«Det manglar visjonar ved norske skriveutdanningar»

Skrivekunstakademiet
Til venstre, Cecilie Løveid. Foto: Helge Skodvin. Til høgre, Morten Langeland. Foto: Foto: Heidi Furre

INTERVJU. Cecilie Løveid blir erstatta av Morten Langeland som lærar ved Skrivekunstakademiet. Begge forfattarar meiner det er på tide å tenkje annleis, utprøvande og større.

Skrivekunstakademiet
Til venstre: Cecilie Løveid. Foto: Helge Skodvin. Til høgre: Morten Langeland. Foto: Heidi Furre

[dropcap]G[/dropcap]jennom dei labyrintiske korridorane på USF Verftet i Bergen har dei vandra ein gong, mange av dei som no er forfattarar, på veg frå toaletta, eller frå røyketrappa med utsikt over Puddefjorden, til undervisningsrommet på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Rundt det kvitmåla langbordet har det kvart år sidan 1985 sete tolv nye håpefulle, med tekstar i handa og hjartet i halsen, klare for knusande kritikk. 

–  For femten år sidan, då eg sjølv var student, var det ein eigen aura over dei gjestelærarane som slakta folk sine tekstar, fortel Morten Langeland. 

Vi treffer han ein haustkveld i oktober, etter at han har fyrste dagen sin med undervisning på akademiet. Dei siste åra har den 33-årige poeten og kritikaren merka seg eit skifte i stemninga i klasseromma på landet sine skriveskular. 

–  Ein lærar som hadde oppført seg slik i dag ville ikkje ha blitt invitert til å kome tilbake, meiner Langeland. 

–  Kvifor ikkje?

– Studentane i dag er gode på å ha omsorg for kvarandre. Det er jo bra, men vi må passe på at det ikkje står i vegen for gode diskusjonar. Eg forstår ikkje kvifor det skal vere så farleg med uenigheit. Eller ærlegheit, for den del.

Langeland understreker at han baserer det han seier på eigne erfaringar som student ved ulike skriveskular, ikkje lærar. Men synspunkta hans blir støtta av Cecilie Løveid, som valde å gje seg som lærar ved Skrivekunstakademiet tidlegare i år. 

–  Dei som kjem inn på akademiet blir handsama som elevar, heller enn studentar, meiner ho. –  Dei blir rett og slett overbeskytta. 

På veggane på Skrivekunstakademiet heng klassebileta til dei som har gått der. På fotografiet frå 2010 finn vi ein litt yngre Morten Langeland, med blidt fjes og hendene i lomma. Når ein ser dei tidlegare studentane henge der slik, ved sidan av kvarandre, dannar det seg raskt eit mønster:

–  Dei som blir tatt opp ved akademiet er mellomklasse, dei er kvite, og dei er i tjueåra, seier Langeland. 

– Dei som hevdar at skriveskulane får folk til å skrive likt, snur problemstillinga på hovudet: folk som kjem inn der er jo allereie like. Er det eigentleg eit problem? Eg veit ikkje, men eg vil gjerne diskutere det, seier Langeland, og legg til:

– Eg ønskjer å opne samtalen rundt litteratur på akademiet til å handle om meir enn om denne teksten er god eller dårleg. 

I tillegg til å ha gått på skriveskulane i Bø og i Bergen, har Morten Langeland vore elev ved Litterär gestaltning i Gøteborg. Utdanninga ved sistnemnte institusjon ga han eit nytt perspektiv på dei norske skriveutdanningane:

– Både i Sverige og i Danmark er dei orienterte mot verda i ein heilt annan grad enn på dei norske skulane, fortel Langeland.

– Under finanskrisa avbraut vi til dømes det vanlege undervisningsopplegget og reiste til Athen. Vi las mengder av gresk litteratur, samtidig som vi var midt oppe i det som hende. 

Den nyslåtte læraren har forståing for at det er vanskelig å få til noko slikt for skriveutdanningar som i motsetnad til Litterär gestaltning har eittårig studieløp, slik tilfellet er ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og forfattarstudia i Bø og Tromsø. 

– Poenget mitt er at det går an å vere meir open, seier han.

– Det eg har sakna ved skriveutdanningane eg har tatt i Norge, er å kunne snakke om ting utanfor pensum, utanfor det fastsette opplegget. Dette er jo kunstskular, og ein burde vere fri til å gjere noko uventa. Vere ein artig skrue av ein lærar, som skrur av lyset og syng ein song.

– Er det ein slik lærar du vil vere? 

– Hehe. Nei, eg er mørkeredd og kan ikkje synge, seier Langeland.

– Men eg håper eg kan vere ein samtalande og diskuterande lærar, som tør å stå for noko. Her utdannar vi jo menneske som skal ut og snakke i offentligheita i resten av sitt liv – får vi til eit klasserom med gode diskusjonar, har vi greidd mykje berre med det. 

Denne hausten ga Langeland ut si femte diktsamling, med tittelen Svamp. Ved Skrivekunstakademiet er det naturleg nok poesi han skal undervise i – enn så lenge. Eigentleg ønskjer han seg vekk frå sjangerdiskusjonane:

– Vi kan ikkje late som om offentlegheita studentane trer inn i er den same som for femten år sidan. Over heile Skandinavia står hybridlitteraturen sterkt no, særleg i unglitterære miljø, seier han. 

– Og då burde skriveskulane følge etter?

– Ja, eg meiner vi burde henge med i tida ved å tilby nokre kurs som er meir opne og dynamiske. Det er eigentleg ein ganske liten ambisjon. Hybridiseringa kjem til å fortsette, ikkje berre mellom sjangrar, men kunstartar også. 

 – Vi kan ikkje late som om offentlegheita studentane trer inn i er den same som for femten år sidan. Over heile Skandinavia står hybridlitteraturen sterkt no, særleg i unglitterære miljø.

– Morten Langeland, poet og lærar ved Skrivekunstakademiet

Med bakgrunn i dette resonnementet har Langeland også eit ønske om å samarbeide med dei andre kunstutdanningane i Bergen. Dét kan vise seg å bli lettare sagt enn gjort, om erfaringane til tidlegare lærar ved Skrivekunstakademiet, Cecilie Løveid, er representative. 

Løveid, som av mange blir rekna mellom landets fremste dramatikarar og poetar, hadde undervist i dramatikk sidan 2013 då ho valde å gi seg denne sommaren. Tida som lærar karakteriserer ho som delvis skuffande. 

– Dei små stillingane fordelt over eit så langt tidsrom går ut over kontakten som ein har med både lærarkollegaer og studentar. Ein rekk ikkje å kome forbi høfligheits-stadiet før året er slutt, meiner Løveid, som hadde ønskt seg tid til å følge opp studentane tettare. Problemet, i følgje henne, er dei avgrensa økonomiske midlane som Skrivekunstakademiet rår over:

– Ein har slått seg til ro med altfor lite ressursar, på ein måte som går ut over undervisninga, meiner Løveid. – Sjå på kva skriveutdanningane får, i høve til andre kunstutdanningar. Vi er latterleg billige i drift!

Løveid hevdar denne mangelen på ressursar har vore særleg til hinder for god dramaundervisning. 

– Ein har slått seg til ro med altfor lite ressursar, på ein måte som går utover undervisninga.

– Cecilie Løveid, poet og tidlegare lærer ved Skrivekunstakademiet

– Dramatikk krev ei anna undervisningsform. Studentane må forstå at tekstane dei skriv skal gå føre seg i tid og rom, og involvere ei rekke sceneaktørarar. Då nyttar det ikkje å sitte rundt bordet med ark i handa – ein må ha golvplass, og muligheita for samarbeid med skodespelarar og dramaturgar. 

I løpet av tida ved SKA har Løveid fleire gongar fått i stand samarbeid med institusjonar som Den Nationale Scene, men då ved å basere seg på gratis arbeidskraft og godvilje. Ho har også prøvd å få i stand samarbeid med andre kunstinstitusjonar i byen, men ofte kjent seg ganske så åleine om innsatsen. Sjølv om det er utfordringar knytt til dramaundervisninga som har vore mest merkbare for hennar eigen del, er kritikken til Løveid også retta mot undervisningspraksisen ved skriveskulane generelt.

– Tenk på alt vi kunne få til, viss vi ikkje slo oss til ro med så lite. Ein kunne invitere utanlandske forfattarar som gjestelærarar, samarbeide meir på tvers av kunstsjangrar, eller få til eit lengre studieløp med færre studentar, slik som i København eller i Gøteborg, foreslår Løveid. Ho etterlyser ikkje berre betre økonomiske vilkår, men også vilje frå skriveskulane si side til å tenkje annleis, utprøvande og større. 

– Det manglar visjonar ved norske skriveutdanningar, seier Løveid.

Europa

Vagant er et skandinavisk tidsskrift for kritikk og essayistikk. Tidsskriftet har litteratur som utgangspunkt, tar for seg alle kunstarter og rommer også idédebatt og kulturjournalistikk.

Redaksjonen utgir fire numre i året, i tillegg til ukentlige oppdateringer av nettsiden. Første nummer utkom i 1988. Siden 2017 utgir redaksjonen tidsskriftet på egen hånd. Vi oppfordrer alle lesere til å tegne abonnement på papirutgaven.

Vagant redigeres etter Redaktørplakaten, og er medlem i Eurozine og Norsk tidsskriftforening.