«Eg tenkjer dagleg på den norske formuen»

BJØRGVINERS. Tormod Haugland er aktuell med romanen Om søvn og mørke. Vi stilte han nokre spørsmål som ikkje har noko med noko å gjere.

Tormod Haugland
I det daglege underviser Tormod Haugland unge skrivande på Skrivekunstakademiet. I haust er han aktuell med Om søvn og mørke, ein slags oppfølgjar til romanen frå 2017, Om dyr og syn. Foto: Helge Skodvin

Tormod Haugland, kva er den dårlegaste boka du har lese?

– Eg er ein dårleg lesar av dårlege bøker. Eg vert ofte dårleg når eg les ei dårleg bok, og difor må eg leggje ho frå meg. Det er sjeldan eg då tek ho fram att, berre tanken på å lese vidare gjer meg dårleg. Det hender ofte når eg les i dårlege bøker at eg tenkjer at dette må vere den dårlegaste boka eg nokosinne har lese i, og tanken får meg straks til å leggje ho vekk. Slik sett ville det vere svært urettferdig om eg skulle nemne boka med namn, i og med at eg ikkje kan seie at eg verkeleg har lese ho.

Kva politisk sak er du mest engasjert i no om dagen?

– Eg tenkjer dagleg på den norske formuen og korleis eg ville ha brukt han dersom eg fekk bestemme. Om eg kunne bestemme ville eg definitivt ha brukt han så fort eg kunne. Det å ha pengar på bok i våre dagar er det reine idioti.

Kva er det vanskelegaste for deg å ofre for klimaet?

– Livet, heilt klårt. Og det er der problemet ligg. I mi levetid har talet på menneske på jorda tredobla seg. Om vi ikkje fanst ville det ikkje ha vore noko problem. Som Zappfe sa det: En ubebodd klodde er ingen katastrofe.

Kva er ditt viktigaste kvardagsprinsipp?

– Å stå opp kvar dag har lenge vore mitt viktigaste prinsipp, men eg er usikker i kva grad eg kan seie at det gjer meg stolt. Eg er glad for at eg er i stand til det, og eg veit at dagen kjem der eg vil slite meir enn no. Enn så lenge er eg glad for å kunne stå opp kvar dag.

Korleis har lommeboka di det?

– Eg arva ei lommebok i brunt skinn av farfaren min då eg var ti år gammal. Eg mista ho om hausten, men fann ho att på våren då snøen smelta. Ho låg like ved florsvegen og då eg såg etter låg den gule tikronersetelen framleis på plass. Det var også eit kronestykke i ho, til saman 11 kroner. Eg trur aldri eg har vore så glad for å finne noko att som då. Den lommeboka har eg teke vare på, saman med innhaldet. Og ho har alltid gjeve meg ei kjensle av rikdom.

Bjørgviners er ein fast intervjuspalte der fem spørsmål blir stilt til aktuelle vestlandsforfattarar.

Europa

Vagant er et skandinavisk tidsskrift for kritikk og essayistikk. Tidsskriftet har litteratur som utgangspunkt, tar for seg alle kunstarter og rommer også idédebatt og kulturjournalistikk.

Redaksjonen utgir fire numre i året, i tillegg til ukentlige oppdateringer av nettsiden. Første nummer utkom i 1988. Siden 2017 utgir redaksjonen tidsskriftet på egen hånd. Vi oppfordrer alle lesere til å tegne abonnement på papirutgaven.

Vagant redigeres etter Redaktørplakaten, og er medlem i Eurozine og Norsk tidsskriftforening.