturen i diktinga. Han er heller ikkje einsam i leiken med meir eller mindre arkaiske språkformer. Men den intense måten han skapar både nærleik og avstand til dei nasjonale naturmytane på, gjer Nødtvedts prosjekt særmerkt. I ein omtale på Audiatur sin nettstad skildrar Gunnar Wærness Harudes som «påfallende umoderne» (7.12.2008). Dette gjeld også for Trollsuiten, med strek under påfallande: Tanken om folkediktinga som ei sjølvskapande og nasjonsbyggjande kraft blir møtt med både lengsle, opprørstrong og parodierande fynd og klem.

Diktsuiten opnar med eit «Innsagn», der poeten skriv seg inn i denne folkloristiske tradisjonen. Her stig til dømes huldra fram – «i innsovningsøyeblikkets/ evige nordiske sommernatt» – og legg eit erotisk slør over suiten (eit av dei saftigaste dikta i norsk samtidslitteratur finst på side 30). I eit slikt «innsovningsøyeblikk», i ein tilstand mellom søvn og vake, løftar poeten fele og boge og inntek rolla som spelmann. Han opnar ei åre for naturens musikk:

svevets blonde blåne
feberlysets revbjellesang
dragets febrilske toneblå
buens ungfugls bladverksskjulte
altfor glemte hjerte

Trollsuiten, 2014.

Trollsuiten, 2014.

Dei tre første dikta i innsagnet kling med rolege, høgtidsame tonar som etablerer ei draumeaktig stemning. Så skjer ei slags oppvaking – ikkje ei oppvaking som utslettar kjensla av å sveve i ein grensetilstand, men som røskar opp i den melankolske idyllen; som skiftar gir og sender oss innover i mørkaste trollskog; som, for å låne ei setning av Ole Robert Sunde, vekkjer oss til ny søvn: «vekkeormen i magen spiser blånene/ jeg våkner med sugl og sorg/ det eiker seg til bak min sommerskog/ der lysninger foreldes og lukkes linnt». Med allusjonen til Yngve Pedersens Lysning Forelder (Oktober, 2002) skriv poeten seg inn i eksentrisk selskap. I suiten lyder ekko frå Pedersens utidsmessig høgstemde apostrofar og galante ordstilling. Men det opphøgde får aldri ruve over dikta og dominere dei, og sjølv om poeten brusar med lånte fjør, framstår dikta hans som fortrulege med det mytiske materialet dei kler seg i. Det minner meg om noko Goethe skreiv: «Din fedrearv må du fra første stund/ erverve, ellers eier du den ikke.» Når Nødtvedt vender blikket bakover, er det med andektige auge og eit fandenivoldsk smil om munnen.

I eit dikt les ein at poeten «parkerte yngve pedersens camry / gikk opp eiterdalen gikk over / eller gjennom slottet til modalen». For diktlesaren er Modalen først og fremst staden der Olav Nygard var fødd, på fjellgarden Krossen. Dei tre siste dikta i innsagnet – gåtefulle, men også lysande klåre – krinsar alle rundt Nygard, og plasserer han i sentrum av Trollsuiten, omkransa av heilag eld:

olav nygards grusomste tennvæske
noen ørsleblad fra manuskriptene
flagrer fra krossens offerstein
før eteren lunes en natt
lunes en natt en jonsoknatt

Eg meiner på ingen måte at verknaden av dikta kviler på lesaren sin kjennskap til Nygard – i Nødtvedts dikt framstår «olav» som ein fornøyeleg figur i seg sjølv. Det går heller ikkje ei bein linje frå Nygards klingande formspråk til Nødtvedts språklege heksegryte. Når innsagnet blir avrunda, skjer det med ein opprivande gest som dempar den høgtidsame tonen, og som opnar for villskapen som kjenneteiknar resten av Trollsuiten. Eg-et varmar seg over «håndbålet som lyser / i olavs ansiktsruner / (…) der lengslebiven gorrlaust flerres / av den svarteste farligste fele». Dei brennande blada til Nygard kveikjer ei trolldomsmakt poeten utnyttar for det den er verdt.

Samtalen med Nygard føregår gjennom heile suiten, både i innskrivne (og kursiverte) vers, i allusjonar, og i dei mange ordsamansetjingane modellert etter nygardske nyord som «vokeverken», «blodstraumsus» og «soldraumsblåne». Som i dei to førre bøkene dreg Nødtvedt denne ordbrunsten i ei lydmålande retning, og vendingar som «snerreflerrer», «svartbergsug», «brevindsgust» og «underkrattsgrafsen» sender like gjerne tankane til nokre av Nygards samtidige avantgardistar, til dømes Velimir Khlebnikov og hans kanoniserte «Trolling gjennom lått» (1908).

Kanskje kan ein kalle Nødtvedts dikt ei form for trolling gjennom slått? Det er iallfall ei forførande kraft i den rytmiske ordstraumen hans. Orda rører på seg, skubbar i kvarandre, pregar og lèt seg prege, og endar ofte opp i febrilske nyord som «soloppgangsknak» og «hvitnevrebirkebladsusen». Også når Nødtvedt gjer bruk av meir tradisjonelle verkemiddel, som rim og repetisjonar, får uttrykket noko oppjaga over seg:

midt i gaten der står det en grind
midt i natten der står det en grind
å nei å nei så lei en grind
ai ai meg og der skal eg inn
jeg følger et myret trollsig mot nord
ja jeg følger et myret trollsig mot nord
der alle kråker ja alle kråker
blør blod blør blod
blør nebbeblod

Under lesinga av Trollsuiten blir eg tulla og trolla inn i musikalsk sulling og skvaldring. Når spelmannen grip tyglane og lesaren kjenner at meiningsdanninga blir forstyrra av lydlege krumspring, er suiten drivande god. Fleire av dikta får det verkeleg til å kvine i gnissingane mellom ordmeining og ordlyd, og dei gamle nasjonalmytane får stige fram i nye lydar, i nytt lys.

Illustrasjon: Andreas Töpfer.

Illustrasjon: Andreas Töpfer.

Huldra får spele ut si mangslungne rolle. Ho synest i den eine augneblinken å vere eit kjærleiksobjekt, som i diktet på side 30, der eg-et løftar stakken og hevar halen hennar, rekker ut tunga, «lepjer brevann / lar gevirsediment peele munnhulen» og «får trollmultesaft over / munn og nese / sleiker urskogsblåbær / og den sure smaken av myr». Eg har aldri før sett huldra frå denne vinkelen. Men biletet forsvinn i neste augneblink, og ho stig fram på nytt, denne gongen som kløktig og trugande med «kleptomanisk huldremanøver». Det blir aldri direkte latterleg, men den språklege behandlinga er skiplande lystig og livleg. Huldra kjem og går med sine erotiske sprengladningar, og med kurumpa som flagrar rundt i dikta blir det tydeleg at ho er eit unnvikande grensevesen med både menneskelege og dyriske attributt:

hun slår beina om stammen
hun slår virkelig beina om stammen
barkedryss av under av livs skjelving
vårens strammede viljers skjelving
å felå læt’inn i vilde skjogjen
å felå læt’inn i vilde skjogjen

Fela, til liks med bogen, harpa og dei mange andre musikalske elementa, er ofte omringa av eller innbaka i ulike naturelement. Spelmannen teiknar også opp ei grense mellom det dyriske og det menneskelege: «mitt språk ligner mer / dyrenes brummen enn menneskers tale». Seinare blir denne grensa igjen eksplisitt nemnd: «Ved vebande / Grændseskillet mellem / Dyr / og / Menneske». Korleis forstår ein dette, i ein suite der grenser heile tida blir overskridne, og kategoriar som dyr og menneske glid i hop? Grensene tek mange former i Trollsuiten; grinder, bommar og autovern er sette opp omkring i dikta. Allusjonen til Nygards Ved vebande (1923) –«vebande» syner nettopp til ei grense, til inngjerdinga eller bandet rundt det heilage – dreg igjen fram Nygard som ein nøkkel til forståinga. I innsagnet er det nemleg også ein konkret draum:

trollharpiks i vebandet
brennende bånd rundt
det hellige freser i regn
en natt en jonsoknatt

drømmen om olav nygards nivå
bristende nøkkeblomst
her ved  ved vebande
springbrister slåtten
i morgonbjart stjerneher song

Draumen om å nå Olav Nygards nivå stig ikkje fram ved vebande, men ved Nygards Ved vebande. Dei siste linjene i Nødtvedts dikt både skriv om på og siterer det første diktet i denne samlinga, «Til gampen min», som opnar med ein tiltale til Pegasus, vengehesten som symboliserer poesien. Nygards dikt sår tvil om gampen er levande eller daud, verkeleg eller draum, som i siste strofe, der diktaren minnest at han sadla sin Pegasus og nærma seg Olympusfjellets høgder, men er i tvil om minnet høyrer draumen til:

Eller var det i draum me fann uppveg og leid
gjenom dynjande himlar ein gong
daa paa solskodd og sylvfaksa skyer me reid
med ein morgonbjart stjerneher song?

Ein finn eit kosmisk perspektiv hos Nygard. Men ferda oppover, mot høgdene og vebandet rundt det heilage, blir aldri fullenda: «Og då draumen lik brestande skumblørur sprang / stod me jordfast med beinbrotne kne». Mange av dikta i Ved vebande ber ei slik nederlagsstemning, og på mange måtar er det denne stemninga Nødtvedt tek springfart i: Også hos Nødtvedt «springbrister» slåtten, men den gjer det «i morgonbjart stjerneher song»; med Nygards eigne ord snur Nødtvedt motløysa på hovudet, og opnar for eit villare uttrykk. I etterordet til Nygards Dikt i samling (Norsk bokreidingslag, 2004) skriv Eirik Vassenden noko som likevel kan gjelde for dei begge: «[S]pråkbileta sine eigenliv er sterkare og viktigare enn deira evner til å skildre noko anna».

«Språkbileta sine eigenliv» sender oss attende til grensa mellom dyr og menneske. Det lydlege blir støtt kopla til dyriske krefter, om det er i «trollfuglens underkrattsgrafsen» eller når «vargen gjeter glefsen». I diktet der poeten slår fast at språket hans er meir i slekt med dyrisk brumming enn menneskeleg tale, hevdar han også å vere halvtroll med tusseblanding i blod. Det er aldri heilt klårt om det er eit menneske som talar i dikta. Frå opninga av er det ei forvandling i gjæring – ei urovekkjande rørsle der eg-et forlèt noko menneskeleg og dreg inn mot trollskog og «skume berghjerte». I dei siste linjene i diktet blir denne forvandlinga tilsynelatande fullført: «jeg er rise / jeg er troll». Lesaren blir uviss om det er dyr eller menneske som uttrykkjer seg; eg-et som talar i dikta er og blir unnvikande og vanskeleg å setje i bås. Med denne uvissa dreg Nødtvedt merksemda mot likskapane mellom dyrelydar og språklydar: «hør en kråke / dreper meg fra granen / (…) hør den hviteste offerhest i luften / utenfor berget / hør svevets vrinsk / (…) hør et fælet Skrig i mørkri Avdal». Spelmannen går opp i hulder og trollskog – reint kroppsleg så vel som biletleg – og slepp språket laus i «tussmørkegrensen i hodet det hodet». Det kling i den «svarteste farligste fele» frå innsagnet; poeten blir del i trollinga, blir leia inn i språkbileta sine eigenliv og trollar vidare i dei. Det er ein kamp – både dragkamp og bikkjekamp – med Olav Nygard og alskens dyriske naturkrefter, ein febrilsk kamp for å «flytte gjerne velte / grensesteinene i hodet / merkesteinene i hodet». Når utsagnet kjem, blir det tydeleg at kampen i seg sjølv gjer kjempinga strevet verdt:

o olav strømhest o olav tussefugl
o olav nygard
grip min høyre hånd
før den frem og tilbake indtil Blodet
springer frem af hver Fingerende
kan jeg endelig skrive så uforligneligt
at Træerne dandse og Fosserne
standse
at Træerne dandse og Fosserne
standse i deres Fald jeg skal skrive jeg skal
skrive     so lauvo
bivrar på greino
so lauvo
bivrar på greino

Lauva bivrar på greina, orda dirrar på sidene og kampen slår om i dans.

Desse fruktbare samanstøytane med Nygard og naturkreftene har fleire parallellar i Trollsuiten – møtet mellom kristendom og heidendom er ein av dei. På eit tidspunkt, når «hedensk kunsthåp forvitrer», må eg-et væpne seg med «den hviteste farligste fele» for å halde trolldomen frå den svarte fela i sjakk. Det kvite, trollsprekkande lyset fram- hevar motsetnaden mellom heidenske, trolske og heilage, kristne element. Det kvite lyset skin klårt i «heilaglundens hvite dansere», men klårast i det bibelsk fordrivande diktet på side 49: «kom deg ut Troll! / ud fra vort Hoved / (…) der skal du staa / saa fast som en Stein / staa i den Hellige Jord / stat saa! / ord Amen». Den heilage sprengkrafta skriv seg gradvis inn i suiten – med eit nikk til «Kråkevisa» blir eit kråkenebb samanlikna med ein kyrkjebåt, før eg-et seinare «salmenynner korser meg når joggere passerer». Samanstøyten fører til utveksling, for ikkje å seie forveksling av heilagdom og heidendom: «en dobbeltforstands soloppgang / en salme / en hvit slått». Kan ein kalle det ei form for nedbrytande synkretisme? På «autovernets valplass» blir det teikna eit innfløkt bilete på denne grenseforvitrande prosessen: «to sider av autovernet / to nervetrærs innvoks mot / to forskjellige land på hver side». Tulling og trolling blir til bibelsk fordriving blir til babelsk forvirring. Verknaden er ofte komisk, som når «utkastelsesordren ljomer mot ødegårds trollby». Men om latteren råkar tradisjonen, så råkar den også rollene som lesaren og diktaren inntek når dei les og skriv seg inn i og ut av denne tradisjonen. Med påtakeleg sjølvironi slår poeten fast: «nei kittelsen forsto ingenting / trolltoget opus 54 også en grotesk feiltolkning / blottet for hypnagogisk konsultasjon». Nødtvedt detroniserer det kanoniske, men som Gunnar Wærness påpeikar, er detroniseringa utført «med ømhet og alvor». Trollsuiten er djerv og dristig, men aldri lettbeint eller overflatisk; den er kledd i alvorsam coolness: «det er ikke for å nyte tussmørket / man ifører seg solbriller i skumringstimen».

Det siste diktet i Trollsuiten er skrive i etterpåklokskapens lys, og kommenterer korleis det ein nett har lese har blitt til. Poeten sine basketak får si forløysing, og poesien stig fram som ein allereie utkåra vinnar. I «sanseløs nøkkenatt» slepp Olav taket i spelmannen:

olav slipper og så går endelig
pegasuset
gjennom luften

tastaturslåttens formfullendte gir

en flammende morgen flerrer mørket
flerrer virkelig flerrer flerrer mørket

Det openberre openberrar seg: Mørkret er allereie flerra, tastaturslåtten har hamra laus på lesaren heile boka gjennom; poeten sin frigjeringskamp er vunnen allereie med innsagnet som innleier den. Er du i tvil? Det er berre å byrje att frå byrjinga av, og følgje Trollsuitens hypnagogiske trolling attende til vegs ende:

et brennende band
i grenseland   et brennende band

Avatar

Eivind Myklebust