Nye netteksklusive tekster hver uke. Tegn abonnement og få fire papirutgaver i året

Neste år i Bergen Kunsthall?

NOTIS. Joar Nango er neste års Festspillkunstner. Han er ikkje kjend for å halde seg innanfor rammene.

Norsk-samiske Joar Nango, som arbeider i grenselandet mellom arkitektur og kunst, har stilt ut i ein rekke prestisjefulle samanhengar, der Documenta14 i Athen og Kassel i 2017 må nemnast som den fremste.

Likevel, og muligens til fortviling for Nango sjølv, hugsar vi han best frå kontroversen rundt den såkalla «møkkaspreder-kunsten» i bygda Kvam. Saman med dei to andre kunstnarane i Fellesskapsprosjektet å Fortette Byen hissa Nango på seg gudbrandsdølane ved å presentere ein stokk, ein stein og ein møkkaspreiar som eit kunstverk, attpåtil offentleg finansiert.

I pressemeldinga frå Festspillene i Bergen vert denne delen av Nango sin praksis skildra som «stedsspesifikke installasjoner». Det gjenstår å sjå kva dette vil innebere for vestlandshovudstaden sin del. Det gjenstår også å sjå om Nango, som vanlegvis held seg «utenfor det tradisjonelle gallerirommet», denne gongen kjem til å forhalde seg til «Bergen Kunsthalls klassiske hvite kuber», slik Festspillene lovar. I eit intervju på kunstkritikk.no seier Nango at det like gjerne kan hende at utstillinga blir på fjellet.

Neste vår i Bergen Kunsthall altså. Muligens.

Helene Hovden Hareide

Helene Hovden Hareide

Helene Hovden Hareide, f. 1989, er skribent, omsetjar og journalist for vagant.no