Nye netteksklusive tekster hver uke. Tegn abonnement og få fire papirtutgaver i året

Her i huset

ANMELDELSE. I Monica Isakstuens familieroman slår hissige kjensleutbrot over i angrande ømheit.

Den namnlause morsfiguren som fører ordet i Monica Isakstuens Rase har delt omsorg for ei dotter, slik også forteljaren Karen hadde i Isakstuens førre roman, Vær snill med dyrene (2016). I Rase føder mora i tillegg to tvillinggutar inn i den vesle familien ho har stifta med ein ny mann. Hovudpersonen strevar med å takle tilværet som små- og fleirbarnsmor, og med å forstå det ustyrlege sinnet som melder seg i samværet med dei ho elskar. Det riv og slit i både kroppen, kjenslene og tankane hennar – og i familiebanda, som må strekkast lengre enn ho kan tru er mogleg: «Hvem sa at kjærligheten utholder alt?»

Handlinga i Rase spelar seg ut over fleire år, og romanen gjer nokre byks fram og attende i tid. Forteljaren gir oss tilbakeblikk til tvillingfødselen, og til tida før fødselen, då livet kunne levast friare frå barnas invaderande behov. Mesteparten av romanen føregår i den hektiske, utmattande notida, der krava frå barna stiller seg i vegen for det meste. Sjølv om barna gjer krav på stor plass i tilværet, gir ikkje Isakstuen dei fullt så mykje plass i romanen. Her står tvert imot forteljaren sjølv i sentrum, med alt ho ber på av (sjølv)klander, tvil og tårer, og barna er først og fremst til stades som triggarar for mors raseri – og sjølvsagt, om rett skal vere rett, i små, klåre glimt også for den ømme kjærleiken hennar. Mannen i romanen er ganske enkelt om- og tiltala som «du». Han ruslar forholdsvis roleg inn og ut av tekstane i romanen, avdempar situasjonane, kjem med gode og velmeinte råd, balanserer raseriet hennar med rasjonalitet. Det er sympatisk nok, men utilstrekkeleg når det står på som verst.

Og i store delar av Rase står det på som verst: Romanen er bygd opp av ei lang rekkje korttekstar, og mange av dei teiknar opp situasjonar der begeret renn over eller ballongen sprekk:

Blodet dundrer ut i musklene, […] kroppen tenker ikke, kroppen bare er, hendene mener ikke, hendene bare gjør. Gjør, gjør, gjør. En liten kropp og en mye større kropp på gulvet. Men så er plutselig stemmen din i døråpningen bak oss, jøss, sier du, hva er det som skjer her da? Jeg aner ikke, peser jeg og slipper tak i den lille skikkelsen under meg, han nekter å rydde opp etter seg, han nekter alt, det er jo ingen i dette huset som hører på meg lenger, hva skal jeg gjøre, jeg vet ikke hva jeg skal gjøre.

Sinne og ukontrollerte handlingar blir utløyste av ungane og avløyste av angrande ømheit og ettertankar – eller etterrasjonaliseringar – frå forteljaren. Gode intensjonar blir fullstendig overrumpla av frustrasjon, og ideala strekk ikkje til i den kravstore kvardagen: Alt rasar saman i raseri.

Ein kunne ha tenkt at dynamikken mellom gode intensjonar og dårlege handlingar, og mellom ukontrollerte utbrot og angrande ømheit, ville gjere romanen monoton og føreseieleg. Men innanfor korttekstformatet har Isakstuen eit rikt nok register av uttrykksformer til å halde romanen i konstant rørsle. Ein del av tekstane er humoristiske, andre beint fram brutale, og nokre meir biletlege, poetiske og pussige. Tekstane samtalar dessutan med kvarandre, dei spør og svarar: «Er det sånn som dette du lærer å oppføre deg hos faren din?» lurer forteljaren i avsluttinga av ein tekst, og lesaren kan tenkje sitt. Den neste teksten lèt eit avvæpnande spørsmål stå heilt for seg sjølv på sida, og gir såleis eit sjølvkritisk svar på spørsmålet i teksten før: «Er det sånn som dette jeg vil være mor?»

Isakstuens prosa er konkret og kroppsleg, og det ladar såleis situasjonane med nærvær og intensitet. Det gir krut og kraft til Rase, og eit trykk som aukar for kvar ny kvardagssituasjon romanen teiknar opp: Ein les ikkje romanen for å finne ut kva som skjer, men ein les den med ei frykt for kva som kan skje, og med ei kjensle av at det når som helst kan bikke over.

Og strengt tatt bikkar det jo over støtt og stadig. Men det kan alltids bli verre. Om eit av barna spyr, kan du vere sikker på at det andre og det tredje snart er i gang:

Først i trappen, så i sengen, deretter ut over teppet i gangen. Men bare den første brekningen er en overraskelse, etterpå er det fram med bøtter og kluter og saft og håndsprit. Sette elendigheten i system.

Det vekslar mellom det kontrollerte og det kaotiske gjennom heile romanen. Forsøka på å setje «elendigheten i system» feilar ofte, særleg når viljestyrken til barna ikkje er halden i sjakk av sjukdom og spybøtter. Alle som har hatt ansvar for eit viljesterkt barn, med vilkårlege ynskjer, men heilt vilkårslause behov, veit at frasane fort byrjar å florere når ein forsøkjer å overtale barnet til å gjere som ein vil – eller når ein merkar at ein byrjar å miste kontroll og må forsøkje å hente seg inn att, halde systemet ved like og få styring på situasjonen. Rase inneheld mange kjente foreldrefraser, av typen «Hører du ikke at jeg snakker til deg.» «Her i huset smaker vi på alt.» «Gå opp på rommet ditt – NÅ.» Ein av frasane som dukkar opp her, har endåtil gitt tittel til eit intenst og ubehageleg skodespel, Se på meg når jeg snakker til deg, som Isakstuen gav ut på Pelikanen forlag våren 2018.

Desse frasane er ein del av den nærgåande, realistiske framstillinga av familiekvardagen, der frasane ofte blir brukt for å glatte over situasjonar og unngå strid. Men Isakstuen gjer også bruk av dei for å føre vidare ein refleksjon om språket, og om den mønsterdannande makta som ligg i det: «Nå må vi få opp farten og spise opp maten,» heiter det i ein tekst. «Nå må vi passe på at vi ikke blir gående rundt og kjefte på dem hele tiden,» står det i neste.

Spørsmålet om kva slags mønster språket kan danne for handlingane og åtferda vår, melder seg ikkje berre i møte med foreldrefrasane, men også i møte med perifrasane, altså omskrivingane, som det finst ein del av i romanen:

Man skal ikke si fy og man skal ikke si ikke. Det heter ikke oppdragelse, det heter veiledning. […] Det heter ikke barneoppdragelse, det heter adferdskontroll. Det heter ikke å bli sint på barnet, det heter psykiske overgrep.

Slike omskrivingar av gjengse ord til moderne, kliniske pedagogiske omgrep, gjorde Isakstuen også bruk av i Vær snill med dyrene, men i Rase er dei stilt opp i mot forteljaren sine eigne omskrivingar, som ho brukar til å underslå eller finskrive sine eigne handlingar: «Jeg knuste ikke fingrene hans i døren heller, de er like hele. Hovne, men hele,» skriv ho, etter eit uhell som er utløyst av sinnet hennar. Sjølvkritikken er både meir nådelaus og meir nyansert i Rase.

Mykje av intensiteten i romanen oppstår enkelt og greitt gjennom det tabutrassande ved Isakstuens metode og prosjekt: Når ho skriv om raseri retta mot truskuldige barn, tek ho i forbausande stor grad den vaksne sitt perspektiv og står ganske fjernt frå den sedvanlege varmen vi er vande til å møte i barne- og barndomsskildringar. Det finst sjølvsagt både kjærleik og ømheit her, men den er ikkje utmålt for å balansere klanderet og sinnet.

I Rase er ikkje barna til å ete opp. Snarare er det forteljaren som, under graviditeten, kjenner at tvillingane et henne opp innanfrå. Når dei kjem ut, forsyner dei seg grådig av henne, og gjennom romanen set ho jamleg ord på sorga over å miste sitt gamle sjølv – over å ikkje lenger berre vere sin eigen person, men også nokon andre sin omsorgsperson. Kven denne personen er eller har vore, kjem ikkje fram i detalj, men blir framstilt gjennom dryp og brotstykke frå det tidlegare livet hennar og frå samlivet med mannen. I romanens akutte notid er ho nær på umogleg å skilje frå vonløysa ho står i.

Frykta for å miste seg sjølv gjer at ho ser forfallstendensar overalt, både inni og utanpå seg sjølv, og overalt i omgivnadane rundt henne. Særleg synleg er forfallet i det gamle huset som familien flyttar inn i. Dette gamle huset er verneverdig, men for forteljaren er det viktigare å kome seg gjennom kvardagen, enn å halde fasaden. Du-et i romanen er meir opptatt av å ta vare på huset, og han har større ro i arbeidet med å gjere det. Han er praktisk, nevenyttig og svært rasjonell: Han har grøne fingrar, men er tidvis ein grønskolling når det kjem til å forstå kjenslenes språk og makt. «Jeg er så redd for hendene mine,» gjentek forteljaren fleire gongar, i frykt for at ho skal gjere noko ukontrollert – utan vilje, men med øydeleggjande kraft. Mannen har på si side pålitelege og trygge hender: Dei grev og harvar og plantar og vatnar og lukar og haustar, dei skapar og reparerer, held henne oppe og gir henne tryggleik. Likevel er det eit gap mellom måtane dei forstår og står i situasjonane på, og først når mannen éin gong mistar alle hemningar og rasar han òg, kjenner ho seg verkeleg nær han.

Huset blir første gong introdusert i romanen gjennom ei samanlikning med morskapet:

Forestill deg morskapet som et hus. Hvor stort er det, hvor lyst eller mørkt, finnes det mange vinduer der eller få, og hva slags farge har rommene? […] Er rommene kalde eller varme? Hva slags stemning oppfatter du når du kommer inn i entreen? Føler du deg trygg? Og kanskje viktigst: Hvis du ikke trives, finnes det endringsmuligheter der?

I neste tekst dreier det seg brått om det faktiske huset, som har «overlevd første og andre verdenskrig. Fire familier og hardt vær». Huset er åstad for raseriet hennar, for sinnet, sorga og uroa, men også for undersøkingar av seksualiteten og samlivets kår i småbarnsforeldrefasen. Huset rommar ei stri fortid og ei open framtid, og blir snart den viktigaste eksistensielle plattforma i romanen: Det kanaliserer den emosjonelle krafta i tekstane, gir feste til situasjonane og skapar eit rom for dei mange inn- og utfalla i romanen.

Eg klarer likevel ikkje fri meg frå opplevinga av at dette huset ikkje heilt blir brukt til det beste i boka. Om huset hadde fått større innverknad på romanstrukturen, kunne raset av korttekstar samla seg til noko meir enn ei intens og engasjerande leseoppleving – kanskje til ein verkeleg heilstøypt og varig roman. Den litt utydelege komposisjonen, der det er sinnet, og uroa over kva slags «senvirkninger, senskader» dette sinnet kan få, som dreg trådande vidare frå tekst til tekst, gjer romanen mindre verknadsfull å lese andre gong. Då kjem ikkje lenger den sjokkerande krafta i korttekstane fullt så overrumplande på. Stundom er det vanskeleg å sjå kva som styrer utviklinga i Rase, kva som gir retning til pendlinga mellom sinneutbrot og ettertankar, og kva som samlar tekstane utover innhald og tematikk. Her står det gamle huset fram, allereie innreia og tatt i bruk, men berre halvvegs utnytta som ein byggjestein i romanen.

Rase endar i ei påminning om at barna blir sjølvstendige menneske, at dei ein dag kjem til å frigjere seg, og såleis at foreldra, om ein kan formulere det slik, også skal bli frie. I denne påminninga, som på eit nivå trøyster, men på eit anna nivå sjølvsagt skremmer endå meir, ligg også ei påminning om kjærleiken som ligg under det heile, kjærleiken som faktisk kan strekke seg langt, gripe og halde seg fast gjennom alt som rasar og framleis gi ei kraft som er større enn alt: «Du hadde oppkast nedover lårene, du løftet en og en madrass ned i stua, et og et barn,» står det vidare i teksten der barna har byrja å spy utover golva. Foreldra samarbeider, nærast på instinkt, som sjeldan før, og tek verkeleg hand om dei sjuke barna: «Så lå de der, tre bleke kronblader inn mot den lysende gule bøtta i midten. Vi kunne klart fem til, sa jeg.»

Avatar

Eivind Myklebust