Om marionetteateret

Tidlegare publisert i Vagant 3/2008

Då eg vinteren 1801 var i M… møtte eg herr C. i ein av parkane i byen. Han var nyst tilsett som førstedansar ved operaen, og hadde allereie fått ei uvanleg høg stjerne blant publikum.

Eg nemnde at eg var overraska over at eg fleire gonger hadde sett han på eit marionetteater på den lokale marknadsplassen, ei enkel underhaldning for folk i gata, i form av korte, dramatiske burleskar med song og dans.

Han forsikra meg om at han let seg more av rørslene til dokkene, og la ikkje skjul på at ein dansar med sans for nytenking kunne lære mykje av dei.

Måten han sa det på fortalde meg at dette var meir enn berre eit innfall, og eg sette meg difor ved sida av han, for å høyre nærare kva han meinte.

Han spurde om eg verkeleg ikkje la merke til kor grasiøse rørsler dokkene hadde når dei dansa, særleg dei små.

Dette kunne eg ikkje nekte for. Ei lita gruppe med fire bønder som i rask takt dansa ein runddans, kunne sjølv ikkje Teniers ha måla vakrare.

Eg var nyfiken på mekanikken til desse figurane og korleis det var mogleg å styre dei enkelte ledda etter rytmen i rørslene og dansen, utan å ha myriadar av trådar på fingrane?

Han svarte at eg ikkje måtte tru at kvart enkelt ledd vart styrt og trekt i av maskinisten gjennom heile dansen.

Kvar rørsle, meinte han, har eit tyngdepunkt inni figuren; det er nok å kontrollere dette, for dei ledda som ikkje er anna enn pendlar, vil følgje av seg sjølv.

Han la til at rørsla eigentleg var nokså enkel, fordi kvar gong tyngdepunktet blir flytta i ei rett linje, dannar lemmane ei kurve. Og berre ved å rykke tilfeldig, vil heile figuren røre seg i ein rytme som kan likne dans.

Denne merknaden gjorde det klarare for meg kvifor han meinte å finne denne gleda i marionetteateret. På dette tidspunktet ante eg ikkje noko om kva slags følger han seinare skulle trekkje av dette.

Eg spurde om han trudde maskinisten som styrte dokkene sjølv måtte vere ein dansar, eller i det minste måtte ha ein tanke om kva som gjer dans vakkert?

Han svarte at sjølv om ei oppgåve er lett å utføre mekanisk, tyder det ikkje at ho kan løysast utan kjensle.

Linja, som tyngdepunktet følgjer, er rett nok særs enkel, og, trudde han, i dei fleste tilfelle rett. I dei tilfella kor denne linja er krum, verkar det som om krumminga er av første eller høgst andre grad; og også i dette tilfellet elliptisk, dette er den naturlege måten å røre dei ytterste punkta på menneskekroppen på (på grunn av ledda), difor er det inga sak for maskinisten å lage desse rørslene.

Sett frå ei anna side, har slike linjer noko særs gåtefullt over seg. For dei er ikkje anna enn den vegen dansaren si sjel følgjer; han tvilte på at linja kunne finnast på ein annan måte, enn når maskinisten flyttar seg til tyngdepunktet i marionetten, med andre ord dansar.

Eg svarte at eg hadde sett på dette arbeidet som temmeleg sjellaust, omtrent som å dreie handtaket på ei lirekasse.

Slett ikkje, svarte han. Snarare er forholdet mellom fingrane sine rørsler og dokkene nokså kunstig, omtrent som forholdet mellom tal og logaritmar, eller mellom ein asymptote og ein hyperbel.

Han trudde forresten også at dette endelege brotet med sjela, som han allereie hadde nemnt, etterkvart kunne skje utanfor dokkene, så dansen deira kunne bli heilt mekanisk og framkallast berre med eit handtak – slik eg hadde tenkt.

Eg sa at det undra meg korleis han vigde denne folkelege underhaldninga ei slik merksemd, og attpåtil heldt det for å vere ei form for vakker kunst. Ikkje berre meinte han at dette representerte noko høgverdig: Det verka til og med som han sjølv dreiv med det.

Han smilte og sa at han våga å påstå, at viss ein god handverkar bygde ei dokke til han, etter dei krava han stilte, kunne han få denne til å danse slik som verken han eller nokon annan dansar i hans tid ville vere i stand til, sjølv ikkje Vestris.

Fordi eg slo blikket ned og tagde, spurde han: Har du høyrt om dei mekaniske beina engelske kunstnarar lagar til dei stakkarane som har mista låra sine?

Nei, svarte eg. Noko slikt hadde eg aldri sett.

Det var dumt, svarte han, for når eg fortel deg korleis desse stakkarane klarer å danse med desse beina, er eg redd for at du ikkje vil tru meg. Kva er det eg seier, «danse»? Spelerommet deira er rett nok avgrensa, men det dei klarer, gjer dei så roleg, lett, og yndig, at ein kvar kjenslevar tilskodar blir fylt med undring.

Eg svarte spøkefullt at i så fall hadde han nok funne rette mann. For ein kunstnar som kan lage eit så særeige lårbein, måtte vel kunne setje saman ein marionett etter krava og ønska hans.

Han såg brydd ned i bakken, så eg spurde: Kva meiner du krevjast for å lage ein slik marionett?

Ingenting, sa han, som ikkje allereie finst: symmetri, rørsleevne, lettheit – berre i endå større grad; og spesielt ei meir naturleg fordeling av tyngdepunkta.

Og kva fordel vil ei slik dokke ha framfor ein levande dansar?

Fordelen? Først og fremst noko negativt, min gode venn, nemleg at ho aldri vil gjere seg til. Fordi det tilgjorte opptrer idet sjela (vis motrix) befinn seg på eit anna punkt enn i tyngdepunktet for rørsla. Sidan maskinisten berre kan bruke trådane og ikkje har noko anna enn dette punktet i si makt, er alle andre ledd det dei skal vere, døde, reine pendlar, som følgjer lova om tyngdekrafta; ein utmerka eigenskap som ein fåfengt ser etter hjå våre eigne dansarar.

Sjå berre på P…, heldt han fram, når ho spelar Daphne og snur seg for å sjå etter Apollon, som følgjer etter henne; sjela hennar sit i virvlane i korsryggen; ho bøyer seg som om ho skulle brotne i to, som ei najade i tradisjonen etter Bernini. Sjå på den unge F…, når han som Paris står under dei tre gudinnene og overrekkjer eplet til Venus: det er ei plage å sjå på, sjela sit jo i albogen.

Slike feilgrep, la han til og avbraut seg sjølv, er uunngåelege, etter at vi åt frå kunnskapstreet. Paradiset er stengt og kjerubane bak oss, så vi må gjere ei reise verda rundt og finne ut om vi ein eller annan stad kanskje likevel kan finne ei opning.

Eg lo. – Sanneleg, tenkte eg, kan ikkje ånda ta feil der ho ikkje finst. Men eg merka at han hadde meir på hjartet, og bad han om å halde fram.

Dessutan, sa han, har dokkene den fordelen at dei er antigrave. Dei veit ingenting om tregleiken til materien, den eigenskapen som er den største motstandaren til dansen, fordi kreftene som held dokkene svevande i lufta er større enn dei kreftene som trekkjer dei mot jorda. Kva ville vel ikkje vår gode fru G… ha gitt for å vere seksti pund lettare, eller for at ei vekt av ein slik storleik kunne letta hennar entrechats og piruettar? Dokkene, akkurat som alvane, treng berre å røre ved underlaget, og denne vesle hindringa set på ny lemmane i rørsle. Vi dansarar treng fast grunn til å kvile og innhente oss på etter strevet i dansen: ein augneblink som openbert ikkje er dans, og som ein ikkje kan gjere anna med, enn å prøve å få han til å forsvinne.

Eg meinte at sjølv om han la fram dette paradokset med stil, kunne han ikkje overtyde meg om at ei mekanisk ledd-dokke kunne ha meir ynde enn menneskekroppen.

Han parerte med at eit menneske ikkje eingong kunne kome i nærleiken av ei dokke. På dette feltet kunne berre ein gud måle seg med materien, og dette var punktet der dei to endane av den ringforma verda møttest.

Eg vart meir og meir i age, og visste ikkje kva eg skulle seie til desse merkverdige påstandane.

Det verka som, heldt han fram, medan han tok ein pris tobakk, at eg ikkje hadde lese tredje kapittel av første Mosebok grundig nok; og den som ikkje er kjend med dette første trinnet i menneskeleg danning, kan ein ikkje snakke fornuftig med, verken om det neste, og heller ikkje det siste.

Eg sa at eg visste godt at medvit kan øydeleggje den naturlege sjarmen til eit menneske. Ein ung mann i omgangskrinsen min hadde som følgje av ein liten merknad, mista uskulda si, og dermed uskuldens paradis, rett framfor augene mine, og aldri funne det att, trass i utallige forsøk. – Men, la eg til, kva slutningar kan du trekkje av dette?

Han spurde kva episode eg sikta til.

For omtrent tre år sia, fortalde eg, tok eg eit bad ilag med ein ung mann som hadde ei fantastisk utstråling. Han var vel rundt seksten år gamal, og ein kunne skimte korleis merksemda frå kvinner hadde sett dei første spora av fåfengd. Det hadde seg slik at vi kort tid i førevegen hadde vore i Paris og sett skulpturen av ein unggut som trekkjer ein torne ut av fotbladet; avstøpingar av statua finst i dei fleste tyske samlingar. Idet han sette foten på krakken for å tørke han, kasta han eit blikk i ein stor spegel, og vart slik minna på statua. Han smilte og gjorde meg merksam på kva oppdaging han hadde gjort. Eg hadde faktisk sjølv lagt merke til likskapen, men om det var for å teste djupna i det ibuande yndet hans, eller om det var for å utfordre fåfengda hans, så lo eg i alle fall, og svarte at han innbilte seg ting. Han raudna og løfta foten igjen for å vise meg likskapen, men forsøket misluktest, som ein hadde kunne føreseie. Han løfta forvirra foten ein tredje og fjerde gong, ja, han løfta han kan hende ti gonger til, men til inga nytte. Han var ute av stand til å gjere den same rørsla – kva kan eg seie? Rørslene hans var med eitt så komiske at eg måtte ta meg saman meg for å halde på låtten.

Frå denne dagen, så og seie frå denne augneblinken, byrja ei uforklarleg forvandling av dette unge mennesket. Han kunne stå framfor spegelen heile dagen; og han mista stadig meir av den naturlege utstrålinga si. Ei usynleg og uforklarleg makt, som eit nett av jerntrådar, byrja å omslutte dei spontane, leikne faktene hans, og då det hadde gått eit år, var det ikkje spor att av sjarm å finne i han, han som folk rundt han hadde sett slik pris på. Framleis finst det nokon som var vitne til denne merkelege og triste hendinga, og som ord for ord kan stadfeste det eg no har fortald.

På dette tidspunktet sa herr C…: No skal eg fortelje deg ei anna historie, og du kjem til å skjøne at ho passar inn her.

På ei reise til Russland vitja eg godset til herr von G…, ein adelsmann frå Livland. Sønene hans var på den tida særs opptekne av fekting, og særleg den eldste, som nettopp var komen heim frå universitetet, såg på seg sjølv som ein virtuos, og ein morgon eg var på rommet hans, rekte han meg ein kårde. Vi byrja å fekte. Det viste seg at eg var mykje betre enn han. Kjenslene tok overhand og gjorde han forvirra. Eg trefte med nesten kvart einaste støyt og til slutt slo eg floretten ut av handa hans. Idet han plukka opp floretten sa han halvvegs spøkefull, halvvegs såra, at han hadde funne sin meister, og sidan alt og alle har ein meister, ville han straks føre meg til min. Brørne lo høgt og ropte: Kom! Skund deg! Og dermed tok dei meg i handa, og førte meg til ei inngjerding med ein bjørn, som far deira, herr von G…., hadde dressert og trena opp.

Forbløffa gjekk eg framfor bjørnen som stilte seg på bakbeina med ryggen mot pålen han var lenka til, høgre pote løfta til slag – det var fekteposituren hans. Han såg meg inn i augene. Eg visste ikkje lenger om eg drøymde, stilt overfor ein slik motstandar. Støyt! Støyt då! sa herr von G…, prøv om du kan treffe han! Etter å ha summa meg, støytte eg floretten mot han. Bjørnen gjorde ei nokså lita rørsle med poten og parerte støtet. Eg prøvde å finte han ut, men bjørnen rørde seg ikkje. Eg gjorde eit lynraskt utfall, hadde det vore brystet til eit menneske ville eg aldri ha bomma. Men bjørnen gjorde ei snar rørsle med poten og parerte utfallet. No var eg nesten i same situasjon som unge herr von G… hadde vore i. Sinnsroa til bjørnen fekk meg ut av fatning. Eg veksla mellom støyt og finter, og sveitten rann, men til inga nytte! Ikkje berre parerte bjørnen alle mine utfall, som den beste fektaren i verda, men som ingen annan fektar i verda ville makte, let han seg ikkje affisere av ei einaste finte. Auge mot auge, som om han kunne lese sjela mi, sto han der med poten løfta til slag, og når mine utfall ikkje var meint alvorleg, rørde han seg ikkje.

Trur du på denne historia?

Absolutt! ropte eg entusiastisk. Ho er så truverdig at eg ville ha trudd sjølv ein framand, og endå meir trur eg på deg!

No, min gode venn, sa herr C…, har du det som trengst for å forstå meg. Vi ser at når tankeverksemda blir mørkare og svakare i den organiske verda, blir gratien meir strålande og framherskande. – Og på same måten som når to linjer kryssar kvarandre og blir forlenga i det uendelege frå skjeringspunktet, brått dukkar opp igjen på andre sida, eller etter at biletet i ein konkav spegel som har gått inn i det uendelege, plutseleg viser seg for oss igjen, slik innfinn også gratien seg på nytt, når medvitet liksom har vandra gjennom ei æve; slik at gratien på same tid opptrer klarast i den kroppen som anten ikkje har noko medvit i det heile, eller eit uendeleg eit; d.v.s., i ei ledd-dokke eller i ein gud.

Altså, sa eg tankefullt, må vi igjen ete av kunnskapstreet for å få attende uskulda vår?

Nettopp, svarte han; det er det siste kapittelet i verdssoga.

Opplysningar:

«Über das Marionettentheater» ble først trykt i fire delar i Berliner Abendblätter 12.-15. desember 1810. Tekstgrunnlaget for omsetjinga er Klaus Müller-Salget (Hrsg.): Heinrich von Kleist. Sämtliche Erzählungen. Frankfurt a. M.: Deutscher Klassiker Verlag (DKV) 2005, s. 555-563.

Vestris: Namn på fleire kjende dansarar, det kan være snakk om Marie-Jean-Augustin Vestris-Allard (1760-1842), solodansar på den store operaen i Paris, som innførde piruetten på scena, eller far hans, Gaetano Apollino Baldassare Vestris (1729-1808) som var kjend som ein «gud» når han dansa.

Vis motrix: Den bevegande krafta. Apollon forfølgde Daphne av kjærleik, og ho vart av mor si Gaea (jorda) forvandla til eit laurbærtre.

Ronde: fransk runddans.

Najade: Kjeldenymfe i gresk mytologi.

Bernini: billedhuggeren og arktitekten Gian Lorenzo Bernini.

Ungguten som trekk ein torne ut av fotbladet: Ein sannsynlegvis antikk bronseskulptur av ein sitjande unggut som trekk ein torne ut av venstre fotblad.

Omsett frå tysk av Elida Brenna Linge og Espen Ingebrigtsen. Espen Ingebrigtsen (f. 1981) er germanist. Bur i Bergen. Elida Brenna Linge (f. 1982) er masterstudent ved KHiB. Bur i Bergen.

Facebook

Twitter