Forfatterstudiet i Tromsø blir treårig

Anne Oterholm
Foto: Jorunn G. Solli

INTERVJU. Frå neste år tilbyr Forfatterstudiet i Tromsø som dei fyrste i Norden tre år i skapande skriving. Leiar Anne Oterholm forklarer kvifor.

Anne Oterholm leier undervisninga ved Forfatterstudiet i Tromsø. Ho kjenner seg ikkje igjen i kritikken Morten Langeland og Cecilie Løveid retta mot norske skriveskular. Foto: Jorunn G. Solli

[dropcap]D[/dropcap]et er endringar på gang ved Forfatterstudiet i Tromsø. Leiaren for studiet, Anne Oterholm, og skrivelærar Morten Wintervold har saman revidert undervisningsopplegget. Dei to årsstudia som Forfatterstudiet har tilbydt frå før har fått justeringar, og eit tredje årsstudium har blitt innført. Dette startar opp hausten 2020, og er del av ei prøveordning, som skal evaluerast.

– Vi ønskjer å gje studentane høve til å fordjupe seg i eit større litterært prosjekt, over ei lengre tidsperiode enn dei kan i dag, fortel Oterholm. 

– Vi vil også invitere til djupare refleksjon rundt skriving og skrivepraksis. Å utvikle ein poetikk som skrivande blir ein sentral del av dette tredje årsstudiet.

I eit intervju med Vagant tidligare i haust peikte tidlegare skrivelærar Cecilie Løveid, og Morten Langeland, nylig tilsett ved Skrivekunstakademiet, på nokre sider ved norske skriveutdanningar som dei meinte var uheldige. Løveid sa mellom anna at skulane mangla visjonar og nytenking, men også ressursar til å gjennomføre undervisninga

Oterholm kjenner seg ikkje heilt igjen i desse perspektiva.

– Eg meiner at skriveskulane vi har i Noreg er relevante og nødvendige. Eg har stor respekt for dei som har vore med på å bygge opp desse tilboda frå bar bakke, seier Oterholm, som meiner det har skjedd ei «voldsom profesjonalisering» av skriveskulane gjennom dei åra dei har eksistert. 

Oterholm deler derimot bekymringa rundt dei manglande økonomiske ressursane. Sjølv har ho berre ei 50 prosent stilling som leiar av Forfatterstudiet, medan Morten Winterwold si stilling er på 25 prosent. I samband med utvidinga til eit tredje år vil dette auke litt, men framleis arbeider ingen av dei fulltid ved skulen.

– Eg er einig med Løveid i at vi er svært billige i drift. Ein får mykje for pengane! seier Oterholm med eit smil.

– Men trur ikkje at grunnen er at ein har slått seg til ro med lite ressursar, verken her eller ved Skrivekunstakademiet. Dette er ein pågåande kamp, som også må bli forstått i historisk kontekst. Det har ikkje vore tradisjon for å ha skrivekunstutdanningar i Noreg, slik det til dømes har vore i USA, og det trur eg påverkar viljen som finst til å finansiere dei. 

I intervjuet med Vagant trekte både Cecilie Løveid og Morten Langeland fram ein tendens til at studentar ved skriveutdanningane blir handsama meir varsamt enn før, av både lærarar og medstudentar – noko som i verste fall kunne gå ut over dei gode diskusjonane i klasserommet.

Dette er ei framstilling som Oterholm er ueinig i.

– Det er ingen, verken av lærarar eller studentar, som er varsame. Det er ingen vits i å vere grei! Studentane blir heller ikkje fornøgde viss dei ikkje får motstand. Mitt inntrykk er heller at studentane er tøffe, at dei tåler mykje, og at dei ønskjer å tåle mykje. 

Oterholm kan vere med på at det kanskje har blitt mindre rom for grunnlaus kritikk enn det var tidlegare. Men det meiner ho i så fall er av det gode.

– Det er ingen vits i å få studentar til å grine. Poenget er at ein skal få motivasjon til å gå heim etterpå og fikse dei problema som har blitt påpeikte. 

Foto: Jorunn G. Solli

Utviklinga av ny studieplan ved Forfatterstudiet i Tromsø har også ført til endringar i korleis fyrste og andre årsstudium er lagt opp. Til dømes er ein av dei åtte samlingane på fyrste året no via til sjangeroverskridande litteratur. Den fyrste av desse samlingane er allereie gjennomført, og Oterholm skildrar den som ein suksess:

– Studentane syntest fyrst at det var utfordrande, men tekstane som kom ut av det, og diskusjonane vi hadde med utgangspunkt i dei, var svært givande, fortel ho. 

Likevel ønskjer ho seg ikkje, som Morten Langeland, vekk frå sjangerfokuset i undervisninga. 

– Å sjå korleis dikt, for å ta eit døme, har blitt bygd opp, å gå historisk til verks når det passar, det synest eg er heilt kult. Men vi har ingen reglar for korleis ei diktinnlevering skal vere på førehand, og under gjennomgangen forheld vi oss til dei tekstane studentane har skrive. At vi samtidig kan diskutere dei opp imot ein sjangerkonvensjon når det er fruktbart, meiner eg er uproblematisk. 

Ein annan karakteristikk som Oterholm ikkje kjenner seg heilt igjen i, er mangelen på mangfald i studentmassen. 

– Det er eit stort aldersspenn mellom studentane som kjem inn på studiet i Tromsø. Vi har studentar i alle aldrar, i alle fall mellom 20 og 60, og frå ulike bakgrunnar. Vi har studentar med mastergrader, og vi har studentar utan utdanning etter vidaregåande skule i det heile. Mange av studentane har også yrkeserfaring.

Oterholm trur at dette er ein mulig skilnad mellom Tromsø og forfattarstudia i Bergen og i Bø, som kjem av at det samlingsbaserte opplegget i Tromsø gjer det tilgjengeleg for grupper som elles ikkje har høve til å delta. 

– Samtidig skaper Bergen og Bø eit anna rom, som det også er bruk for, seier Oterholm, og legg til:

– Undervisninga ved skriveskulane er viktige i det norske utdanningstilbodet. Men det er nødvendig at ein held fram med å utvikle seg, og gjer medvitne val om å legge opp undervisninga på sin eigen måte. og er medviten om korleis undervisninga er lagt opp, og kvifor. 

Europa

Vagant er et skandinavisk tidsskrift for kritikk og essayistikk. Tidsskriftet har litteratur som utgangspunkt, tar for seg alle kunstarter og rommer også idédebatt og kulturjournalistikk.

Redaksjonen utgir fire numre i året, i tillegg til ukentlige oppdateringer av nettsiden. Første nummer utkom i 1988. Siden 2017 utgir redaksjonen tidsskriftet på egen hånd. Vi oppfordrer alle lesere til å tegne abonnement på papirutgaven.

Vagant redigeres etter Redaktørplakaten, og er medlem i Eurozine og Norsk tidsskriftforening.