Nye netteksklusive tekster hver uke. Tegn abonnement og få fire papirutgaver i året

Au revoir, Marcel

NOTIS. Kva gjer du etter å ha tatt doktorgraden på Proust sitt 4200 sider lange hovedverk? Jau, startar ein bokklubb for korte romanar.

Denne hausten har det kome eit friskt tilskot til Bergen sine lesesirklar. «Dei korte romanars bokklubb» er namnet på nykomaren, som er starta opp av Ingrid Nestås Mathisen og Synne Ytre-Arne for Bergen Offentlige Bibliotek. Dei har begge nyleg disputert for doktorgraden, sistnemnte med ei avhandling om romanen som Guinness rekordbok har kåra til verdas lengste: Marcel Prousts På sporet av den tapte tid.

Naturleg nok var det ein heilt annan franskmann, eller rettare sagt: franskkvinne, som sto på programmet då bokklubben hadde sitt fyrste møte tidlegare denne månaden. Bonjour tristesse av Françoise Sagan var den fyrste utvalgte av potensielle bøker som fell innanfor klubben sitt sentrale kriterium: maks 150 sider. Ein bokklubb for vår tid, altså. 

Neste bok ut er Aldri la dem kle deg forsvarsløst naken av Tove Nilsen. Bokklubb-sjefane Mathisen og Ytre-Arne lokkar med både abortdebatt og mensen-matte for dei som møter opp i noterommet på Bergen Offentlige Bibliotek onsdag 6. november kl 18.

Helene Hovden Hareide

Helene Hovden Hareide

Helene Hovden Hareide, f. 1989, er skribent, omsetjar og journalist for vagant.no