Nye netteksklusive tekster hver uke. Tegn abonnement og få fire papirutgaver i året

Hallo igjen Odda!

NOTIS. Vestlandshausten er her. I Odda leitar Frode Grytten fram badebuksa til årets litteratursymposium.

Ein veit stort sett kva ein får, dersom ein tek turen til den vesle industribygda Odda i haustferieveka, når det årlege Litteratursymposiet går av stabelen. Tradisjonen tru blir det både Bikubegong og Bikubesalong, fabrikkdikt på Smelteverket, Hallo Odda!-talkshow med Marit Eikemo og diktframføring med Frode Grytten, i badebukse av typen speedo, på innsida av ein oppblåsbar ball i Odda Folkebad. Dersom du er mellom dei som enno ikkje har fått med deg desse vestlandske litterære ritene er det ingenting å lure på: Set deg på næraste buss, sykkel eller snøggbåt! 

For deg som allereie er Odda-veteran byr årets festival også på nokre nyvinningar. Ein får mellom anna høve til å treffe Lars Ove Seljestad og Anders Totland i rolla som (mytologisk?) ferjemann på strekninga Utne-Kinsarvik, samt høyre forfattarar som Dag Solstad, Agnes Ravatn og Pedro Carmona-Alvarez snakke om dei nye bøkene sine. Eit anna programinnslag som er verdt å merke seg er oppsetjinga av Solaris korrigert, med Ane Dahl Torp i hovudrolla. Så vidt vi veit er dette fyrste gong den kritikarroste dramatiseringa frå 2015 kan opplevast på Vestlandet, og forfattaren av diktet den er basert på, Øyvind Rimbereid, vil vere til stades for å samtale om verket med Vagant-redaktør Ida Lødemel Tvedt.

Når og kvar: 9.–13. oktober, Odda

Avatar

Helene Hovden Hareide