Nye netteksklusive tekster hver uke. Tegn abonnement og få fire papirutgaver i året

«Prinsipp er eit ord eg knapt har i vokabularet mitt»

BJØRGVINERS. Siri Økland er aktuell med ny diktsamling. I dette intervjuet fortel ho kvifor ho ser seg over skuldra når ho les Paulo Coelho. 

Siri Økland
Siri Økland er tidlegare journalist og utdanna litteraturvitar. Denne hausten ga ho ut si andre bok og fyrste diktsamling: Den tid, den song. Foto: Maria Aarekol

Siri Økland, kva er den dårlegaste boka du har lese?

– Eg er ikkje eksponert for dårlege bøker i særleg grad, så eg hamnar sjeldan i den situasjonen. Når dét er sagt, hender det rett som det er at eg ikkje har like stort utbytte av ei bok. I slike tilfelle har eg nok ein hang til å tenka at jaja, det er kanskje meg, denne boka er sikkert grei for nokon andre. Innimellom plasserer eg all skyld for den dårlege leseopplevinga hos forfattaren. Alkymisten av Paulo Coelho er eit slikt eksempel. Den las eg av høflegheit mot givaren, som meinte det svært godt då ho sende meg boka i ei vanskeleg tid. Det hjelpte ikkje, kan ein trygt seia. Under lesinga var det nesten så eg såg meg over skuldra etter eit skjult kamera. No skal me sjå om ho verkeleg går på denne bløffen her, liksom.

Kva for politisk sak er du mest engasjert i no?

– Eg er ikkje spesielt stolt over det, men «bekymra» er meir dekkande enn «engasjert», gitt at engasjert betyr aktiv. Eg heiar på alle som tar ein for laget og bruker tid og krefter på aksjonar, møte, frivillig arbeid og debattinnlegg. Det er så mykje å gripa fatt i, men klima- og miljøproblema kjennest absolutt mest akutte.

Kva er det vanskelegaste for deg å ofre for klimaet?

– Min første tanke var flyreiser, men sidan eg uansett ikkje har så mange langdistanseærend, er det ikkje særleg mykje å ofra. Så då må det nok bli plast. Eg bruker neppe meir plast enn folk flest, men som folk flest, synest eg plast er utruleg praktisk til ei lang rekke ting i tilværet. Eigentleg kokar dette ned til at det er vanskeleg å ofra slikt som gjer livet lettvint, effektivt og komfortabelt. Men eg jobbar med saka.

Kva er ditt viktigaste kvardagsprinsipp?

– «Prinsipp» er eit ord eg knapt har i vokabularet mitt – og i alle fall ikkje i kvardagen – men viss eg tenker etter, har eg sjølvsagt nokon køyrereglar. At eg har lett for å tru det beste, er definitivt ein fordel både for meg sjølv og dei rundt meg. 

Korleis har lommeboka di det?

– Lommeboka mi bur i Norge, og er takksam kvar dag for det. Den er i raudt skinn, og kler fargen sin betre og betre. Eigaren har ytt etter evne og får etter behov. 

Bjørgviners er ei fast intervjuspalte der fem spørsmål blir stilt til aktuelle vestlandsforfattarar. 

Helene Hovden Hareide

Helene Hovden Hareide

Helene Hovden Hareide, f. 1989, er skribent, omsetjar og journalist for vagant.no