«Lenge var eg imot prinsipp, av prinsipp»

Eli Fossdal Vaage
Eli Fossdal Vaage er journalist og forfattar, og arbeider til dagleg som sekretær ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Foto: Thor Brødreskift

BJØRGVINERS. I år ga poeten Eli Fossdal Vaage ut si andre diktbok, Estalåni. Vi snakka med henne om dei positive sidene ved bilar og dårlege bøker.

Eli Fossdal Vaage
Eli Fossdal Vaage er journalist og forfattar, og arbeider til dagleg som kontorfullmektig ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Foto: Thor Brødreskift

Eli Fossdal Vaage, kva ønskjer du deg til jul?

– Alt mulig! Eg synes ei høgtid som handlar om å gje og få er flott, og mislikar alltid når folk skal dra presangane ned i søla. Her blir mange provoserte, men eg kan ingenting for det, eg elskar å få pakker, og likar godt å gje dei òg. Om det skal bli stress og press og styr får folk ta ansvar for sjølv, det er ikkje jula sin feil.

Kva er den dårlegaste boka du har lese?

– Ei venninne sa ein gong til meg at eg har evna til å problematisere alt. Dessutan har eg i lengre tid vore ein utprega konfliktsky type, og kåringar er eg dårleg på, uavhengig om det er best eller verst. Altså kunne vonde tunger lett ha det til at dette er eit ufyseleg politisk korrekt svar, men pytt: Verken «bra» eller «dårleg» rommar vel eigentleg noko særleg. Det interessante er jo kva som skjer i ein tekst, og når ein seier «det var dårleg», lukkar det ofte for den vidare samtalen. Det vert ein avslutta dom. Når det er sagt, er «dårleg» kanskje vel så interessant som «bra», særleg om ein med «dårleg» meiner noko som vekkjer negative kjensler eller tankar hos lesaren. Kva slags sinne i meg er det denne boka maktar å utløyse? Kvifor kjenner eg meg så fanga når eg les den boka? Som forfattar kan det vere vondt å lese noko verkeleg godt òg, akkurat som det kan vere irriterande å lese noko verkeleg dårleg. Og iblant kan det hende at verkeleg dårlege bøker er nett det ein treng i ein gitt situasjon, for eksempel dersom ein midlertidig er eit skikkeleg dårleg menneske. Det korte svaret på alt dette kunne òg vore at eg faktisk ikkje veit kva som er den dårlegaste boka eg har lese, men viss eg kjem på det, lovar eg å ringe Vagant.

Kva for politisk sak engasjerer deg mest akkurat no?

– Igjen: Eg er dårleg på kåringar. Heilt overordna er eg lei symbolpolitikk, noko som verkar å vere den einaste rådande politikken for tida. Me reddar faktisk ikkje planeten med bysyklar, sjølv om bysyklar er kjekke og bra for alle involverte, inkludert miljøet. Å skyve ansvaret over på oss forbrukarar og vanlege borgarar er heller ikkje min favorittpolitikk, det gjeld alle felt av politikken. Elles er det jo ikkje vanskeleg å komme på irriterande ting i det politiske landskapet. Kristeleg Folkeparti, til dømes, irriterer meg grenselaust; blant anna fordi dei gong på gong får lov til å diktere norsk politikk, lokalt og nasjonalt – trass i at dei er så små at medlemmene kunne fått plass på eit knappenålshovud. Her er det kanskje best å stoppe medan leiken er god, elles kjem eg berre til å raljere i veg over KrF og det som verre er. Heilt kort kan eg likevel seie at av dei nærast tallause tinga som skremmer eller opprører meg om dagen – og det inkluderer å måtte ta farvel med trivselsfylket Sogn og Fjordane og Hordaland til fordel for eit namn som ikkje bør nemnast i utide –, er lågmålet manglande omsorg og respekt for folk som har lite, samt det å bevisst spreie frykt for visse grupper til inntekt for eigen politikk.

Kva er det vanskelegaste for deg å ofre for klimaet?

– Bil. Og fly. Men mest bil. Bilen er fridom, og det er for så vidt fly òg, køyre i veg, bort frå alt, i ei herleg maskin som kan frakte meg vekk.

Kva er ditt viktigaste kvardagsprinsipp?

– Usikker. Lenge var eg imot prinsipp, av prinsipp: Eg hugsar at ein kompis og eg saman kom fram til at det einaste rådande prinsippet måtte vera at alt skulle takast opp til individuell vurdering. No har eg jo vokse og modnast, så for å faktisk svare på spørsmålet, blir det noko slikt: Å vera snill, ta vare på menneske og dyr omkring meg. Og meg sjølv, som best eg kan.

Korleis har lommeboka di det?

– Eg kjøpte meg faktisk nettopp ny lommebok, for første gong på mange år. Den er kjempefin, og håpet er at den skal hjelpe meg å bli meir økonomisk og betre organisert. Det heng saman med ein episode av The Oprah Show eg såg heime hos ei venninne med parabol ein gong på nittitalet, der Oprah hamra laus på ein fattig stakkar med fillete, rotete lommebok. Oprah sine folk hadde blant anna filma inni bilen til den heldige utvalde mannen som skulle få gjesta showet, og der låg skitne, klissete myntar strødd utover seter og dashbord saman med matrestar og rusk. – Respect your money! ropte Oprah til mannen der i studio, saman med  ein pengeekspert som skulle få både mannens og sjåarane sine pengar til å veksa. Han sa: – If you dont respect your money, your money won’t respect you. Dei orda sveiv meg då eg kjøpte den fine nye lommeboka mi, men det faktiske resultatet gjenstår å sjå. Eg gler meg.

Bjørgviners er ei fast intervjuspalte der fem spørsmål blir stilt til aktuelle vestlandsforfattarar

Europa

Vagant er et skandinavisk tidsskrift for kritikk og essayistikk. Tidsskriftet har litteratur som utgangspunkt, tar for seg alle kunstarter og rommer også idédebatt og kulturjournalistikk.

Redaksjonen utgir fire numre i året, i tillegg til ukentlige oppdateringer av nettsiden. Første nummer utkom i 1988. Siden 2017 utgir redaksjonen tidsskriftet på egen hånd. Vi oppfordrer alle lesere til å tegne abonnement på papirutgaven.

Vagant redigeres etter Redaktørplakaten, og er medlem i Eurozine og Norsk tidsskriftforening.