Nye netteksklusive tekster hver uke. Tegn abonnement og få fire papirutgaver i året

Pussy Riot på teater

NOTIS. Det feministiske punkrockkollektivet har eit nytt prosjekt på gang – no kjem det til Bergen.

I februar 2012 smugla Maria Alyokhina og fire andre medlemmar av den russiske protestgruppa Pussy Riot ein elektrisk gitar inn i Frelseren Kristus-katedralen i Moskva. Den provokative framføringa deira av «Punk prayer: Mother of God drive Putin away» enda med fengselsstraffer for tre av kvinnene, som vart sikta for å vere hooligans, av alle ting.

Maria Alyokhina har skrive ein memoar om desse erfaringane, med tittelen Riot Days, som kom i 2017. Pussy Riot Theatre er ei førestilling basert på boka, som kan opplevast på Landmark fyrstkomande mandag kl 20. På scena står Alyokhina sjølv, saman med Kyril Masheka og musikkdoen AWOTT. 

Alle Pussy Riot-hooligans bør kjenne si besøkelsestid!

Helene Hovden Hareide

Helene Hovden Hareide

Helene Hovden Hareide, f. 1989, er skribent, omsetjar og journalist for vagant.no